01
Des
07

poetica…

FRED

Fred
kvar kom du frå?

du kom
ikkje som sum
av mine tankar
ikkje som nei
til mine lengsler
ikkje som ja
til mine rop
ikkje som trøyst
til mi fortviling
eller som eit ljos
i mørkret

du berre kom
som ein stor fugleveng
og dekte meg
bar meg
inn i eit høgare rom
inn i noko anna
som ingen kan nå
eller skiple

er det
Du?


5 Svar to “poetica…”


  1. 1 Thomas S.
    desember 2, 2007 ved 2:22 pm

    Liker godt dine små dikt. Gir impulser både for tanken og følelsene. Stå på. Lag flere!

  2. desember 2, 2007 ved 2:29 pm

    Takk, Thomas!… Får blogga lite på søndagar; då er de full rulle i klosteret, særleg for kantor. Men i løpet av kvelden og morgondagen er eg online igjen. God Advent til deg!

    fr Arnfinn 🙂

  3. 3 wen
    desember 4, 2007 ved 10:29 pm

    Talande til meg – Takk!

  4. desember 6, 2007 ved 5:38 pm

    Diktet ditt Fred er utrolig vakkert, Arnfinn.
    Er glad det kjem fleire…


Kommenter innlegget


kategoriar