14
Nov
08

carpe diem: Halden, II

Halden her. Koseleg småby, om enn ikkje så liten som han ser ut til. Sett frå torget, er det litt Kardemommeby; politimeistar Bastian kan dukke opp når som helst. Gjekk meg ein kveldstur i går; stille og folketomt i gatene.

Til skilnad frå ein Torbjørn Egner-by ligg det her ei kyrkje på torget; katolsk, til og med! Strategisk plassert. Den lutherske kyrkja (DNK) ligg i kjøleg, klassisistisk stil på den andre sida av elva, rett under festninga. Den katolske kyrkjelyden vil halde kyrkja open, mest ; mogeleg, ”eit bønehus for alle folk”, midt i byen!

Prestegarden ligg tett inntil. Med utsyn over torget. Frå gjesterommet der eg no sit og arbeider, ser eg ut i byen. Triveleg. Det regna stridt då vi (sokneprest, p. Pawel, sr Anne Bente og eg) gjekk over tunet til kyrkja for å syngje Laudes i dag tidleg. No lettar det. Føremiddagen går med til førebuingar og skriving. Men vi får også tid til ein liten eksursjon i området.

Vi starta denne ”misjonen” i går kveld, med messe, føredrag og samtale. Deltakarane er både katolikkar og andre. Her er sakene godt førebudde! Det vil bere frukt!

Fint å vere emssær!

Reklame

3 Svar to “carpe diem: Halden, II”


  1. november 14, 2008 ved 11:58 am

    Er sikker på at the mission vil bære frukt, men har vanskelig for å se for meg deg som en emissær !

  2. 2 Blix
    november 14, 2008 ved 12:57 pm

    Emissær ?
    Hvorfor ikke ?

    Jeg kan på det varmeste anbefale evangeliseringsprosjektet til sr. Anne Bente og p. Haram. Jeg var igjennom det samme for et par år siden.

    Halden er forøvrig en meget koselig by.
    På min vante vei østover forbi Halden har jeg vært utenfor St. Peters kirke utallige ganger, men merkelig nok aldri vært inni kirken….

  3. 3 Herman
    november 14, 2008 ved 6:39 pm

    Emmisær kan man være, om man så med krone eller kutte går…

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: