16
Nov
09

discursus: «Anamnesis». tale ved jubileum for praktikumskullet/MF-1979; fred 13/11-09:

talen som eg vart utfodra til å halde ved jubiileumsfesten sist fredag. om lag 30 kandidatar, altså nesten heile kullet. tankevekkjande at tilsvarande kull ved dagens MF ikkje er fleire enn fem, seks…

Kjære alle! Gratulerer med jubileum! Eg er ingen kåsør – Haram er ein alvorsmann, i fylgje Jon Michelet – og altså ingen festtalar, eigentleg. Og ingen minnetalar. Men minnast gjer ein uansett, når ein ser tilbake, som i dette høvet, på praktikumstida og praktikumskullet, samt lærarar og miljø i det heile.

1.Minnet som filosofisk modus

Minne/å minnast kan vere noko veldig statisk, sjølvfiksert og sentimentalt. Men det kan også vere noko dynamisk, ein filosofisk og teologisk modus. Filosofisk – som ekte nostalgi; lengten, den lidenskaplege lengten, til den opprinnelege venleiken, godleiken og sanninga, minnet om Paradise lost, det tapte paradiset. Minnet er for Platon , som for nyplatonisten Augustin, eit viktig, intellektuelt medium; gjennom minnet ser du samanhengar, gjennom minnet kan du plotte din situasjon no, fordi du ser tilbake til startpunktet. Som i robåten heime; du må ta mål og med i landet bak deg, på kyststripa og fjellrekkja som kverv i horisonten etterkvart som du ror deg til havs, ut mot andre horisontar. Du veit kvar du skal, for du veit kvar du kjem frå. Du veit kvar du skal leggje til lands eller leggje bi for du veit kvar du tok ut. ”Kom i hug steinen du er hoggen ut or”, seier profeten til Israels-folket. Pakta der bake avgjer din veg mot Gudsriket der framme. Brør og systre, vi fekk på mange vis ei god utferd frå MF, ein god kurs vart sett. No spør vi oss: Har vi halde kursane våre? Har vi vore trufaste mot utgangspunktet? Den gode nostalgien hjelper oss å sjå kvar det er blitt av oss, kva som er vår posisjon.

Elias Blix heldt sitt indre aktivt gjennom minne-akta:

«I min heim var eg sæl avdi Gud var attved, og eg minnset so vel kor det anga Guds fred// Når til kyrkje me for, når me heime heldt kor/når med moder eg bad/Å eg minnest så vel denne stad».

Det indre sacrum vart levandegjort ved minnet. Den røynde og lærde hebraiskprofessoren på denne måten vare på sin indre barndom. Det var nok det som gjorde han til diktar.

2. Minnet som teologisk modus

Framfor alt vil eg tenkje på minnet som ein teologisk modus – og då heiter det anamnesis; ihugkoming, påminning. Vi veit at dette nettopp ikkje er ein statisk term; ”Husker du den gang i måneskinn..” Det er det borgarleggjorte, småborgarlege minnet, kosealbummet, peiskroken… Nei, minnet som anamnesis, er det aktive, kreative, dynamiske, aktualiserande, framtidsskapande minnet! Det som var, det som hende – det ER her no, og det som skal kome, likeeins, som teikn, som pant, som smak – fordi vi feirar det, forkynner det, proklamerer det. Som Paulsus seier om sjølve den anamnetiske riten i kyrkja: messa/evkaristien/nattverden: Ved å ”gjere påminning”, touto poieite (gjer dette), ”forkynner vi Herrens død, dvs hans sigersdød, inntil han kjem. Eller som det heiter i den messa eg feirar dagleg: Mysterium fidei/”Mysteriet i trua: Din død forkynner vi, Herre, og di oppstode lovprisar vi, inntil du kjem!”

Difor, i dette anamnetiske ljoset: Kva er dynamisk, skapande  nærverande i livet mitt, i livet vårt, no? Av det beste av det vi oplevde på Praktikum? Sjølvsagt sett frå min avgrensa synsvinkel..
-Fellesskapen er det fyrste som slår meg. Interessa for andre – både å høyre nysgjerrig på kva dei tenkjer, seier, meinar – og iverene etter å formidle, dele, påverke. Terapeutisk lytting er bra, men det kan også lett paternalisere den andre, dei andre: Eg er den kloke, gode presten som ”er der for deg”. Eg er hjelpar, du er trengande, eg er frisk, du er sjuk.. Den heftige debatten er meir likeverdig, ein frisk brytekamp, ei open deling, ein open fight. Stålhand  i silkehanske er ei geistleg freisting. Den mjuke valden er den verste. Praktikumskullet var ope fordi det også innebar brytningar og drøftingar. Korleis har vi teke vare på dette; evna til open, modig og skvær fellesskap? Fellesskap har ei offentleg, sakleg og engasjert side som hindrar mugg og sektvesen. -Betre å vere glad og sint enn snill og sur, skal Trond Kverno ha sagt.  I alt fellesskap er humoren, gneisten og glimtet viktig. Det er der den rause dimensjonen ligg.

-Eg huskar også eit miljø med intellektuell driv, eit minne i slekt med det eg alt har snakka om. Det var litt opprør i flokken; sikkert ikkje lett for lærarane. Men dei hadde godt av det, meiner eg. Syttitalet var endå ei tid med reformvilje; verda kunne endrast, og – ikkje minst: kyrkja. Å finne seg ein trygg jobb, var ikkje det pastorale ethoset på syttitalets MF, det er sikkert; ialle fall ikkje som ideal.   Kyrkjeleg og samfunnsmessig idealisme er, etter mitt syn, ein gullverdi som må hevdast og haldast ved like. Det som gjer at du ser lenger, held ut lenger, tenkjer større, vil meir. Her kjem sunnmøringen inn. Gründaren som skulle overlevere skipsverftet i Ulsteinvik til dotra si som var arving: Ville ho? Våga ho? –Du veit viss d’e noke du vil, sa faren. –Og viss du må tenkje på det, så vil du eigentleg ikkje.  Sunn omtanke er bra, men rask handling trengs: -Vél i dag kven du vil tene, sa Josva. –Fylg meg, lat dei døde gravleggje sine døde, sa Josva ben Josef, Jesus frå Nasaret.  Kunsten, evna, til å la garna liggje, stå opp og fylgje Han, fylgje Røysta….

Vi må våge å bryte gjennom panseret som vi har sikra oss med; våge å vere sårbare, våge å vere redde om så skal vere, om neste steg, det nødvendige steget, skræmer oss. Eg vonar at mange her har hatt ei eller fleire kriser undervegs; det brukar å hjelpe mot gamal rust og gamalt feitt, både på tru og tanke.

3. Levande lærdom

For ein som har teke praktikum, er det nokre disiplinar som alltid vil fylgje deg, uansett den profesjonelle settingen du måtte hamne i. To aspekt, to disiplinar:

-Det liturgiske. At livet som prest eller lekmann er eit liv for Guds altar, er eit liv med lyfte hender, er eit liv med løyst tunge. Eg er ikkje lamma, incurvatus in me, eg er ikkje autist, eg har opna meg, effata har lydd over meg; eg har svara på oppmodinga: Sursum Corda; lyft dykkar hjarto! Habemus a Domino; vi har dei hjå Herren, hjartet mitt er der, sjølv om alt anna er her! Det er verdig og rett, i sanning; det er verdig og rett!

-Det homiletiske. Preika, forkynninga, Ordet, Igjen: Anten du er prest eller ei. ”Ve meg, om eg ikkje forkynner Evangeliet”! Heretter skal du fange menneske”! Det avgjerande ”ve meg”! Det avgjerande ”heretter”.  Interessa for formidlinga, for møtet mellom Gud og den verda vi har rundt oss, jo verre, jo bedre, så å seie. Nyfikna, det å vere nysgjerrig, på korleis Gud handlar, kva som skjer når Gud kjem inn som ein faktor, som ein innbrytar i livet åt menneske der han lenge har vore ukjend. Å vere på Areopagos, å sjå alle altara åt ukjende gudar og avgudar; å vere Jesu Kristi apostel. Gjerne diskutere med filosofane, men også vite at du har det ordet som er annleis, som ikkje kom opp i noko hjarte, det ordet som har eksousia, som har makt i seg, også fordi det er trudd og levd av formidlaren. Det er ikkje nødvendig å slå av på det teologiske, det er eit sug etter det, stadig meir. Difor kan du seie, som Brand: -Jeg må! Jeg går en stormanns bud! –Hva heter han? –Han heter Gud! Gud, det store, vågale ordet; det skaper litt beven, det er tremendum; det har dragning, det er fascinosum!

-Vi kunne snakka om sjelesorgen; korleis vegleier vi menneske i dei vanskelege spørsmåla i dag? Kva veg går vi sjølve. Vi kunne snakka om kyrkjeretten, om kyrkja sin rett, om hennar sjølvstende og verdighet i dagens samfunn. Ingen grunn til å krype. Eg seier heller som salmisten: -Kvi ståkar heidningane og stilar på det som er fåfengt?

4. Inn i framtida

Brør og systre; det står om Herren at han arbeidde så lenge det var dag, i sin misjon, i sitt apostolat, i si sending frå Faderen til verda. Pensjon er ikkje tingen, ikkje nyte sitt otium, ikkje bli ein slags geistleg ”elg i solnedgang”. Kanskje bli eremitt, bli meir kontemplativ, ja. Som Simon i templet, som Anna Fanuelsdotter, dei levde i templet, i fanum, i det heilage, dei var sant ”fanatiske”. Den kontemplative visdomen er den tilbaktrekkjinga som eigentleg er ei framrykking mot framtida:  Nunc dimittis; No, Herre, let du tenaren din fare hefrå i fred etter ditt ord; for augo mine har sett di frelsa, eit ljos til opneberring for folkeslaga og ein herlegdom for Israel, folket ditt!

Å vere kristen, er å vere på veg inn i framtida. Å feire praktikumsjubileum, er å vere på ferd inn i framtida, inn i det som Gud heile tida er i ferd med å skape. Med heile vårt liv forkynner vi, anamnetisk, Herrens død, Herrens siger, inntil han kjem.  Difor ”fyllest  vår munn med latter”, kva som enn skjer – og må vi gråte, gret vi i hans fang. Vi lever i ei open og spennande tid, ei vanskeleg tid, fordi vi må gjenfinne det vi trur på og lever for, stadig på nytt; gamal vane og profesjonell rutine er ikkje nok. Då kan vi roleg sjå at ting skifter; politisk, kulturelt, på alle måtar. For då kan vi vite at

”Mens verdensriker stiger og de synker/går kirken mot fullkommenhetens vår!”


2 Svar to “discursus: «Anamnesis». tale ved jubileum for praktikumskullet/MF-1979; fred 13/11-09:”


  1. 1 Anna Jorunn Garvik
    november 17, 2009 ved 4:24 pm

    Eg tykkjer det var heilt på sin plass at du vart utfordra til å vera jubileumstalar! Takk for at du la ut talen din på bloggen !!

  2. 2 Elisabeth Maria
    november 18, 2009 ved 8:51 am

    Den fungerte helt sikkert flott for de som har tatt praktikum! Det fungerte også veldig bra for en legperson som lesning til morgenkaffen en grå og regnfull høstmorgen. Alltid godt å bli minnet om retningen! Midt i dagligmasets tåkeheim hender det den tapes litt av syne….


Kommenter innlegget


kategoriar