26
Aug
08

officium…

Tysdag, vike 1, Sefanja 3 (matutin)

Sefanjas profetiar driv over folket som ein storm og ruskar opp i alt som er rotna og sjukt. Feiar bort alle gøymsler, alle fortrengjingar, all falsk tryggleik, alt overmot. Det som vert ståande att, er den prøvde trua, det reinsa gudsfolket: ”Eg leiver i deg eit armt og audmjukt folk. Dei skal setja si lit til Herrens namn, dei som er att av Israel” (v. 12).

Det er dette Sefanja vil fram til, det er dette han lengtar etter å forkynne – og orda skin som sola skin i regnet etter uvêret: ”Då vil eg skapa folka om, og gje dei reine lipper” (v. 9); ”Set i og jubla, Sions dotter!… Herren, din Gud er hjå deg, ei kjempe som kan frelsa. Han gleder og frydar seg over deg, tek deg atter inn i sin kjærleik” (v. 14, v. 17).

Det er nettopp hos profetane i Israel at denne innsikta kjem til uttrykk: Vegen til det gode går gjennom krisa, gjennom den gjennomgripande fornyinga, gjennom konfrontasjon med sanninga. Med deg sjølv. Med din Gud. Styrke, makt, manøvrar, hell – det gjer i seg sjølv ikkje livet betre. Det blir som å byggje eit praktbygg på ei tomt utan grunnmur. Det rasar snart.

Krisa kjem for alle. Det er opp til oss om ho vert destruktiv eller konstruktiv.

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium…”


  1. 1 Herman
    august 26, 2008 ved 5:19 pm

    Jeg tror ganske mange mennesker har opplevet at Vår Herre har hjulpet dem gjennom kriser, og at mange har latt Ham slippe til i nettopp slike tider.

    Kriser leder mange til troen. Mange kriser blir konstruktive når Gud går ved vår side i vanskelige tider. Gud fornyer jordens åsyn! Dét tror jeg er et gjennomgripende element sett i Skriften. Alt pulserer, reises opp og styrtes ned. Og reises opp igjen (Joh. 2.19).

    Bare Gud er ubevegelig og dertil uforanderlig. Den Eneste og Samme.

    Hilsen


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: