05
Nov
08

officium: Onsdag, vike 3, 1 Makk 3 (matutin)

”Vi strir for vårt liv og våre lover” (v.21).

Eg trur at mange nordmenn ville seie det same om Noregs deltaking i Den andre verdskrigen. Dersom krig i det heile kan rettferdiggjerast, må det vere når ein må verje seg og sine livsideal. Merkeleg nok er det mange som reagerer dersom religion og tru er ein del av motivasjonen  for sjølvforsvaret. Kvifor skulle ikkje det som for mange er den viktigaste verdien – å kunne leve ut si tru – vere like viktig å forsvare som materielle verdiar? Det er noko heilt anna enn å aktivt utbreie sine verdiar med vald; det vere seg ”demokrati og rasjonalitet” eller Guds-tru.

Makkaberarane kjempa for si jødiske tru og livsform mot den hellenistiske imperialismen. Til sjuande og sist kan ikkje våpenmakt tryggje tru og verdiar. Modig vedkjenning, jamvel martyrium er det som tèl. Slik vart for makkaberaranne også, til slutt.

Reklame

2 Svar to “officium: Onsdag, vike 3, 1 Makk 3 (matutin)”


  1. 1 Ståle Wilhelmsen
    november 6, 2008 ved 7:57 pm

    Hva annet var Norges deltagelse i 2. verdenskrig, f. eks. D-dagen, enn «å aktivt utbreie sine verdiar med vald»? Mennesker ble drept for å forsvare den frie verdens livsform. Er det liksom greit når en staut sosialdemokrat som Nygaardsvold står bak, men automatisk suspekt når Bush er initiativtageren?

  2. november 6, 2008 ved 8:13 pm

    Her overtolkar du kraftig. Eg tek ikkje stilling til den eine elller andre krigen men viser til andre verdskrigen som eit døme på det mange ser som forsvar for verdiar. Mitt poeng at ein ofte ser bort frå at også tru og truspraksis inngår i desse verdiane.

    Eg syns nok likevel det er skilnad på invasjonen i Irak og Noregs krigsinnsats 1940-45. Som kjent har den katolske kyrkja heile tida, frå pave Johannes Paul II vore kritisk til Irak-krigen.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: