27
Nov
07

nota bene…

MEIR OM MILJØ

I “bånn” av dei problema vi snakkar om, ligg mennesket si framandgjering (om eg får låne eit omgrep frå marxismen) i høve til sine eigne “drivkrefter”, sine lidenskapar, sin materielle og kroppslege “dimensjon” . “Dødssyndene” (jfr TV2–serien) dreiar seg om dette. Den fyrste “berekrafta” vi treng, er å kunne bere vår eigen eksistens i harmoni med oss sjølve som kroppslege, psykiske og åndelege individ og med alt anna som er til.

Dette skreiv eg i ein liten kommentarrunde i går etter innlegget om miljøkrisa. Og dermed er vi tilbake til spørsmålet om «askesen» som noko naudsynt for å takle den økologiske utfordringa. Kommentøren Rob (takk!) har tipsa meg om at det nok er den såkalla «djupøkologien» (Arne Næss) og den «romantiske økologien» som best svarar til det eg hevdar. I «Klassekampen» i går har skribenten Henning Næss ein stor kronikk (s 14-15) nettopp med fokus på den menneskelege personen som avgjerande i politisk og sosialetisk handling. Han seier:

«Den største katastrofen mennesket i dag står overfor, er mennesket selv».. «Vi er blitt fremmede overfor oss selv»…»vi fjerner oss fra selve refleksjonsakten [in casu: debatten om miljøet. Min merkn.]. Vi diskuterer, problematiserer, men vi er ikke selvreflekterende annet enn som tilbaketrukne, objektiverende, vitenskapliggjørende subjekter».

Med andre ord: den økologiske krisa er ikkje «naturen sitt problem»; det er vårt problem, vi har grunn til å vere urolege for vår eigen del. Vi er også «natur»! Det er ikkje eit spørsmål om smarte «tiltak» utan konsekvensar for oss personleg; det er eit spørsmål om å vise «omsorg» (for å bruke Næss» eige omgrep).

«Askesen» er den øvinga der mennesket impliserer seg sjølv, som ein heil person, for å finne sin plass i verda. «Økologi» kjem jo av «oikumene», det greske ordet for «verda», som eigentleg tyder «hus» eller «heim» ; jfr det gamalnorske ordet for verda: «Heimen» (som i «Heimskringla»). I ein heim er du ikkje i eit lager, med oppstabla gjenstandar; du er på ein plass der du høyrer til i eit stort samspel.

Kall dette gjerne «romantisk». Verkeleg romantikk er viktig og svært handlingsmotverande. Fordi det har med kjærleik å gjere, fordi det rører ved kjernen i oss. Fyrst når økologi vert viktig på denne måten, kan det bli fart på sakene – både politisk og praktisk, lokalt og globalt.

Reklame

9 Svar to “nota bene…”


  1. 1 Rob
    november 27, 2007 ved 9:38 am

    Enkelte røster i den verdensvide miljøpolitiske debatt hevder at kristendomen som religion er en medvirkende årsak til dagens miljøproblemer, ved dens (historisk sett) ensidige antroposentriske syn.

    Slike påstander er ikke helt uten sannhet.

    Flere reformatoriske kirker har gått i bresjen for et mer helhetlig syn(prisverdig).

    Biosentrisk likhet er et viktig punkt innenfor dypøkologien..

  2. november 27, 2007 ved 10:10 am

    Her må ein halde tunga beint i munnen… For du har både rett og ikkje heilt rett. Heilt samd i at det finst ein kristen tradisjon for å setje mennesket i sentrum på ein feil måte. Når mennesket blir redusert til eit «rasjonelt» og dermed «høgareståande» vesen. Ei feillesing av Thomas Aquinas kan føre i denne retninga, men det er kanskje like mykje opplysingstida med si opphøging av fornuften og det rasjonelle mennesket som er ansvarleg for dette. Mennesket blir sjefen og kontrolløren som «brukar» naturen – industrielt, kapitalistisk; heilt i tråd med opplysingstida sin utilitaristiske etikk (nytte-etikk).

    Den bibelske tanken om mennesket som «forvaltar» og «herre» overs skaparverket har blitt tolka i same retning. Men mennesket, som Guds bilete, imago Dei, skal «representere» Gud for skapningen – som «konge»; som den som har omsorg for rett og rettferd, for balanse og harmoni. Som skaparverkets «prest» skal mennesket lytte til- og bere fram den lovprisinga og venleiken som ligg i skaparverket og som er alle tings mål. Dette skjer i liturgien, i poesien og i kunsten, ikkje minst. Som skaparverkets «profet» skal mennesket utøve ein kritisk funksjon mot alt som øydelegg og skadar resten av naturen.

    Samtidig skal mennesket vite at det sjølv er ein «slektning» og ein ven av alt som er til. Mennesket er sjølv natur – eit biologisk vesen, eit pattedyr, sårbart og forgjengeleg… «Av jord er du komen…»

    Det er synd at ein einsidig rasjonalistisk antropologi har fått erstatte ein verkeleg teologisk antropologi. I dag må vi særleg hente fram den estetiske dimensjonen i mennesket sitt samspel med naturen. Heilt i tråd med Bibelens bilete av Gud, mennesket og naturen. Dessverre er dette blitt undetrykt av «nytte»- og «utnytting»-perspektivet. Ingeniøren har fortrengt poeten og liturgen.

  3. 3 Obrigado
    november 27, 2007 ved 1:54 pm

    Når det gjelder politikk, fred og krig (og sånn, sic), og, ikke minst i miljøspørsmå, vil man finne oss kristne, katolikker som lutheranere, på alle mulige og umulige fløyer. Er ikke dette litt rart, eller er det bare helt naturlig ? Personlige vurderinger kommer først, kristen deretter. Grundtvig sa visstnok; menneske først, kristen så,,. Hedersmannen H. Rieber_Mohn OP gjorde også dette ordspillet til sitt slagord.

  4. 4 Rob
    november 27, 2007 ved 1:55 pm

    Meget godt svar! Takk!

  5. 5 Rob
    november 27, 2007 ved 1:59 pm

    Takken var til deg, Haram. Et befriende holist. syn.

  6. november 28, 2007 ved 10:44 am

    Til Obrigado:

    Eg trur at mange har tatt for lite innover seg den katolske sosiallæra. Her til lands har det katolske blitt einsidig oppfatta som liturgisk og «kulturelt». Det lturgiske og sakramentale livet kan ikkje tømmast for soisal dynamikk uatn å bli redusert til litt «åndelighet» for borgarskapet. Kyrkja er i moderniteten blitt innlåst i eit rom for seg, pent og pynteleg og litt ufarleg. Det «politiske», i vidaste forstand, er litt uberabeida, trur eg – og difor kan det også vere ganske sprikande.

    «Menneske fyrst, kristen så» er tillagt Grundtvig, men han har det frå kyrkjefaderen Ireneus, meiner eg. Eit glimrande motto med mykje god teologi i!

  7. 7 Henning Ness
    januar 30, 2008 ved 4:17 pm

    kjære Arnfinn Haram! Jeg fortsetter gjerne diskusjonen her, oppdaget denen siden helt tilfeldig i dag . Alt vel. H

  8. 8 arnfinn haram
    januar 30, 2008 ved 6:19 pm

    Ja, gjer gjerne det! Akkurat no er eg på reise, tilbake i Oslo ferdag, så det er litt tilfeldig kvar eg slepp inn på nettet/bloggen.. Dersom denne diskusjonen skal halde fram; tenkjer du då på dei øklogiske sprøsmåla, deira relasjon til politikk, teologi osv? Gi eit vink..

    fr Arnfinn

  9. 9 Henning Ness
    januar 30, 2008 ved 11:19 pm

    Ja, det kan vi godt diskutere. Menneskets plass i det økologiske systemet, teknikkens muligheter, dypøkologi, og så videre…H


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: