poetica…

litt mariansk, moderleg, i kveld…

MATER DEI

Mater Dei
kva veit eg om deg?

det er så mange som har freista
å viske bort biletet ditt
vekk frå augo
vekk frå hjarto
hjå dei som trur på son’ din

kva skal det tene til
å stoppe munnen
på dei som prisar deg sæl?

Skrifta held ikkje opp med sin tale
Elisabeth helsar deg like fullt
som velsigna mellom kvinner:
bendicta tu!

og han som dei vil ære
ved å gløyme deg
talar tungt og tydeleg frå krossen:
ecce mater tua!
og eg svarar:

mor!

5 kommentarar til “poetica…”

  1. w seier:

    Nye tankar her og! Kva skal det tene til….

    Men kan du forklara latinen nærare? tu, tua, ecce
    Det er jo i grunnen lettare å spørja deg enn å leita på nettet…

  2. Anna seier:

    W – hvis det drøyer til fr. Arnfinn kommer, har du dette sålenge:

    Benedicta tu – velsignet være du (Maria)

    Ecce mater tua – dette er din mor (til Johannes ved korset, og han blir Marias sønn)

    Fr. Arnfinn må utdype den vakre hyllesten selv.

  3. arnfinnharam seier:

    Dette er heilt to the point! :)

  4. Kari seier:

    En vakker og betimelig Mariahymne, Arnfinn,
    Tusen takk

  5. w seier:

    Takk, det opna litt til for meg.

Legg att eit svar