28
Nov
07

nota bene…

GI LYD!

Då paven i si tid (1200-talet) akspeterte Dominikanarordenen (Preikebrørne), var han veldig oppteken av at dei skulle vere velstuderte og dristige predikantar. Prelatane i samtida vart blitt for føydale og for late. «Hundane gøyr ikkje lenger», sa paven. Han ville at dominikanarane skulle vere verkeleg «Domini canes«, Herrens hundar, som kunne gi lyd i forkynning og undervising på alle plan i eit samfunn som heldt på å fjerne seg frå trua.

Dette har stadig aktualitet. Biskopar, prestar og predikantar som har slutta å gøy, er triste greier. Eg trimmar i Frognerparken og der er det stadig folk som luftar hundane; ofte elegante rasehudnar, velfriserte og veldresserte. Då må eg tenkje på skikkelege gardabikkjer som både kan gjete og jakte. Sjølv om dei ofte blir oppfatta som gneldrete og irriterande.

Kyrkja skulle våge å snakke i klårtekst og undervise i Skrifta, i trua, i bøna, i det kristne livet slik at alle kjende at ho meinte det. Eit slikt mot kan berre tileignast gjennom grundige studiar, kontemplativt liv og ei verkeleg interesse for menneska og det menneskelege samfunnet – alt «sub speciæ æternitatis«, under det evige sin synsvinkel.

Reklame

4 Svar to “nota bene…”


  1. 1 Rob
    november 28, 2007 ved 5:09 pm

    Til frA
    Vet at klosterbrødre/søstre sitter på utrolig mye visdom, kunnskap og erfaring når det gjelder kristen tro. Gis det åndelig veiledning til mennesker som ikke tilhører den katolske kirke? Kan man få veiledning vedrørende det kristne livet generelt (det som er felles enten man er lutheraner eller katolikk), selv om det å konvertere ikke er aktuelt..
    Eller er dere først og fremst «Herrens hunder» i egen hundegård…

  2. 2 Rob
    november 28, 2007 ved 6:27 pm

    Ad. min forrige kommentar: Denne bloggen vitner om åpenhet, et ønske om å nå ut, om å gi lyd fra seg…gjennom et medium uten grenser…til mennesker over alle grenser…jeg aner at det er dette som er en moderne prekebrors metode..
    Jeg trekker tilbake forrige kommentar/innlegg.

  3. november 28, 2007 ved 6:34 pm

    Ja, vi er veldig kloke 🙂 Her på klosteret er det regelmessig undervising/kurs i katolsk lære og liv og også andre foredrag. Det er også mange som vil ha samtale med ein av patrane. Alt er ope for alle og ein må ikkje»love» å konvertere for gå på undervisinga eller ha samtale. Det er fritt for alle.
    Sjå vår heimside, der står kursprogrammet. Vårprogrammet blir lagt ut før jul.

    På Lunden kloster (dominikanarinnene) kan ein bo kortare eller lengre tid i gjestehuset, ta del i det ein vil i kapellet – og evt ha samtale med ei av systrene som gir vegleiing. Eller berre stresse ned. Lunden kloster har også nettside. Det fins også andre kloster som tar i mot folk her til lands, f eks på Tautra (nytt, nydeleg kloster) og i Tromsø (også svært bra ). Desse har også nettsider.

  4. november 28, 2007 ved 6:37 pm

    Men som du ser, har eg alt svart – og kommentaren var heilt ok. Seff! Alt kan spørjast om..


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: