28
Sep
08

homiletica: Preike, St. Dominikus krk, 27.09.08.

26. SUNDAG. I ÅRET- 08; MATT 21,28-32

Brør og systre!
I evangeliet i dag talar Jesus inn i ein samanheng der han vil kalle det gamaltestamentlege gudsfolket, Israel, til ettertanke; han vil vekkje dei opp til å ta mot sin Messias. Leirarane i hans eige folk tok ikkje i mot han; medan mange av ”dei stille i landet”, mange av dei fattige, mange syndarar og mange sjuke trudde på han. Og etterkvart: Dei framande folkeslaga, heidningane, skulle kome til å opne seg for hans evangelium i store skarar..

Men det ligg også ein meir universell bodskap i Jesu ord i dag:

Han går i rette med alle dei som tar sitt forhold til Gud for gitt og tenkjer at det er nok dersom formalitetane er i orden. Det det gjeld om, er aktivt å vende seg til Gud og svare på hans kall!

Tida for reint ’nominell’ kristendom er over. Frå keisar Konstantins tid på 400-talet, då kristendomen vart statsreligion, blei det om å gjere alt alle var med i den ytre folden – for ein kvar pris.

Men trua er ikkje eit flokk-fenomen; ’trua er ikkje kvar manns sak’, seier apostelen (2. Tess 3,2). Det vil seie at trua ikkje berre kan vere eit munnhell, ein formalitet, men noko du må ville, noko du må stå for, saman med heile kyrkja, saman med dine medtruande. Trua er noko du må ta ansvar for og ta stilling til som eit vakse menneske.

Paradoksalt nok, må du nettopp bli som eit barn for å gjere dette; du må oppgi mykje av din ’stolthet’ både for Gud og menneske. Du må vedkjenne trua saman med alle dei andre, innrette deg i kyrkja sin fellesskap og ta mot hennar rettliing, bli ein vanleg, katolsk, kristen.

Kyrkja er eit folk som ikkje er basert på automatikk; ho er ikkje basert på rase eller nasjonalitet. Ho sprengjer dei rammene som ofte synest å fange oss i eit mønster vi aldri kan kome ut av; som i eit gamalt, inngrodd bygdesamfunn eller eit nabolag i byen for den del – alle er låst fast i sine rammer, er du slik eller slik, så er du ’håplaus’, du blir ein fange i ditt eige liv, i den rolla som er pålagt deg.

Kyrkja består av dei som vågar å bryte ut av alle falske forventingar, og idag ikkje minst: vågar å bryte ut av det sekulære konformitetspresset!

Kyrkja består av dei som vågar å angre, å skrifte, å begynne på nytt! ”Senere angret han og gikk!”, stod det.

Din sosiale status, din velstand, din posisjon, di kyrkjelege stilling, dine merittar – ingen ting av dette er avgjerande. I framtida vil kristne menneske ha svært ulik bakgrunn og ha eit svært brokete livsmønster. Det dei har felles, er: Dei har innsett at dei har ingen ting å tape i denne verda, men alt å vinne i Guds rike; dei er kanskje blitt merka av livet, dei har vakna opp og innsett kva som er viktig, at:

”Å leva, det er i livet/å vinna det største verd// Å leva, det er å vinna/til sanning i all si ferd:”
-sanninga om tida og om æva,
-sanninga om seg sjølv,
-sanninga om andre; at vi alle er syndarar som kan bli Guds born.

Dei har sett at fortida ikkje er så viktig; om ein har vore lenge borte frå trua, borte frå Gud: No kan det forandrast! ”Glem min ungdoms synder”, høyrde vi i Salmen. ”Eg gløymer det som ligg bak og strekkjer meg ut etter det som er framanfor”, seier Paulus (Fil 3).

Bror og syster! Spørsmålet er kva du svarar på Guds kall i dag. Har du noko å angre; ei alvorleg synd, ei dødssynd? Eller ei ussel vanesynd, småting som har låst seg fast og som hindrar krafta og gleda i livet ditt? Også ein liten stein i skoen kan gjere det umuleg å gå til slutt.

Mange idag har vanskar med å tru. Men skal tru om ikkje den største vansken er å angre, å innrømme at eg treng ein ny start? Kanskje det aller vansklegaste er å seie som det står i den gamle åndelege skillingsvisa:

”Jeg har valgt å gjøre selskap med Guds enkle vandringsmenn/det får koste hva det vil/men jeg må hjem til himmelen!»

Reklame

5 Svar to “homiletica: Preike, St. Dominikus krk, 27.09.08.”


  1. september 29, 2008 ved 10:02 am

    Godt sagt. Hvis det er lov så tilslutter jeg med et Amen.

  2. september 29, 2008 ved 8:54 pm

    Det er lov! Og takk for ditt Amen!

  3. 3 Eirik S.
    oktober 1, 2008 ved 12:40 pm

    Meget vakkert. Ble dette sagt under søndagens Høymesse?

  4. oktober 1, 2008 ved 1:41 pm

    Ja, teksten som er lagt ut, er sundagens preike, ord for ord… :


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: