02
Aug
08

carpe diem…

NUMEDAL

har jammen trådlause nett, også! Utanfor kaféen på Lampeland, ved Flesberg, har eg hekta meg på uder kaffirasten. Er nemleg på veg, køyrande med klosterbilen, til Rollag. Det silregna og var gråare enn grått i Oslo, men opp mot Kongsberg og oppover Numedalen har det letta.

Eg likar denne dalen. Her er det mykje mellomalder, i bygningar og dåm. Breitt, varmt Austland, men med det ekstra lyftet som eit norsk dalføre gjev. Dei store dimensjonane, roa, det kontemplative… Alle landskap har ein «sakramental» valør; dei er «teikn» på sider ved Guds skapargjerning, av Guds venleik. Berre du ser det, har auga for det.

Klokka fire deltok eg som katolsk prest i ei luthersk vigsle, i Nordstrand kyrkje. Den eine parten er katolikk. Vigsla stod den lutherske soknepresten for. Eg hadde preika og var med i forbøna og velsigninga. Ei uanstrengt og meiningsfull form for ekumenisk kontakt. Denne helga er altså i ekumenikkens teikn – ikkje konstruerte «tiltak», men deltaking i vanlege samlingar, dele det du har å gje. Ikkje polemisk, men tydeleg. Du får også noko tilbake. Som på den måten «kjem heim» og gjer kyrkja sin katolisitet rikare.

À propos: I det nye magasinet «Strek» (siste nummer) les eg i dag om pinsekyrkjelyden Filadelfia i Oslo: Der har dei faktisk ein tre-persons kommunitet, vaksen fram frå bibelskulemiljøet, med regelmessige tidebøner i løpet av dagen, med meditasjon, lectio divina, stille tider og måltidsfellesskap. Utan lovander og for eit år om gongen, men med ein husregel som strukterer livet. Nøkternt. Tilpassa situasjonen der fellesskapen lever. Eit hjartepunkt i den større forsamlinga. Noko som utviklar seg, som finn sin veg. Tolle, lege, i «Strek»! Gode teikn. Som så ofte er uventa!


5 Svar to “carpe diem…”


  1. 1 K
    august 2, 2008 ved 6:51 pm

    Ja det er fint i Numedal. Jeg har flere forfedre som har gravsteder på kirkegården. Noen har også gått til konfirmasjonsforberedelse i det lille skolehuset ikke langt fra kirken. Det ville vært fint å sitte i benken med Fjøslinavnet på og bedt for slekters gang. Kan jo gjøre det fra Vor Frue i Porsgrunn.
    God tur – og lykke til.

  2. august 2, 2008 ved 9:59 pm

    Ja, Strek er eit flott tidsskrift. Og du har ein fin blogg. Har truffe deg ein gong, forresten, på salmeseminar på Nesflaten. Fann linken hit på bloggen til ein venn av meg, og kjem til å lesa jamnleg.

  3. 3 Rob
    august 3, 2008 ved 8:22 pm

    Vedr. nordstr.kirke
    Det er utrolig fint og inspirerende å høre om slike økumeniske handlinger! …I Kristus..

  4. august 6, 2008 ved 11:25 am

    Til «KirkeNyt»:

    Det er heilt normal – om ikkje hyppig – ekumenikk, i alle fall i Noreg, at ein er gjestepredikant i ulike trussamfunn. Vigsla og gudsteneste eg skriv om, var ikkje katolsk/lutherske, men heilt og full i regi av «Den norske kyrkja».

    Den «reine lutherdomen» som «KirkeNyt» ser ut til å forfekte, er forlengst «en saga blott» i dei nordiske folkekyrkjene; også i den danske, så vidt eg kan forstå. Det er ikkje lett å finne klassisk luthersk kristendom, som gjennomført kyrkjeleg praksis, i det heile i dag.


Kommenter innlegget


kategoriar