Ny kjapp bloggpost på ferja, no på retur frå sunnmørsalpane til Ålesund; messe i Vår Frue krk og så den lange driven ned Gudbrandsdalen via Romsdalen til Oslo. Vi har hatt flotte dagar på Fausa! Fredag var det for dårleg vêr og folk var litt for trøytte til å gå på Slogen, så toppturen tok vi i går, til Dalmanshornet/Brunstadtinden (1500 moh), med kjempeutsikt over dalar, tindar, taggar, brear (som minkar, alas), skoglier, fossande elvar. Langt ute i vest øyriket vi kom frå, langt i sør ser vi Jostedalsbreen (Lodalskåpa), langt i aust fjellviddene i Nord-Gudbrandsdalen…
På gjenhøyr!
Tettare på det bygdenorske har vel ikkje kontinentale dominikanarar vore sidan føre reformasjonen. Og med cisterciensarar ved Tinnsjøen, på Tautra, i Lofoten og på Munkeberget, er agrarkatolisisme noko vi heldigvis må rekne med her nord i åra som kjem.
Litt meir agrarkatolisisme er bra! Sjøl har eg sagt at det trengs meir fjøslukt i norsk katolisisme! Cisterciensarar/trappistar er jo bønder, og dominikanarar er byfolk, men gjennomvandra land og strand på sine preike- og tiggarferder.
🙂
Av ein cisterciensarabbed i Massachusetts høyrde eg ein gong forteljinga om kva som skjedde då ein marist, ein jesuitt og ein trappist helste på i stallen i Betlehem. Maristen snakka intenst med Maria medan jesuitten var sers oppteken av at Josef måtte sende guten i krubba på gode skular når den tid kom. Cisterciensaren heldt seg noko i bakgrunnen før han til slutt pikka Josef på aksla og sa: «Du, kan eg ta med meg noko av gjødsla på golvet her heim til åkrane ved klosteret?»