18
Des
11

discursus: BOK I SÆRKLASSE. ESSAY

Publisert 10. desember i litteraturtidsskrifet Bokvennen  nr 4. 11  – eit stort særnummer i høve ny omsetjing av Bibelen, med artiklar av Hanne Ørstavik, Harold Bloom, Cornelius Jackhelln, Tom Egil Hverven, Olaug Nilsen, Espen Grønlie  og mange fleire (red: Gabriel Vosgraff Moro)…

BOK I SÆRKLASSE

Når alle orda har lagt seg, burde smaken av Guds Ord kjennast att, skriv dominikanarmunk Arnfinn Haram om den nye Bibelomsetjinga.

Av Arnfinn Haram OP

Bibelen møter du overalt. Fordi han er verdas mest selde og utbreidde bok, men òg fordi kulturen og samfunnet i store deler av verda, som i vår, er gjennomprega av Bibelens tekster, termar, bilete, tankar og tankestrukturar. Ei kvar lansering av ein ny bibelomsetjing vil difor vere ein viktig kyrkjeleg og kulturell markør. Det gir oss høve til å få ny innsikt både om Bibelen i seg sjølv og om bruks- og verknadshistoria. Nokre element i dette vil eg prøve å kaste ljos over her.

Bibelen er sakral, forteljande, symbolistisk og utfordrande:

Sakral

Bibelen er ei sakral bok, ei ”heilag skrift”. Det er blitt vanleg å framheve Bibelens allmennkulturelle plass. Bibelen må vere ein open tekst som alle kan nærme seg og lese på sin måte. Det er sant, og det er all grunn til å erkjenne Bibelens enorme innflyting på alle sider av vår historie. Men nettopp difor må vi også våge å ta med Bibelens eigenart nettopp som heilag bok. Mangfaldet i det bibelske materialet og den litterære rikdomen og fylden i tekstene er samanhalde og gjennomtrengt av det religiøse og sakrale siktemålet. Sjølv tekster som er lite eksplisitte i talen om Gud, som Forkynnaren og Esters bok, har talen og tankane om Gud som sin klangbotn. Det seier seg dessutan sjølv at tilkomsten og framveksten av bibeltekstene er uoppløyseleg knytt til religiøse institusjonar og fellesskapar. Utan det gamaltestamentlege Israel, utan jødedomen og diasporaen, utan kyrkja, utan klostra og dei teologiske skulane, utan kanoniseringsprosessar, omsetjingsarbeid og kommmentarar, ville ikkje Bibelen slik vi kjenner han i dag, ha vore ein realitet i det heile. I vår tid er det blitt vanleg å sjå tekster som frittståande entitetar som lever sitt eige liv og som kan brukast fritt av alle som kjem over dei og interesserer seg for dei. Det er eit legitimt perspektiv. På den  måten kan nye eller gløymde dimensjonar og lag i tekstene kome til syne.

Men vi veit også at teksten og tekstfellesskapen høyrer saman. Tekster spelar ei rolle – som referanse, grunngjeving og forklaring av sosiale praksisar og funksjonar. Tekster er brukstekster med ei ofte lang brukshistorie. Bibelen er blitt til gjennom ei lang og kompleks overlevering, heilt frå det munnlege stadiet for ein del av tekstene sitt vedkomande. Dette gjeld i endå større grad for Bibelen enn for t. d. Koranen.  I ein fellesskap er det også viktig at skrifttolkinga ikkje er heilt individualisert. Utan ei viss felles meining vil ikkje tekstene bli operative – og fellesskapen blir halden saman mellom anna ved ein viss grad av autoritet. Der dei heilage tekstene blir isolerte frå felleskapen, vil det før eller seinare medføre ei nedbyggjing og oppløysing av fellesskapen. Nettopp reformasjonstida sitt ”skriftprinsipp” – Sola Scriptura (Skrifta åleine) skapte eit dilemma: Verdien av fri, personleg tilgang til tekstene og risikoen for kyrkjeleg oppsplitting og sekterisme. Med ei konsekvent individualisme i teksttolkinga, vil skriftmaterialet i det lange løp ikkje vere operativt for einskapen og fellesskapen. Tekster – og ikkje minst heilage tekster – førutset eit syn for einskap og fellesskap som vi til ein viss grad er blitt framande for i moderniteten. Det er bra at vi i nyare tid har oppdaga på nytt at tekster er sosiologiske og må forståast utfrå den sosiale og institusjonelle strukturen dei er ein del av. Sakrale tekster er, på sett og vis, litterær brukskunst. Ikkje skrivne for biblioteka, lesesalane og godstolen, fyrst og fremst, men for forkynninga, for liturgien, for ritane, for meditasjonen. Dei tilhøyrer ei før-borgarleg og ikkje-privatisert kunstforståing. Lesaren bør ha kjennskap til det primære livsrommet for desse tekstene før han tek dei med seg ut på eiga hand.

Det sakrale og funksjonelle ved bibeltekstene gjer dei ikkje mindre litterære. Ein av mange fordomar mot religion er at det religiøse og åndelege står i motsetning til det menneskelege. Mennesket, også som kulturell aktør, vil i religionen forhalde seg til noko overordna, men humanitet omfattar også avgrensinga, respekten for høgre verdiar, for  askesen og sjølvdisiplinen, både etisk og estetisk. Uhemma utfalding er ikkje utan vidare humant. For den truande blir det menneskelege til i ein relasjon og ein vekselverknad med Gud og det guddomlege. Det heilage er annleis enn det dennesidige og menneskelege, men opphevar det ikkje. Det gjev det heller fylde, djupne og stringens. Difor er det eit feilskjer å spele Bibelen som litteratur ut mot Bibelen som sakral og heilag skrift. Så mykje meir som svært mykje av litteraturen og heile ”humaniora” historisk sett er blitt til i ein religiøs kontekst. Dei bibelske tekstene peikar, som alle gode tekster, ut over seg sjølve. Det er dette som blir uttrykt ved alle heilage teksters ur-performance: Den liturgiske resitasjonen. Tradisjonelt blir tekstene sungne i liturgien; i templet, i synagogen, i katakombar og katedralar. Innsida av denne sakrale tekstbruken er lectio divina, den langsame, mediterande og overvegande lesinga. Som fører over i bøna. Bibelen er litteratur. Intensivert litteratur.

Forteljande

Stofftypane er mange og ulike i Bibelen. Det er jo eigentleg eit fleirtalsord, biblia, bøker – altså mange bøker, for ikkje å seie eit heilt bibliotek. Med eit stort spenn, både i tid og i innhald. Viss vi skal velje ei grunnretning i dette store landskapet eller eit mønster i mangfaldet, må det vere at Bibelen er ei forteljande bok. Bibelen er narrativ. Ikkje ei lærebok, ikkje eit leksikon, ikkje ei avhandling. Dei tekstene som ikkje er direkte forteljande, kan sjåast som ekskursar, utdjupingar, appendiks og kommentarar til det som er ”greia”: Forteljinga om Guds lange historie med verda. Sjølve tanken om at livet og soga handlar om at der er ein start, ein veg og eit mål, er djupt bibelsk. I nær samanheng med dette, er førestellinga om utvikling og framsteg. Bibelen opnar med Genesis (1 Mosebok), Opphavsboka, held fram med Exodus (2 Mosebok), Utferdsboka og endar med Apokalypsen (Johannes openberring), Openberringsboka, der den nye himmelen og den nye jorda – altså det nye universet, det nye kosmos – stig fram, der døden ikkje skal vere meir, ”og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.” Då er Guds bustad hjå menneska, han som seier: ”Sjå, eg gjer alle ting nye”, han som er ”Alfa og Omega, opphavet og enden” (Op 21,1f). Utan denne kursen, utan denne stjerna å vandre mot, går vi oss lett vill i den tjukke tekstskogen. Også når ein går i ring, som Israelfolket med sine ekstrarundar i Sinai-ørkenen, styrer boka og hendingane oss mot målet: Det lova landet.

Forteljinga fylgjer to ulike liner som heile tida tvinnar seg saman. Den eine lina teiknar opp meininga med skaparverket (meinings-narrativ). Den andre fortel sjølve soga om Guds frelse i Israels historie, i evangelia, i boka om apostelgjerningane og urkyrkja (historisk-narrativ). Frå Ur i Kaldea der Abraham bryt opp, til Roma, der Peter og Paulus er frontfigurar for kyrkja i imperiehovudstaden, sentrum for det ein på den tida kalla ”verda”, oikuméne – eller som det heiter hos Snorre: Kringla heimsins. Frå det lokale til det universelle, frå det partikulære til det allmenne. Frelseshistoria er ein del av heile menneskja si historie og siktar på fornyinga av humaniteten som heilskap, av samfunnet og av naturen.

Den bibelske visdomslitteraturen (som Jobs bok, Salomos ordtøke, Visdomens bok og Forkynnaren) er reflekterande og moralfilosofisk. Han overleverer og drøftar nettopp meininga med alt som er. Kven er Gud? Kven er mennesket? Kva er lidinga? Kva er lukka? Her blir eit stort felt utforska. Forfattarane vågar å nærme seg grensa til det absurde og meiningslause, ja, til å problematisere sjølve Guds eksistens og godleik. Eller dei vender tilbake til nedervd common sense på sitt beste, moralsk livsrøynsle henta inn frå mange kulturar og epokar. Det gode løner seg, det vonde skal unngåast, rett og rettferd må respekterast, kvart menneske skal svare for sitt liv. I botnen ligg det teologiske perspektivet: ”Tenk på din skapar i ungdoms år, før dei vonde dagane kjem” (Fork 12, 1), ”Å frykta HERREN er opphav til visdom” (Sal 111,10), og “dåren seier i sitt hjarte: ‘Det finst ingen Gud’ ” (Sal 14,1). Det er ikkje trua, men vantrua som er irrasjonell i Bibelens verdsbilete. Gud er garanten for at gode og meiningsfulle finst. Men stundom syner Guds ljos seg som myrkre; ja, djupast sett er det like sant at Gud er myrkre som at han er ljos. Det fullkomne ljoset blendar, Gud er den opphøgde og hisidige, han som er fullstendig annleis. Gud er eit mysterium og livet med han er eit paradoks. Den truande blir ført på dunkle og uframkomelege vegar, ja, han synest å ha fått Gud som fiende. Jakob patriark sloss med Gud sjølv i ein engels skapnad. Gud skal ytast motstand og hans verkelege vener er dei som er råe nok til å seie som Jakob, midt i natta og i basketaket: “Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg” (1 Mos 32,26). Job blir ribba for alt, men det er venene hans som får høyre: “De har ikkje har tala rett om meg, slik som tenaren min, Job”, når dei ser Jobs misære som teikn på manglande tru (Job 42,7). Teologi tyder nettopp “talen om Gud” – og Job er ein verkeleg teolog nettopp fordi han har tala ærleg både om seg sjølv, si liding og sin Gud. Gud er ikkje eit reknestykke, men ein levande røyndom som du må gje deg i kast med.

Den motsetningsfylte meininga ropar til oss ikkje minst i Salmane: “Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?” (Sal 22, 1). Eller:  “Djup ropar til djup når dine fossar durar. Alle dine bølgjer og brot slår no over meg” (Sal 42,8). Gud gjer ikkje livet lettare. Tvert om. Guds vener må bli med han ut på djupa, opp i høgdene, for: “Han reid på kjeruben, han flaug og stupte ned på vindens venger” (Sal 18,11). Bibelen held saman at der er ein meningstruktur i tilveret med røynsla av absurditet, frustrasjon og liding. Kosmos finst, men alltid truga av kaos og ofte opplevd slik. Lova og rettferda held verda oppe. Visdomen – eller Ordet/Lógos – er innskriven i alt som er, regnbogen er sett som teikn på at livet, trass alt, ikkje skal kollapse så lenge denne tidsalderen består (1 Mos 9,8f). Kontrasten mellom meininga og meningsløysa kastar mennesket inn i ei eksistensiell prøving, angst og tillit går hand i hand. På krossen – som dramatisk og intensivert uttrykkjer denne livsrøynsla – ser vi Jesus både som forlaten og sviken av Faderen, og som overgjeven i hans hender (Matt 27,46; Luk 23,34). Bibelen er både filosofisk og anti-filosofisk. Den naturlege søkjinga etter sanning og samanheng er nedlagd i mennesket, men når den menneskelege innsikten går over i hybris og overmod, veltar Gud så å seie bordet åt filosofane og retorikarane og syner seg for dei ulærde og for borna. “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord”, bryt Jesus ut, “fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små” (Matt 11,25). Guds djupaste visdom løyner seg i dårskapen, sigeren i nederlaget. “Guds dårskap er visare enn menneske”, seier Paulus, og siktar til “ordet om krossen”(1 Kor 1,25  og 18), “eit mysterium, Guds løynde visdom” (1 Kor 2, 7). Skilnaden på godt og vondt blir ikkje oppheva, men den totale kjærleiken går til vegs ende, lenger enn det konvensjonelt rimelege – til å elske fienden, til å gje sitt liv. Bibelens eksistensialisme er ikkje nihilistisk. Det handlar ikkje å om skape si eiga meining, men om å gripe meininga i det som synest å vere hennar motsetning.

Sjølv om kjærleiken til den andre er grenselaus, må mennesket kjenne grensene for si eiga sjølvutfalding. Den bibelske forteljinga om målet og meininga med livet og verda, er òg ei forteljing om den titaniske grenseoverskridinga. Slangen freistar mennesket til å rivalisere med Gud, ja, til å bli som Gud; ikkje i harmoni med han, men som hans konkurrent. Babels tårn er sjølve monumentet over det grenselause mennesket, over ein kultur som sjølv vil vere herre over godt og vondt, over liv og død. Det endar alltid med ruin og forvirring (1 Mos 11).

Den andre narrative lina i Bibelen er den frelseshistoriske. Her er det kallet til oppbrot, trua på lovnaden og truskapen mot pakta som driv forteljinga fram. Sinaipakta med dei ti boda og heile den mosaiske rettsordninga, etisk og kultisk, set rammene og skaper intrigen i forteljinga. Folket vik av – og blir kalla tilbake, stadig på nytt. Profetane held folket fast i forpliktinga og refser eller trøystar det ettersom historia rullar fram – gjennom ørkenen, inn i landnåmet, gjennom kongedøme og stordomstider, i eksil og tilbakevending. Truskapen mot Gud kan ikkje skiljast frå truskapen mot rettferda. Urett og tilbeding går ikkje saman:

“Eg foraktar, ja, hatar festane dykkar, høgtidssamlingane held eg ikkje ut … Fri meg frå dei ståkande songane dine, eg vil ikkje høyra på harpespel! Lat rett vella fram som vatn, og rettferd lik bekker som alltid strøymer” (Amos, 5,21f).

Eit viktig motiv er også det messianske. Vona om den salva kongen, han som David, den fyrste heltekongen i Israel, er eit bilete på. Messias er Fredsfyrsten som er salva og utrusta med “visdom og forstand”, med “råd og styrke”, med “kunnskap og frykt HERREN” (Jes 11,1f). Når han kjem, skal den messianske fredstilstanden etablerast; “då skal ulven bu saman med lammet, og leoparden leggja seg hos kjeet” (Jes 11,6). “Kvar støvel som trampa, og kvar kappe tilsølt med blod skal brennast og bli til føde for elden” (Jes 9,5).  “Han skal dømma fattige rettferdig, i rettferd skal han skifta rett for dei hjelpelause i landet” (Jes 11,4). Orda om den lidande Herrens tenar, han som “vart såra for våre brot, knust for våre synder” (Jes 53,5), er sentrale i den urkyrkjelege messianismen og peikar for dei kristne fram mot Jesu pasjon og offerdød for verda. Det er samstundes uttrykk for eit etos der det å avstå frå makt for å tene andre, blir sett som det største (Fil 2,6f).

Ettersom historia skrid fram, blir dei messianske perspektiva meir og meir lagde inn i historia sin sluttfase, og trua på eit nytt, evig gudsrike festnar seg. Jesus frå Nasaret og hans bodskap må sjåast i ljos av denne radikalt eksatologiske og apokalyptiske visjonen. Det messianske riket er alt nær, i Jesus Messias og i kyrkja, men skal fullendast når han kjem att og det blir “ein ny himmel og ei ny jord” (Op 21,1). Den bibelske forteljinga stiller opp ein utopi, men veit på same tid at han berre kan verkeleggjerast i freistnader og brokkar i denne tidsalderen. Det gjev rom både for vona og for vonbrotet; vi treng ikkje gje opp undervegs, målet er alltid operativt. Til skilnad frå dei reint dennesidige, sekulære og ideologiske utopiane, vil eg leggje til for eigen del.

I langt større grad enn vi tenkjer over, har den bibelske forteljinga forma vår tankegang. Sjølve det å tru at det finst ei “stor forteljing” – kristen eller av anna slag – om verda og om livet, er blitt problematisert i vår tid. Men Bibelen tenkjer mennesket inn i si forteljing, og inn i dei mindre, bibelske forteljingane som inngår i den store. I vår kultur har vi blitt innplasserte nettopp i “bibelhistoria”. Vi er saman med Josef og brørne hans, med speidarane som Josva sende framfor seg på veg inn i Kanaan; vi er med om bord i båten i uvêr på Genesaretsjøen, vi vandrar langs vegane i Galilea, vi set oss og lyttar når meistaren held preika på berget, vi står ein stad i mengda langs Via Dolorosa, vi sovnar kanskje i utkanten av Getsemane, vi er med Paulus som strandar på Kreta, vi fylgjer han i den greske storbyen  Korint, eller til Areopagos i Aten. Vi opplever oppbrot, motgang, nederlag, sjukdom og død, men held fast ved at det er eit mønster der sjølve menneskelivet er teikna inn. Eg ser mi personlege forteljing i Bibelen – og Bibelens forteljing i mitt liv. Vi kjenner kvarandre.

Også i skjønnlitteraturen finner vi ofte spor av den bibelske forteljinga. Ikkje alltid i direkte referansar, men i framstellinga av livet som ei historie med meining, med start, vandring, nederlag, forløysing og fullending. Eller ein diktar vidare på dei bibelske forteljingane og utforskar mogelege utfall og vendingar. Som sidevegar og avstikkarar ut i ukjende landskap, anten dei er lokkande eller skræmande, eller begge deler på ein gong. Milton, Shakespeare og Dante er klassiske døme på dette. Eit ferskt og tydeleg døme er Karl Ove Knausgårds roman “En tid for alt”. Han tek opp tematikkar som lenge har vore tabuiserte, både fordi dei er knytte til religiøse tekster og fordi dei opnar for metafysiske perspektiv på mennesket og den menneskelege livsverda. Det er forståeleg at kompleksiteten og motsetningane i den

menneskelege eksistensen gjer det vanskeleg å sjå samanhengar og meningsskapande liner i livet. Likevel kan vi spørje om det er mogeleg å unngå søkjinga etter konsistens og forteljande strukturar i det vi opplever. Til sjuande og sist er kanskje vedkjenninga til det absurde berre ein luksus vi kan koste på oss fordi vi inst inne kjenner at det finst ei mening og satsar på at ho blir halden ved like i dei store kulturelle tradisjonane. Som i bibeltekster og stadig nye opplag, omsetjingar og  tillempingar av dei heilage skriftene. Både Gud og den evige verda og vår eiga livshistorie er noko vi må nøye oss å sjå som “i ein spegel, i ei gåte” (1 Kor 13, 12), men vi anar at det er eit bilete i spegelen som vi ikkje kan unngå å speide etter.

Symbolistisk

 

Den bibelske forterljing knyter oss til historia. Bibelsk tru og teologi er ikkje gnostisk eller einsidig åndeleg, heva over det kontingente og historiske. Gud skaper historia og handlar i historia. Jamvel bodskapen om at historia skal ha ein ende og at Guds Rike skal bryte inn, førutsett historia. Skaping og frelse er eit arbeid, ein prosess, ein plan som blir verkeleggjort. På same tid har historia og heile røyndomen ein dobbel botn eller mange dimensjonar. “Himmelen”, den usynlege verda, omgjev den synlege. Det synlege skaparverket utstrålar Guds herlegdom og gjer jorda til “himlajorden” og marka som vi trør på, til “änglamarken” (Taube). Alt kviler i æva, som opphav og som mål, men æva grip aktivt inn i tida. Ja, “tid” er noko som berre er til når det står i relieff til det tidlause og evige.

Det er denne grunntanken som gjer Bibelen til ei symbolbok. Her ser vi dei store bileta, dei store teikna. Bileta kan vere hendigar, personar, landskap, stader og gjenstander. Alt i diasporajødedomen utvikla ein ei bibeltolking som tok utgangspunkt i det symbolske. I Alexandria var det eit stort jødisk-teologisk miljø, prega av den hellenistiske kulturen og dermed av platonisme. Den konkrete, jordiske røyndomen ser ein som ei avspegling av den himmelske, åndelege verda. Det synlege symboliserer det usynlege. Dette går saman med den bibelske forståinga av røyndomen der alt som er til, utstrålar Guds nærvere. Gud er transcendent, opphøgd, annleis – men han er også immanent, nærverande i sitt skaparverk: “Heile jorda er full av hans herlegdom”, som det heiter i serafsongen om Guds velde og majestet (Jes 6,3).  Difor er dei heilage tekstene lada med innhald på mange plan. Oldkyrkja, som levde i det same kulturelle rommet, vidareførte den jødiske skrifttolkinga, og heilt fram til seinmellomalderen var eksegese og teologi prega av dette. Metoden blei kalla Quadrium, fordi ein rekna med tre eller fire ulike meiningsnivå i teksten: Den bokstavlege, den allegoriske eller typologiske (figur, bilete, type), den tropologiske (den moralske “vendinga”) og den anagogiske (det som fører oss framover på den åndelege vegen, mot det evige livet). Vi finn mange døme på dette alt i det nytestamentlege materialet. Profeten Elia blei sett som ein typos på Johannes døyparen, gangen gjennom Raudehavet er ein typos på dåpen, giftslangen på staken ein typos på Jesu opphøging på krossen, mannaen i ørkenen symboliserer Jesus som livsens brød, Hagar og Ismael, Sara og Isak er allegoriar som syner skilnaden på åndeleg slavekår eller barnekår. Heile det kyrkjelege Kristus-dogmet og den apostoliske forkynninga er basert på at dei gamaltestamentlege tekstene peikar fram mot oppfyllinga i Jesus Kristus, ikkje berre historisk og profetisk, men som bilete og førevarsel om det som skulle kome. Det innhaldsmetta Hebrearbrevet er ein einaste stor, platoniserande og symbolistisk traktat, der frelseshistoria og dei jordiske hendingane og ritane er skuggar og teikn som røpar himmelske realitetar. I denne tankeverda er det åndelege og usynlege det som er mest verkeleg, ikkje det empiriske og synlege. Stikk i strid med vår moderne intellektuelle modus. “Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege”, seier Paulus og gjer sjølve livsvandringa vår til eit fortetta og meiningsmetta symbol (2 Kor 4, 18). Livet vårt er eit teikn, ikkje eit slag i lufta.

Fordi Bibelen er religiøs litteratur som vil bere fram ein bodskap, er han grunnleggjande poetisk, i vidaste tyding. Dei litterære formene siktar på å formidle noko som sprengjer orda. Dei viser ut over seg sjølve. Tekstene vil røpe ein djupare røyndom, dei er, så å seie, sakramentale. Orda meddeler noko meir enn eit saksinnhald, retta mot den kognitive forståinga. Dei tek fatt i imaginasjonen, i førestellingsevna, og vender seg til oss i senteret av vårt vesen, til “hjartet” – moralsk, emosjonelt og personleg. Den bibelske førestellingsverda er i høg grad innarbeidd i vår kultur, både fordi ho så sterkt har gjennomsyra kunsten, tenkjinga og samfunnslivet, og fordi ho har ein allmennmenneskeleg og arketypisk karakter. Bibelen har på mange måtar møblert vårt symbolunivers. Som eit langt og mangslunge opptog myldrar det mot oss frå dei heilage tekstene: Himmel og hel, kjerubar, serafar og livsvesen, erkeenglar og vernenglar, domedag og syndfloder, tempel og babelstårn, byar av gull og portar av diamant, kjærleik og sjalusi, profetar og helgenar, paradis og øydemarker, fjell som hoppar og dansar, marker som jublar, tre som ropar av fryd, eldtunger og draumar, monster og demonar, ein Gud som talar i torevêr og lynglimt, i stormane og i den stille susinga. Der er menneske som bøyer seg eller kastar seg ned i tilbeding, der er ryttarar på kvite hestar, drakter av lin, stjerner som står stille over ein stall, oksar, esel og vismenn, gull, røykjelse og myrra.  Ord og bilete som tolkar livet med alt det innber.

Det kan ikkje vere tvil om at vår kulturkrins har gjennomgått ei omfattande sekularisering. Det store prosjektet har vore å erstatte det metafysiske og religiøse fundamentet for samfunnet, etisk, estetisk og politisk, med eit reint rasjonelt. Den største vansken med dette vil nok vise seg å vere utskiftinga av alle dei hevdvunne omgrepa og symbola som høg grad har vakse fram gjennom dei religiøse tradisjonane. Den som vil gå gjennom ordlista og fjerne religionsrelaterte termar og førestellingar, vil sitje att med eit svært redusert språk. “Synd og skam”, “død og pine”, “i himlens namn”, “du er ein engel”,  “langt inn i sjela”, “det daglege brød”, “no går det til helvete”; ein må verkeleg passe seg for ikkje å gå i fella. Til og med bannord blir blodlause i sekularisert versjon.

Utfordrande

Å omsetje bibelteksten frå grunnspråket, er å sleppe teksten laus på  nye menneske og nye måtar å sjå livet på. Vil kontrasten bli for stor? Er det mogeleg å la teksten framstå som meinigsfull, ikkje berre med anna språkdrakt, men i eit miljø med andre verdiar og referansar? Den bibelutgåva som no blir lansert på norsk, har også gått gjennom denne etterprøvande prosessen. Vi veit at det har vore ein uttala strategi å gå litt tilbake på det som har vore lagt til grunn for dei siste omsetjingane: Det idiomatiske prinsippet. Å omsetje meining for meining, heller enn ord for ord. Meningsomsetjinga gjer teksten meir forståeleg – men ein kan ende med å ikkje lenger vite kva ein skal forstå. Den reflekterande distansen mellom orda og lesaren blir borte. Difor har ein no ynskt å la sjølve bibelorda kome meir til orde. Det er blitt ein utfordrande Bibel. Dei konkrete orda er tilbake etter å ha vore utskifte med abstraksjonar. “Øyret” og “hjartet” har avløyst “lytte” og “sinn”; “nyrene” talar til oss om natta, ikkje berre vårt “indre”. Jerusalem, “dronninga mellom landa”, må ikkje “gjere tvangsarbeid”, men er blitt “slave”. “Kviledagen” er igjen blitt “sabbaten” og har slik fått jødisk jord på røtene. Særleg oppsiktsvekkjande er det at ein har gjeninført “kjøtet”. Det har vore avbleika lenge. I gamle omsetjingar har danskens “kjød” blitt verande, og den versjonen som no blir avløyst, talar om “vår vonde natur”,  meir forståeleg – og meir moraliserande.  Konservative synsarar appellerer til den gode smak, og meiner “kjøt”, blir for blodig og konkret. Men det er nettopp poenget. Metaforens kraft ligg i at den bokstavlege meininga får klinge fullt ut. Det er kontrasten og spenninga som gjev omgrepet dynamikk. Vi er “kjøt”, animalske, forgjengelege. Og vi er “kjøtlege” fordi vi ber i oss den menneskelege korrupsjonen. “Kjødelighet” duftar av mild umoral på vestkanten og høyrest ikkje særleg rystande ut.

Til gjengjeld har Jesus fått “kropp” og ikkje lenger berre “lekam”. “Lekam” kan nyttast endå, syns eg. Men eg sympatiserer med motiveringa for å skifte det ut. Når orda blir altfor åndeleggjorde, misser dei nettopp si religiøse kraft, si utfordring. Jesus hadde og har ein verkeleg kropp. Ikkje ein åndeleg liksomkropp, ein nestenkropp.

Modig er det også å ta med den fulle tydinga av det gamaltestamentlege bannet og omsetje: “slå med bann og utsletta”. Den fullstendige tilinkjegjeringa uttrykte at det bannslegne var vigsla til guddomen. Denne førestellinga utfordrar sjølvsagt både vår religiøse og vår menneskelege haldningar i dag. Men nettopp difor er det ærleg å la det stå. Omsetjarane sjølve presenterer arbeidet sitt som “ein meir usminka Bibel”. I det ligg også tanken om at det er skilnad på omsetjing og utleggjing. Omsetjinga skal ikkje forklåre alt, men nettopp gje oss ein tekst som treng stadig kommentering, tolking og forståing. Som alle andre store tekster treng det. Tekster treng både lesarar og fagfolk. Vi treng teologar, undervisarar og forkynnarar for å formidle innhaldet og bodskapen i tekstene. Omsetjarane skal ikkje gjere arbeidet for alle. Også den vanlege lesaren har godt av å grunne på det som er vanskeleg og ikkje kunne sluke alt med det same. Gode tekster er noko å vekse inn i, noko å strekkje seg mot heller enn noko ein legg bak seg.  Difor skulle det òg vere mogeleg å la det greske adelfói, “brør”, kunne bli ståande, og så gje informasjon om at det er eit samleord for både brør og systre. Når ein no har valt “sysken”, verkar det vel korrekt.

Omstridt vil sikkert innleiingsorda til Herrens bøn bli. “Fadervår” er blitt til “Vår Far”. Her må ein avvege mellom omsynet til ei rimeleg oppdatering av språket og pedagogiske omsyn til innarbeidde og svært sentrale formuleringar. Her er ein både på heilag og kulturhistorisk grunn. Som katolikk vil eg berre minne om at det ikkje treng vere fullstending samanfall mellom tekstvariantane i Bibelen og i dei liturgiske bøkene. Liturgien kan ta andre omsyn – og dessutan har nokre tekster, som Fadervår, vore del av sjølvstendig liturgisk overlevering heilt frå byrjinga. Bokmålsbrukarar vil få ei ekstra utfordring når ein no kjem med endå ei omsetjing av bønene i Fadervår. Det litt masete “La ditt navn holdes hellig” er bytt ut med “La navnet ditt helliges” – noko som både legg det nærare opp mot den nynorske varianten og som tek inn att det meir teosentriske perspektivet; at det er Gud som skal hevde namnet sitt som heilagt. “La oss ikke komme i fristelse” er tvilsam norsk og er nok valt fordi ein synest at det ikkje passar Gud å “lede oss inn i fristelse”. Det beste ville vere å unngå sminken også på denne plassen.

Det mest utfordrande ved ei ny bibelomsetjing er likevel ikkje omsetjingsarbeidet, men sjølve teksten.  Bibelen er ei bok ein må ta stilling til. Bibelen er ei bok med bodskap. Bibelen vil noko med dei som les og høyrer tekstene. Sjølv om Bibelen er sterkt knytt til kulturen, kan han aldri takast til fange i det kulturelle. Religiøse tradisjonar og tekster kan bli verdsette på ein slik måte at det endar i rein estetisme. Alt for stor allmenn velvilje kan vere ei freisting for både kyrkjer og bibelselskap, svoltne på godord og oppslutning i eit etterkvart både kyrkje- og bibelframandt samfunn. Den estetiserande tilnærminga tek for gitt at ein kan behalde overflata, men droppe dei djupare laga i ein tekst, eit kunstverk eller ein tradisjon. Overflata forpliktar ikkje, ho berre pyntar opp.

Lanseringa av ei ny bibelomsetjing bør difor ikkje bli berre ein serie med festtalar, men ein provokasjon. Når alle orda har lagt seg, burde smaken av Guds Ord kjennast att.

Reklame

1 Tilbakemelding to “discursus: BOK I SÆRKLASSE. ESSAY”



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: