25
Aug
08

officium…

Måndag, vike 1, Sefanja (matutin)

”Dei… seier: ’Herren gjer korkje godt eller vondt’.” (v.12b)

Slik tala ’mennene i Jerusalem’ på profeten Sefanjas tid. Den åndelege og moralske dekadensen hadde sett seg i folket. Dei var blitt eit ”kræmarfolk” (v. 10). Ur-avgudane Baal og Mammon – kulten av den uhemma livsnytinga og kulten av det jordiske godset – hadde fortrengt Israels Gud. Han vart sett på som gamaldags og keisam, berre eit bleikt minne, ein det ikkje var naudsynt å forhalde seg til lenger: han ”gjer korkje godt eller vondt”.

Denne typen skeptisisme er vanleg hos folk som vil framstå som nøkterne, jordnære, usentimentale og rasjonelle. Ofte ei særleg freisting for ’mennene’ som alltid skal vere så ’tøffe’. I røynda er dei blitt avstumpa og endar med å bli desillusjonerte og kyniske. Pengar og velvêre, hedonisme og kapitalisme – det er deira religion.

Men: ”Deira sølv og gull kan ikkje berga dei” (v. 18). Deira mene, mene , tekel (’vegen er du på vekta og funnen for lett’, Dan 5,25) står alt skrive på husveggen.

Det finst berre ei hjelp mot denne livshaldninga: ”Ver still for Herren Gud!”(v.7). Viss dei vågar. Før tida er ute.

Reklame

11 Svar to “officium…”


  1. 1 Herman
    august 25, 2008 ved 10:29 pm

    Profeten bringer budskapet om at den som ikke vender seg mot Herren og søker ham, i stedet for å vende seg mot jordisk gods, skal straffes med en dag av nød og trengsel (vers 15.).

    Så vidt jeg kan se ligner dette et forvarsel om den ytterste dag, da alle skal lengte etter døden, men ikke finne den. I andre tider, men fra samme perspektiv, kan veien fra livet til døden være kort for den som ikke frykter Herren.

    Hvor står vi egentlig? Og hvorfor? Er dette steder i skriften som automatisk og til allle tider kan jamføres med vår egen samtid, eller skal vi bare ta det med ro, gjøre vårt beste og vente på den tid som kommer?

    Hilsen

  2. august 26, 2008 ved 7:44 am

    Det er rett at «Herrens dag» peikar på historiske situasjonar der Gud held dom over Israel eller folkeslaga. Men det er og noko som peikar framover, som eit teikn, på den eskatologiske doms- og oppgjersdagen for alle menneske – i NT og den kristne tradisjonen kalla «domedag», «den yttarste dag», «vreidedagen» – «dies irae».

    Også før «den yttarste» dagen kan Gud la oss oppleve «kriser» (gresk: «krisis» – dom), både kollektivt og individuelt. Som truande skal vi kvar dag leve med Guds oppgjersdag for auga; «vakne», «nøkterne’/’edrue», for å seie det med NT.

    Eller som det heiter i teksten over: «Ver stille for Herren Gud!».

  3. august 26, 2008 ved 3:44 pm

    For Gud som ikke lever i tiden hva er siste tid for han? For hvert menneske som dør vil døden innebære slutten på tiden. Døde/oppstod Gud i førsten, midten eller i slutten av skapelsen?

    Men det er godt å være stille for Gud.

  4. 4 Herman
    august 26, 2008 ved 5:07 pm

    Gud var og er, fortid, nåtid, fremtid. Han var før Han ved sin befaling skapte lyset. Og Han e r gjennom alle tider. Det vet vi. Det står i Bibelen. Og kirken forkynner det.

    Hva jeg ville frem til er jo, som du skriver frater Arnfinn, nettopp det eskatologiske ved Vår Herres domsprosjekt(er) slik de fremkommer og beskrives i Bibelen. Det pekes hele tiden frem mot et d a , da skal Herren dømme verden og menneskene som bor der. Det kulminerer frem til dommedag. Hvor vi til slutt skal oppreises til Hans herlighet.

    Ja, nettopp til Hans herlighet. Som f. eks. i Jesaia kap. 12 (hele). Også dette blir et slikt d a . Et stadig gjentatt element som vitner om Guds natur.

    Hilsen

  5. august 26, 2008 ved 5:37 pm

    For Gud er det ikkje noko «siste», men det er det for oss som lever i «tida». Gud styrer tida og historia og han grip inn i tida og i historia. Sjølv om døden set grense for våre levedagar og for høvet til å søkje Guds frelse, skal vi likeve vere med når heile historia når sin sluttstrek. Då skal alle døde reisast opp av gravene og kallast fram for Guds domstol.

    «Det er så laga at menneske må døy éin gong og sidan koma for domen» (Hebr. 9,27)

    Han (Kristus) «skal koma att derifrå [himlen] og døma levande og døde» (Apostolicum)

  6. 6 Herman
    august 26, 2008 ved 6:20 pm

    «Og jeg så en ny himmel og en ny jord (…)»

    Jeg skal ikke sitere hele kapitel 21 fra Johannes Åpenbaring her nå, men den som ikke kjenner denne boken bør jo absolutt lese den og se det vakre i den. Den vitner jo om at vi knapt kan forestille oss hvordan Gud er, og hva som skjer etter den endelige dom.

    Vi mennesker er skapt skrøpelige i forhold til Guds idealer om hvordan vi kan bli/skal/bør være. Men Gud gir oss likevel håp gjennom syndenes forlatelse. Og noe å holde på med i forhold til oss selv. Gjennom Gud kan vi stadig søke å bli bedre mennesker, slik vintreet også strekker seg mot solen og bærer frukt i rikt monn. Igjen og igjen.

    Gud søker mennesket, men han ønsker også at mennesket søker Gud. Slik kaller han stadig på oss, slik at vi kan vokse til i Hans vingård.

    Hilsen

  7. 7 w
    august 26, 2008 ved 10:43 pm

    «Då skal alle døde reisast opp av gravene og kallast fram for Guds domstol.»

    Ein ting eg har tenkt på: Nokon likar best tanken på å gravleggjast i ei kiste på ein kyrkjegard. Korleis er det for katolikkar? Kiste eller urne, er det berre eit reint praktisk spørsmål, eller er det noko med den eine eller andre prosessen som (på eit vis) harmonerer med reinsinga.
    Ein annan ting: Vil ein god katolikk vera organdonor?

  8. august 27, 2008 ved 8:24 am

    Tradisjonelt ser den katolske kyrkja gravferd som det rette. Det har med synet på kroppen å gjere; mennesket er ikkje berre «ånd» eller «sjel». Skapingsteoloigi, antropologi (læra om mennesket), trua på inkarnasjonen og på oppstoda – alt peikar mot gravleggjing av den døde. Ikkje nødvendigvis i ei kiste. I klostelivet vart ein ofte berre lagt på ein planke og senka i jorda. Grav-roma kan vere ulike frå kultur til kultur.

    Ein av grunnane til kyrkjeleg skepsis mot kremasjon, er også at ordninga har vore forbunden med antikristne haldningar eller med religionar med eit anna syn på kroppen (som i mange orientalske religionar). Strøing av oske, er ikkje tillate for katolske kristne.

    Til kyrkjegardane – som er vigsla område – har det vore knytt ein sterk symbolikk: det er «gudsåkeren», der kroppen vert «sådd» som eit frøkorn og renn opp som eit aks i oppstoda. Jfr. Jesu ord: «Dersom kveitekornet ikkje fell i jorda og døyr, vert det berre eitt korn. Men om det døyr, ber det rik frukt».

    At kyrkjegardane nettopp ligg rundt/ved kyrkja, er ei påmining om «communio sanctorum», samfunnet av dei heilage, på tvers av død og grav. Ein kristen gravstad er meir enn ein «minnelund»; ei kristen gravferd er meir enn ei «minnestund», livet etter døden er meir enn «minnet» (som var så viktig i den norrøne heidendomen). «Fred med ditt minne» o.l. som eg ofte høyrer brukt i gravferder, særleg i protestantiske, er eigentleg ikkje noko kristent uttrykk.

    Alle desse skikkane påverkar vårt syn på Gud, på livet, på mennesket, på kroppen.

  9. 9 w
    august 27, 2008 ved 9:36 am

    Takk for svar!
    I grisgrendte strok er det også god plass på kyrkjegardane, men eg lurer på om ikkje kyrkja må tilpassa seg når presset på sentrumsareal blir sterkt nok. Er det slik at kyrkja, sakte men sikkert, rettar læra si etter det som er praktisk mogleg?

    Kva seier du til å vera organdonor?

  10. august 27, 2008 ved 10:35 am

    Ja, det med organdonor gløymde eg i stad. Det er den katolske kyrkja positiv til; det vert forstått i tråd med den grunnleggjande innstillinga overfor nesten: vilje til ofrande kjærleik. Å gje eit organ – noko av seg sjølv – er å «gje livet sitt for andre».

    Derimot har det til tider utvikla seg ein praksis ved sjukehusa (patologisk avdeling) i smb med dødsfall; at den døde kroppen vert «tømt» for vitale delar til bruk for forsking o. l. Forsking kan vere ein tenar for livet, men ikkje alltid; det kan også vere styrt av økonomi, karriere og prestisje. I alle høve skal medisinsk bruk av kroppsdelar ikkje vere i strid med avdødes uttrykkjlege vilje, om den er kjend. I praksis skal obdusksjon vere avklåra med dei pårørande.

    Ved gravferda, skal ein vite om kroppen er berre eit skal (fylt med gamle aviser), eller om det er eit inntakt menneske. Dette har igjen med respekten for den mennesklege kroppen. «Heile mennesket» er viktig sett ut frå kristen tru.

    Når det gjeld utbreiinga av kremasjon, er presset størst i byane. Så vidt eg veit, er det (endå) lite brukt på norsk landsbygd. Kremasjon eller jordeferd er ikkje eit absolutt dogmatisk spørsmål, så kyrkja må kunne godta ei mindre god løysing der dei ytre omstenda legg sterke føringar.

    I storbyar vil ein kunne argumentere med areala; på landsbygda vil kremasjon heller spreie seg som ei del av eit kulturskifte. Eit meir «borgarleggjort» syn på døden og gravferdsrituala fortrengjer gamle kristne førestellingar. Mange plassar er desse iferd med å smuldre opp; kommuneingeniørens og parketatens prioritering av lettestelte og velorganiserte gravplassar slår ut skikken med at den gravlagde skal vere vendt med andletet mot aust, som når han sat i den aust-vende kyrkja. NB: når ein har gravferd frå kyrkjerommet, bør båra nettopp vendast slik at avdøde «ser» mot aust; dette vert sjelden teke omsyn til.

    Moral: Handlingar, seder og skikkar formar tru og tankar.

  11. 11 w
    august 27, 2008 ved 12:04 pm

    God moral!
    I ei austvend kyrkje: Viss kista skal stå slik at andletet vender mot aust, må ein snu kista, for ein skal bera ut med føtene først. Kva er viktigast når det er for trangt til å snu kista inne i kyrkja?

    Ja, aukande bruk av kremasjon i bygdene er nok kulturskifte. Kanskje me mykje meir må «forkynna» skikkar, fordi det stør opp om førestellingar og tru – i denne verda full av idear og ideologiar som rører ting i hop for folk. Folk er så mottakelege for alt som fyk forbi. Om der berre er knytt ein «sympatisk» idé til eit fenomen, går det rett inn, fordi det gamle er borte, førestellingane er for vage. Folk skjønar ikkje gamle symbol lenger.

    Me treng ein serie, til bruk i kyrkjeblad…..over heile landet…på nynorsk… 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: