14
Nov
08

officium: Fredag, vike 4, Dan 10 (matutin)

”Eg sa: ’Tal, herre! For du har styrkt meg’.” (v. 18)

Daniel fekk sjå Herrens engel i eit syn. Gud er i sine englar, og eit så direkte møte med det guddomlege, skakar mennesket i grunnvollane, både til kropp og sjel.

Engelen måtte få Daniel på føtene, oppmuntre og styrkje han. Då fyrst kunne Daniel ta imot oppdraget og bodskapen. Eit utslått og nedsløva menneske orkar ikkje å lytte til Guds tale. Gud må styrkje oss så vi med heile oss kan vere disponible for Guds kall.

Det nyttar ikkje å leve i ørska. Du må vite kva du vil. Du må stablast på beina, rydde opp i livet ditt. Gjere deg klar. Når du er parat, ser du vegen framfor deg.

Reklame

0 Svar to “officium: Fredag, vike 4, Dan 10 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: