19
Nov
08

officium: Onsdag, vike 1, Sakarja 10 (matutin)

”Frå henne skal hjørnestein og teltplugg koma” (v. 4)

Sakarja talar om oppreisingstidene som Gud skal la kome for Juda-ætta; ja, for heile Israel. Av Juda ætt skulle kongen kome, det er den messianske ætta, styringa av Guds-folket er forankra i denne ætta; Israels hus kan berre byggjast på denne hjørnesteinen, Israels telt berre festast til denne teltpluggen.

I kyrkja er det Jesus Messias (Kristus) av Juda ætt, som står for styre – ved sin Ande, ved sitt Ord, ved dei han har innsett som hyrdingar og lærarar. Men djupast sett, er heile verda underlagt Kristus og utan kyrkja vil også grunnleggjande verdiar ta til å vakle; for kyrkja er ”sannings støtte og grunnvoll” seier den hl Paulus (1 Tim 3,15). Gud har lagt sine lover ned i alt som er godt og prisverdig i kulturane, men der den kristne trua blir borte, vil ofte dette bli mindre tydeleg.

Kyrkja skal ikkje dominere verda, ho må gje plass til fridomen. Men ho skal vere salt og ljos, grunnfjell og feste.

Reklame

13 Svar to “officium: Onsdag, vike 1, Sakarja 10 (matutin)”


  1. 1 Herman
    november 19, 2008 ved 7:20 pm

    Joel er vel det eneste stedet der det i Bibelen står konkret: «Smi plogskjærene om til sverd og vingårdsknivene om til spyd! Sveklingen skal si: Jeg er en helt!» (Kap. 3 v. 15).

    Alle andre steder jeg kan huske at man refererer til plogen og sverdet er det sverdet som skal bli til plog – ikke omvendt! (Jada, Karl Marx og Lenin brukte både sverdet og plogen, men de suget det vel ikke helt av sitt eget bryst?)…

    Men Joel 10? Det kapitlet står ikke i Bibelen.no?

    Hilsen Herman

  2. november 19, 2008 ved 7:33 pm

    Oj, takk for at bloggen har obs-e lesarar! Takk til Herman som såg glippen med Joel – det skal sjølsagt vere Sakarja! Blir litt blogg-blind av og til, sorry! Feilen er retta!

  3. 3 Kristin
    november 19, 2008 ved 9:07 pm

    «Kyrkja skal ikkje dominere verda, ho må gje plass til fridomen. Men ho skal vere salt og ljos, grunnfjell og feste.»
    Jeg leste disse ordene nettopp etter å ha lest en tale Barack Obama holdt i 2006 — om religion og demokrati, eller rettere: om de troendes plass og forpliktelser i pluralistiske, demokratiske samfunn. Og fr. Arnfinns ord oppsummerer på en måte hans tale. Dessverre er det mange katolikker i USA som er skuffet over Obamas valgseier, spesielt på grunn av hans standpunkt for selvbestemt abort. Skepsisen deles vel av Vatikanet. Men les hva mannen skriver; dette er noe av det klokeste jeg har lest på lenge om de utfordringene de moderne samfunn står ovenfor. Det er dessuten en anerkjennelse av troens betydning som progressive Obama-fans både i USA og Europa kanskje vil overraskes over. Det inngir håp at USAs neste president heter Barack Obama:

    http://www.barackobama.com/2006/06/28/call_to_renewal_keynote_address.php

    Hilsen Kristin

  4. 4 w
    november 19, 2008 ved 11:39 pm

    Tusen takk til Kristin for den lenkja!
    Kven kan setja om denne talen til nynorsk tru, slik at me kan trykkja han, deler av han, i kyrkjebladet vårt?

    Har nokon sett han trykt i noka norsk avis eller blad?

    Fr Arnfinn,
    Nokon her har begynt å snakka om tradisjonane med å tenna ljos, i kyrkje og heim…. Og så oppdagar me at me ikkje veit… berre trur me veit, eller ikkje det eingong…
    Kan du seia noko om følgjande:
    Når me tenner ljos i ljosgloben (Dnk) er det ei bønehandling. Då ber me ei konkret bøn. (+Symbol på å henta ljoset frå Kristus.)
    Men er det eigentleg ei bønehandling når me tenner adventsljosa i adventskrans/-stake? Kva er det elles?
    Når me tenner ljos på allehelgensdag, då er det til minne om ein død person. Når me tenner ljos på gravene på kyrkjegarden i jula, er det til minne om personen, eller er det ei bønehandling? Er det skilnad på katolikkar og protestantar her?
    Når de katolikkar tenner ljos framføre (side)altera i kyrkjene dykkar, kva er det for ei handling? Det er vel ei konkret bøn knytt til denne handlinga, men kva slags bøn er det?
    Korleis tolkar du Tenn lys! – songen til Eyvind Skeie, som han nå også har sett om til nynorsk? Ligg der ei bøn i «tenn lys»?

  5. november 21, 2008 ved 11:49 am

    Til Kristin

    Takk for interessant link! Obama innser nok at «storsamfunnet» ikkje kan presse alle inn i ei retning. Men det blir spennande å sjå om han vågar å eksponere trus-haldningar for sin eigen del og forsvare religionens plass som ein seriøs faktor i det offentlege rommet.

    Til W

    I den katolske kyrkja er ljosa «votiv-ljos»; altså ei offergåve (jfr. Maria og Josef som bar fram duer/dueungar då Jesus-barnet vart franstelt i templet). Dette uttrykkjer at bøna er ei verkeleg konkret akt, ein verkeleg apell til Gud. Ljoset synlegjer bøna, også. Ofte vert ljosa tende ved altaret for-/biletet av ein helgen – som vi trur gåt i forbøn for oss.

    Skikken med å ha «lystenningg» som ein del av den felles kyrjkebøna (forbøna) trur eg ikkje du finn på katolsk hald. Det blir eit litt for sterkt innslag av det private i den felles bøna.

    I-og for seg fint at ein innfører ljostenning i DNK – men det er kanskej ein praksis som mangalr skikkeleg teologisk basis, og då blir det ei «greie».

    Adventsljosa er ingen eigentleg kyrkjeleg skikk, ingen liturgisk praksis; det er «helg og høgtid i heimen». I alle fall hard et ingen ting å gjere med ljostenning som bøn.

  6. november 21, 2008 ved 11:52 am

    Når katolikkar tenner ljos, td ved eit sidealtar, treng ein ikkje noko spesiell bøn; det er heilt personleg, det kan vere Fadervår, Ave Maria, og/eller dine eigne ord og tankar; det er ei heilt personleg bøn, ikkje ei liturgisk bøn. Kyrkjerommet er både for liturgisk bøn (messa, tidebønene, litani etc) og privat bøn..

  7. 7 w
    november 23, 2008 ved 12:59 am

    Fr Arnfinn, du er grei, takk for svar!

    Ja, det er det me oppdagar, at ljostenninga nokon gonger er «ei greie».

    Brukar de katolikkar «Tenn lys»?

  8. november 23, 2008 ved 4:30 pm

    «Tenn lys»?? Aldri høyrt om det… Kva er det?

  9. 9 Ingvild
    november 23, 2008 ved 8:57 pm

    «Tenn lys» er en adventssang man synger med barna ved tenning av adventskransen, ett nytt vers for hver uke. Å tenne adventslys er kanskje ikke en liturgisk skikk, men praktiseres som en bønn i mange kirker landet over – men ikke i den katolske??

    Tenn lys !
    Et lys skal brenne for denne lille jord.
    Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
    Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
    Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

    Tenn lys !
    To lys skal skinne for kjærlighet og tro,
    for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
    Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem.
    Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.

    Tenn lys!
    Tre lys skal flamme for alle som må slåss.
    For rettferd og for frihet. De trenger hjelp av oss.
    Må ingen miste motet før alle folk er ett.
    Tenn lys for dem som kjemper for frihet og for rett

    Tenn lys !
    Nå stråler alle de fire lys for ham
    som elsker alt som lever, hver løve og hvert lam.
    Tenn lys for himmelkongen som gjeterflokken så.
    Nå møtes jord og himmel i barnet lagt på strå.

  10. 10 w
    november 24, 2008 ved 1:05 am

    Her er nynorsk versjon, ny denne veka, frå Eyvind Skeie si eiga hand. Dei andre vanlege adventsongane er ikkje bøner.
    Men kva slags funksjon skal ljostenning ha i denne songen? Vender me oss til Gud eller til menneske her? Songen kan fungera i ulike samanhemgar, men eg er interessert i kva bodskap kyrkja vil leggja i denne teksten? Kven er det som skal kveika motet i dei som sørgjer? Er dette bøn, eller er det ikkje det?

    Tenn lys

    Tenn lys!
    Eit lys skal brenne
    for denne vesle jord,
    den blanke himmelstjerna
    der barn og blomar gror.
    Må alle dele vona
    at gode ting vil skje.
    Må jord og himmel møtast,
    eit lys er tent for det.

    Tenn lys!
    To lys skal skine
    for kjærleik og for tru,
    for dei som alltid elskar,
    for dei som byggjer bru.
    Må fangar verte frie
    og heimlause få ly.
    Tenn lys for dei som sørgjer,
    kveik deira mot på ny.

    Tenn lys!
    Tre lys skal flamme
    for alle som må slåst
    for rettferd og for fridom
    og saknar stø frå oss.
    Må ingen misse motet
    før fridomsklokka slår.
    Tenn lys for fred og rettferd
    på heile jorda vår!

    Tenn lys!
    No stråler alle
    dei fire lys for han
    som elskar alt som lever,
    kvar løve og kvart lam.
    Tenn lys for himmelkongen
    som kjem med ljos og fred.
    No møtest jord og himmel
    og englar jublar med.

    Omsetjing:
    Eyvind Skeie 2008

  11. november 24, 2008 ved 8:27 am

    Kva slags funksjon ein slik song er tenkt å ha i Den norske Kyrkja, må du neten spørje nokon der om. Det synes som ein slags pedagogisk song; men om det er ein bøn, vågar eg ikkje å seie noko om. For katolsk praksis er det å tenne ljos i kyrkja ein del av ei bønehandling, som sagt, ingen «barnetime for vaksne».

  12. november 24, 2008 ved 8:29 am

    Sjølsagt kan også katolikkar ha adventskransar – men det er ein ny skikk og noko anna enn den tradisjonelle praksisen med å tenne ljos ved eit altar.

  13. 13 w
    november 25, 2008 ved 5:09 pm

    Takk, takk! Dei prestane eg har spurt i Dnk, har ikkje svart. Eg prøver, ser du.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: