29
Nov
07

officium…

Torsdag, vike 2, Sal 44 (matutin)

”Alt dette er kome over oss, endå vi ikkje har gløymt deg..”
Gudsmennesket er altså realistisk – og ærleg. Det vågar å innrømme at det kan vere frustrerande å ha med Gud å gjere. Og det vågar å seie at det har vist ærleg vilje til å halde fast ved Gud. Ikkje at det er fullkome, men det har gjort eit val, teke eit steg, risikert noko. Det er ikkje noko sjølvsagt. Mange menneske har brote med Gud, beint opp i andletet hans. Kvifor snur han ryggen til dei som trass alt har vendt seg til han, satsa på han? Han har spurt, vi har svara. Slik menneske svarar – ikkje heilt påliteleg alltid, ikkje heilt konsekvent. Det tek tid. Det er ikkje englar han har inngått pakt med. Som skrive står: ”Det er ikkje englar han tek seg av. Nei, han tek seg av Abrahams ætt”(Hebr 1,16). Ei ætt av nomadar, på veg gjennom usikre land. Kven veit kva som møter oss, kor sterke vi er når det røyner på? Men det er slik han vil ha det. Difor kan han ikkje berre slengje oss bort, ikkje berre gå frå oss, overgje oss. Eg er sta, eg forlet ikkje Gud. Han slepp ikkje så lett unna. Eg står på mitt. Eg stangar hovudet mot veggen. Guds vegg. Til han opnar seg.

Reklame

2 Svar to “officium…”


  1. november 30, 2007 ved 8:52 pm

    Amen! Og hold fast ved disse små betraktningene, det var kjærkomment. Meget kjærkomment. Takk skal du ha.

  2. november 30, 2007 ved 9:19 pm

    Ja, dei skal kome stort sett kvar dag – som regel ein salme-meditasjon, eller noko anna knytt til ein av dei liturgiske tekstane, mest frå Tidebønene (officiet) som er ryggrada i klosterlivet. Og i mitt eige. Pax!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: