03
Apr
08

nota bene…

på trykk i Klassekampen i dag (ikkje som «Signert»-spalte, men som kronikk); dialog med Jon Michelet…

Kronikk:
GUD, MICHELET OG RADDISANE
Av bror Arnfinn Haram

Kven skulle tru at tru skulle bli eit tema i Klassekampen og på venstresida? Som noko anna enn arrogant og sigersikker harselas, skiftande med aggresjon og krigserklæringar?

Men kven skulle trudd at Jarnteppet rivna og at Berlin-muren fall?
For nokre er det eit teikn på den universelle sigeren åt kapitalismen og marknadsliberalismen; for meg er det eit teikn på at det fins sider ved mennesket – både som individ og som kollektivt og historisk vesen – som ikkje let seg utrydje ved vald og makt eller stengje ute med jarnteppe og murar. Spørsmålet om Gud er eit slikt spørsmål. Fordi det er eit spørsmål om mennesket.

Difor er det eit teikn på noko djupt menneskeleg når Jon Michelet skriv bok om dette. Bra at han gjer det på nettet – eit raskt og direkte medium og ein omveg rundt dei etablerte forlaga som endå har for mange skruplar med å publisere ei slik bok. Av Jon Michelet.

I boka tek Michelet opp ein dialog med underteikna, særleg med utgangspunkt i Signert-artikkelen ”Raddissyndromet” (29/12-07). Eg vil takke Jon Michelet for responsen; fordi han nettopp viser ei skvær og open haldning både til sjølve spørsmåla eg tek opp og i måten han diskuterer dei på! Det er noko nytt. Det er det viktigaste. Og Michelet vedstår seg at han stadig ikkje er truande – men seier at tru og ikkje-tru er posisjonar som båe må takast på alvor og ha talerett i det offentlege romet.

Michelet imøtegår meg når eg hevdar at venstresida har hatt kyrkja, trua og religionen, for ikkje å seie Gud sjølv, som ein hovudfiende. Greitt: Eg tek litt hardt i, men det er for å få venstresida till å stå tydeleg fram og slutte å rølpe. Om Gud og dei som stadig trur på han, ikkje er hovudfienden, så dess betre. Notert. Eg trur nok likevel at avsmaken for religionen er temmeleg innarbeidd blant folk som vil kalle seg politisk radikale. Stikkord Dagbladet burde vere eit bra hint i så måte. Jøje meg; kva har ein ikkje måtte finne seg i av nedlatande desinformasjon gjennom åra når det gjeld både Gud og fanden, for å seie det slik.

Raddisane er ikkje åleine heime lenger, så dei kan ikkje lenger spele yndlingsmusikken sin med fullt slagverk utan at nokon reagerer. Neste gong ein raddis drar dei gamle og einsidige historiene om inkvisisjonen eller om kyrkja si brenning av ”millionar” hekser, så skrik eg. Neste gong eg høyrer omkvedet om ”makta i Vatikanet”, så skrik eg igjen. Neste gong nokon hissar seg opp over religionen som hovudårsak til krig og konfliktar og død og forderving, skal eg minne om Sovjet-tida og om Aust-Europa under kommunismen, eller om verdskrigane, om Hiroshima og Nagasaki, om Mao og Pol Pot, om Napoleon, Bismarck og fleire andre – og alt som har vore utført i namnet åt sekulariteten, nasjonalismen, antiklerikalismen eller ateismen. Det meste berre for kort tid sidan, historisk sett.

Jon Michelet: Det er denne offentlege atmosfæren eg er ute etter i ”Raddissyndromet”; det er og den som gjer at du har måtta vere dristig og risikere ditt gode radikale skinn ved å seie at du tenkjer over spørsmålet om Gud, om døden og det som kjem etter, at breva frå kristne menneske ikkje har handla om at dei fordømer deg og andre ikkje-truande. Tvert om. Det er eit slikt kulturelt klima du har medverka til å endre ved din ærlege og usnobbete samtale med deg sjølv og andre. Det gjer stort inntrykk på meg.

På eitt viktig punkt er du samd med meg: At venstresida (og eg la til: Også høgresida) går på ideologisk tomgang. Ikkje berre fordi dei store kommunistiske prosjekta vi kjenner, stort sett er borte; ja, vi tenkjer alt på dei som fjerne minne. Ikkje berre fordi den kapitalistiske økonomiske politikken dessverre har vunne verda for seg. Men fyrst og fremst fordi ein ikkje har noko verkeleg intellektuelt og moralsk alternativ. Den siste store religionserstattinga for idealistiske menneske er borte. No er det berre den praktiske materialismen og marknadliberalismen igjen. Mange på venstresida held fram med å hylle eit naturalistisk og vulgær-darvinistisk menneskesyn. Å erklære seg som hedonist, er i ferd med å verte stovereint.

Ei kvar fornying og vidareutvikling av etikk og filosofi fordrar ein tradisjon; ingen kan starte helt frå skratsj. Kva er venstresida sitt alternativ når sosialismen er vorten så fragmentert og utydeleg som han er? Og når ein også har eit så problematisk og stort sett negativt syn på den kristne og religiøse tradisjonen? Resultatet må verte eit samanraska mixtum compositum av ateistiske filosofar frå antikken, litt Epikur og kynikarar, litt allround Opplysingstid, eit innslag av Nietzsche og av antireligiøs eksistensialisme samt ein knivsodd med marxisme for dei mest nostalgiske. Ein ting er få dette til å henge saman – noko anna er det å få det til å funksjonere som ein etisk og politisk inspirasjon utanfor akademia, komiteane og kafeane.

Venstresida framstår på denne måten meir og meir som ein kulturradikal livsstils-elite, stadig betre tilpassa konsumsamfunnet og den økonomiske liberalismen. Gjenoppdaginga av dei religiøst forankra tradisjonane i tenkjing og etikk vil endå vere ei altfor krevjande bot å pålegge dei venstreradikale – sett frå ein skriftefars synspunkt, så å seie. I mellomtida burde ein få tilbake den radikale venstresida sitt hovudfokus på utanrikspolitiske saker og på engasjementet for fred og internasjonal rettferd. Var ikkje det noko av hovudgrunnen for at SF i si tid vart til?

Vi treng eit nytt offentleg etos der ein ikkje avviser utfordrande religiøse innspel i den store ”samtalen”. Det krev pionérånd og ikkje lite civil courage. Det synest eg Jon Michelet har vist med boka han har lagt ut på nettet. Hans opne og samstundes gåtefulle dialog med seg sjølv og med oss, er kanskje kortfatta uttrykt i W B Yeats’ fortetta strofer, ”The four ages of Man”:

He with body waged a fight,
But body won; it walks upright.

Then he struggled with the heart;
Innocence and peace depart.

Then he struggled with the mind;
His proud heart he left behind.

Now his wars on God begin;
At stroke of midnight God shall win.


17 Svar to “nota bene…”


  1. 1 Ragnar
    april 4, 2008 ved 8:53 am

    Trolig var det langt mer oppsiktsvekkende den gang pater Rieber-Mohn skrev i Arbeiderbladet og ukebladet Aktuell.
    «Verden går fremover, den har jo ingen annen vei å gå.» (Fritt sitert etter fru Flettfrid Andresen.)

  2. april 4, 2008 ved 10:14 am

    Er ikkje heilt sikker på om eg skjønar kva som er det «oppsiktvekkende».. Kan du presisere det?

  3. 3 Ståle Wilhelmsen
    april 5, 2008 ved 12:29 pm

    Jeg går ikke med på at det er noen nødvendig sammenheng mellom økonomisk liberalisme og konsumerisme. Økonomisk liberalisme betyr bare at hvis Ali på hjørnet brenner for å starte kiosk, så får han lov til det uten alt for mye papir og byråkrati, og i motsetning til å søke kommunen om å få drive Oslo Kommunes Kiosk nummer 3482. Konsumerisme er en etikk som setter det du kjøper i sentrum av din identidet og dine verdier. Det går fint an å gi Ali lov til å starte kiosken sin uten at du ser på konsum som meningen med livet. Den såkalte «marknadsliberalismen» som både kristne og ateistiske raddiser hamrer løs på er egentlig bare et annet ord for «et fritt samfunn». Frihet til å stemme på og si det du vil må kombineres med frihet til økonomisk initiativ, ellers blir resultatet et autoritært ovenfra-og-ned-samfunn. Sånn sett skjønner jeg godt at amerikanerne handlet på shopping mall som en politisk demonstrasjon under den kalde krigen. Dessuten stemmer den økonomiske liberalismen bra overens med det katolske subsidiaritetsprinsippet.

  4. april 5, 2008 ved 4:50 pm

    Til Ståle:
    Her er du litt for rask, syns eg. Det er skilnad på ein viss liberal økonomi og ein liberal-isme; ei idelogisk absoluttering som avviser alle reguleringar og eksterne inngrep i økonomien. Ein slik -isme er klårt i strid med katolsk sosiallære om ‘det felles gode’ som mål for samfunnslivet, inklusive økonomien. At ‘det felles gode’ oppstår så å seie spontant/automatisk ved absolutt marknadsliberalisme/ maksimal satsing på ‘eigen-nytten’, er ikkje katolsk doktrine, men liberalistisk ideologi.

    Det er sjølsagt også skilnad på ‘å drive ein kiosk på hjørnet’ og å handskast med store nasjonale og multiasjonale økonomiar, trustar og føretak.

    Subsidiaritets-prinsippet må heller ikkje bli ein karrikatur av seg sjølv. Det som kan ordnast på eit ‘lågare plan’, bør ordnast der – likevel vil det vere behov for størrre strukturar. Elles ville vi kunne avskaffe både pavedømet, kurien, konsila, episkopatet og det heile – og overføre alle avgjerder til soknerådet. Også i økonomisk politikk (og særleg der, vil eg tilføye), må det styring til. Utfrå anliggandet om ‘rettferdig fordeling av godane’. ‘Jorda og alt det som fyller henne’ -alt høyrer Herren til.

  5. april 5, 2008 ved 5:08 pm

    Eg trur og at det er ein samanheng mellom ekstrem marknadsøkonomi og det du kallar (med eit godt ord) «konsumerisme». Når alt vert marknad, må alt kjøpast. Det gjer noko med menneska. At «marknadskreftene» ikkje berre m ø t e r behov, men også s k a p e r behov, trur eg ikkje det er klokt å oversjå.

    Den viktigaste leksa for det vestlege sivilisasjonen vert etterkvart å innsjå at fridom – så viktig det enn er – ikkje åleine kan skape og bere eit samfunn. Det gjeld både økonomisk og etisk.

  6. 6 Fransiska
    april 6, 2008 ved 2:23 pm

    (…)Neste gong nokon hissar seg opp over religionen som hovudårsak til krig og konfliktar og død og forderving, skal eg minne om Sovjet-tida og om Aust-Europa under kommunismen, eller om verdskrigane, om Hiroshima og Nagasaki, om Mao og Pol Pot, om Napoleon, Bismarck og fleire andre – og alt som har vore utført i namnet åt sekulariteten, nasjonalismen, antiklerikalismen eller ateismen.(…)

    Godt sagt/skrevet. Jeg opplever ofte, sikkert i likehet med mange andre katolikker, denne type diskusjon. Jeg tenker; alt som har skjedd de siste 200 årene, en tid som tilsynelatende skulle befridd menneskene og gjort dem mer selvstendige tenkende- har det egentlig skjedd? hva vitner egentlig histoiren om?

    Derfor er det et godt poeng det du skriver, som mange synes å overse – særlig i en slik debatt. Historien før og etter 1700/1800-tallet vitner om at mennesker gjør feil og lar seg villede. Men den vitner også om noe annet, om mennesker som gjør godt og bryr seg om sin neste. For selv om mange gjør feil og synder mot sin neste og Gud, så er det også tydelig at Gud virker i verden ved Den Hellige Ånd – kriger tar slutt, mørke blir lyst, mat blir oss gitt og mennesker blir atter venner. Verden er og blir ikke perfekt, selv om vi lever i lysets tid. Det vil først skje når Han kommer tilbake. 🙂

  7. 7 Kristin
    april 6, 2008 ved 9:33 pm

    Takk for nok et perspektivrikt innspill til «raddisdebatten». Du poengterer at Michelet i sin siste bok stiller med en åpenhet som hittil har vært ukarakteristisk for venstresiden, og dermed bidrar til et bedre og mer fruktbart debattklima. Jeg er helt enig med deg i at det er helt essensielt for en ordentlig meningsbrytning og en fornyelse av etisk og politisk tenkning som er såre tiltrengt. Din egen evne til åpenhet må også berømmes, frater Arnfinn. Utrolig mye av norsk debatt, særlig når den handler om religion, bærer preg av dype skyttergraver. Vi må kravle oss opp av dem.

    Du sier at det gjør noe med menneskene å leve under et markedsliberalistisk paradigme. Hva det gjør med oss er et spørsmål som er sterkt underbelyst. Jeg har lenge bekymret meg for markedsliberalismens innflytelse over språket vårt. Økonomiske metaforer og talemåter tas i bruk på stadig nye områder: i nesten alle sammenhenger, offentlige som private, er det snakk om å «levere varen», «selge seg», «prise seg ut av markedet» osv osv. I universitetsverden, som er en del av min verden, er den økonomiske metaforikken utbygd og gjennomført brukt i nesten all omtale av forskning og kunnskapsformidling — aktiviteter som i utgangspunktet er kreative og skapende og lar seg derfor ifølge sin natur vanskelig beskrives i økonomiens endimensjonale og kyniske språk. Språk er ikke uskyldig eller ufarlig. Å sosialiseres inn i en slik språkbruk gjør noe med tankene våre. Den fornyelse og kvalitetsheving av den offentlige debatten i Norge som du tar til orde for og selv er en viktig del av, har derfor også en viktig språklig dimensjon. Ved å bruke andre former for metaforisk språk frigjøres tanken fra den økonomiske metaforikken.

  8. 8 Anna
    april 6, 2008 ved 10:46 pm

    » I mellomtida burde ein få tilbake den radikale venstresida sitt hovedfokus på utanrikspolitiske saker og på engajementet for fred og internasjonal rettferd. Var ikkje det noko av hovudgrunnen til at SF i si tid vart til?» HVORFOR burde vi det? Er det noe i SF´s gamle utenrikspolitiske engasjement som skulle være kvalitativt bedre enn annen utenrikspolitikk?

    Det er mulig jeg misforstår noe her, men nå fikk jeg et bestemt inntrykk av at hele raddisdiskusjonen, hele raddiskritikken, skal virke læremessig og formende på raddisene slik at de «slutter å rølpe» og vi får (tilbake?) en god venstreside som slutter å forfølge de kristne, og gjør det de egentlig er ment til å gjøre? Når jeg driver raddiskritikk er det som ren folkeopplysning for å hjelpe til med å gjendrive raddiseriet til det forsvinner fra jordens overflate, slik som f.eks. gnostisismen i sin tid ble gjendrevet og forsvant. Inntil en eller annen træsjforfatter engang om 1800 år kanskje tar den frem igjen og lager roman av det. Når jeg leser et innlegg som Ståles over, kjenner jeg at skuldrene senker seg. Det er i ordenes egentlige forstand et ekte alternativt og radikalt innlegg fordi det har et annet perspektiv. Skal man ønske seg gammel raddispolitikk, velger jeg meg heller Arbeiderpartiet i 1930-åra og adapsjonen av Keynes økonomiske teorier om billige lån til de fattige og arbeidsløse slik at de kunne skape seg sitt eget arbeid, sin egen lille bedrift rett og slett – ikke ulikt Fredsprisvinner Yunus´ idéer med Brahmin Bank.

    Kjære pater Arnfinn, du tar på ingen måte for hardt i, hverken i kronikken over eller forige raddiskritikk i Klassekampen. Såpass må det være skal det kunne kalles en diskusjon. Jeg har ikke lest Jon Michelets nettbok men er selvsagt glad på hans vegne dersom han har begynt å oppdage dybder i seg selv. Raddiser er ellers dømt til en tilværelse i konsum og elitisme. Konsum fordi deres del av verdensanskuelsen dreier seg om materien (det ideologiske motstykket til «troen alene») og elitisme fordi de tilraner seg makten som premissleverandører.

  9. 9 Blix
    april 7, 2008 ved 10:24 am

    Jeg er enig med Ståle, og med pave Johannes Paul II. Hvorfor skal Ali igjennom et så utrolig stort byråkrati, for å få åpne en kiosk på hjørnet ? Siden jeg kjenner det vitenskaplige miljø og business like godt i flere land, er det utrolig hvor lite markedsliberalisme vi har i Norge. Det eksisterer faktisk ikke. Resultatet er blant annet at vi knapt har en bedrft i kongeriket med avansert teknologi.

    Pave Johannes Paul II klarte å formulere Kirkens sosialetikk med de aktuell politiske problemstillinger. Motstand imot kommunismen, sterk markedstilhenger, og enda større engasjement for de fattige land, og kapitalismen sterke ansvar for disse. Og, hvorfor bryr ikke «raddisene» seg om utvikling og velstand i den tredje verden ? Det var ikke bare paven var var forundret over dette. Det er kun en markedsliberal økonomi som kan løfte disse fattige landene. Det har skjedd i Tyskland etter krigen, likeens i Japan og Korea, og Kina løftes nå opp av fattigdommen gjennom en ekstrem liberal markedstilpasning !! Ha, ha, der fikk dere den.

  10. 10 Anna
    april 7, 2008 ved 2:18 pm

    Enig Blix.
    Vil føye til at det er en påfallende likhet mellom raddiseriet og de dissentermenighetene som ser Den onde i helt konkrete fødevarer og handlinger. Veien til frelsen går gjennom å holde seg unna sprit, dans og kortspill, og for raddisene er markedsliberalismen selve ondskapens sete. En slags magisk tenkning med andre ord i begge leire. En fattig som karrer seg ut av fattigdommen ved hjelp av markedsliberalismen blir ikke frelst til sosialismen.

  11. april 7, 2008 ved 3:20 pm

    Til dei siste innlehha:

    1. Når eg disktuerer desse sakene, er det ikkje for å lage eit poltisk alternativ for meg og/eller andre. Ein tilsvarande diskusjon ville det òg vere aktuelt å ha med høgresida. Heile det politiske feltet lid etter mitt syn både på idelogisk substans og eit reflektert syn på religionen sin plass i samfunnet.

    I ein slik samtale er det viktig for meg å prøve å peike på dei mest positive og vederheftige sidene ved dei ulike posisjonane. Særleg syns eg – i høve til venstresida – at ein vil vinne på utvikle seg mindre i retning av kulturadikalisme («livsstil-elitisme») og fokusere meir på sine opphavlege målsettingar – som i høgre grad var utanrikspolitiske og kapitalismekritiske.

    Å diskutere med tanke på at meinigsmotstandarar (som raddisane) skal utraderast («forsvinne fra jordens overflate»), synst eg ikkje er fruktbart. Gnostismen var ein teologisk heresi, også «innan kyrkja»; poltiske oppfatningar i samfunnet må vil leve med – gjerne i open debatt/konfrontasjon.

    Det beste i den utanrikspolitiske tenkjinga på venstresida var, etter mi meining, synet for rettferds- og fredsspørsmål.

    2. Eg syns motinnlegga si identifisering av kapitalisme/liberalisme og katolsk sosiallære/Johannes Paul II er altfor einsidig. Både i den førre pavens undervising og i den katolske sosiallæra elles finn ein sterk kritikk av uhemma liberalisme og kapitalisme. Joh Paul sin kritikk av komminismen var fyrst og frenst retta mot ateismen og det materialsitiske/naturalistiske menneskesynet.

    Og så må eg igjen minne om at det er skilnad på å starte kiosk og å drive General Motors..

    3. Kapitalisme skaper nok framgang i Kina og elles – og den fullstendige planøkonomieen er inga god løysing. Men den kinesiske turbokapitalismen vil nok også skaffe både Kina og verda store problem dersom han ikkje vert tøyla av andre verdiar.

    Som ein historisk ettertanke – men ikkje utan aktualitet – kan eg minne om at katolsk etikk i mellomladeren var sterkt kritisk til rentevesenet (sjølv om ein fann pragmatiske naudløysingar..); det å tene pengar på pengar, på spekulasjon og evt på andres tap.

    Eg er samd med Krsitin (ovanfor) som m a seier at eit ensidig kjøp/sal – og profittsamfunn er uheldig.

  12. 12 Anna
    april 7, 2008 ved 8:55 pm

    Litt kjapt: man MÅ ikke leve med sosialisme/venstreside/raddiser. Sosialismen er ingen objektiv sannhet, og inneholder ingen objektive sannheter, og er derfor ikke mer bevaringsverdig enn andre politiske modeller, filosofier og idéer som har kommet og gått gjennom årtusener. Det kan her en passant bemerkes at det er heller ikke nødvendig på ubestemt tid å «dele på midten», i høyre og venstre, slik vi gjør det i Norge i dag.
    En helt annen skål er selvsagt hvor lurt det er å IKKE motarbeide ismer som inneholder mekanismer som har ført til tidenes største myrderier. Det er dét dette dreier seg om. Sosialismen ser ut til å være et mer effektivt politisk våpen for voldelige maktovertakelser og utryddelser enn f.eks. fascismen. Når sosialismen har blitt brukt langt hyppigere, og dermed drept adskillig flere, er det bl.a. fordi den ser ut til å ha en mer effektiv retorikk, det vil si erobre språket for seg, for å danne «folkehærer», «frigjøringshærer». Synet på staten og partiet er omtrent identisk mellom sosialismen og fascismen, men elitebyggingen er forskjellig. Ikke minst blir sosialismen billig i bruk og har en teknikk med en viss sosial mobilitet for å bygge nye eliter – noe som passer som hånd i hanske for fattige usurpatorer.
    Det er ikke rølp og politikk på avveie når raddisene i Norge snakker som de gjør mot kristendommen. Det er enkelt og greit helt sedvanlige maktmekanismer anvendt i Norge pr. i dag. Jeg valgte gnostisismen som sammenligningsgrunnlag helt bevisst: sosialismen/raddiseriet, er en «politisk heresi» i den forstand at den tilbyr noe fundamentalt galt, det vil si et system hvor befolkningen som sådan er potiensielle fiender. Dette da i motsetning til systemer hvor det er de politiske elitene som sloss seg i mellom, og hvor befolkningen stort sett kan fortsette å plante sin kål i fred.

  13. 13 Blix
    april 8, 2008 ved 10:37 am

    «2. Eg syns motinnlegga si identifisering av kapitalisme/liberalisme og katolsk sosiallære/Johannes Paul II er altfor einsidig. Både i den førre pavens undervising og i den katolske sosiallæra elles finn ein sterk kritikk av uhemma liberalisme og kapitalisme. Joh Paul sin kritikk av komminismen var fyrst og frenst retta mot ateismen og det materialsitiske/naturalistiske menneskesynet.»

    Det var ikke min mening å misbruke kirkelige autoriteter, men den forrige paven beskriver jo godt hvordan liberalismen er en forrutsetning for den frie vilje. Thomas d´Aquinas mener noe om den frie vilje, som også vår tidligere overhyrde og sjef mente var en forrutsening for gode handlinger.

    Tilfellet Kina idag, er et eksempel på at liberalismen er en viktig forutsetning, men IKKE tilstrekkelig, for et godt samfunn. Krenkelse av elementære menneskerettigheter kan ikke kristne godta.
    Vi har altså enormt mange frie variabler som må stemme overens for å få en godt samfunn. På denne bakgrunn kunne pave Joh. Paul II gå løs på den vestlige verdens uhemmede, og av og til, umenneskelige gjøremål i den fattige verden. Paven kritiserte kapitalistiske land, og oss egoistiske Guds ulydige lam, som delvis plyndrer den fattige verden. Paven var så klok, bl.a. fordi han forsto sosialismens vesen, at han ikke gikk inn for enkle overordnede løsninger som bl.a. styrer norsk U-hjelpspolitikk i Norge idag. Konsekvensene av Norges uhyrlige hjelp i mange land, kommer nå etterhvert også for dagen gjennom norsk massemedia.

  14. april 8, 2008 ved 3:20 pm

    Til Anna:

    «Sosialisme» -eller andre -ismar er noko ein korkje «må» leve med eller «ikkje må» leve med. Men i eit samfunn som vårt bør (!) vi rekne med at ulike idear, meiningar og retningar faktisk vil finnast. Og at ein i den offentlege diskusjonen kan apellere til det mest vettuge også hos andre. Eg trur at den offentlege debatten og det sivile samfunnet treng ei best mogeleg oppdatert «venstreside» og «høgreside». Om ein vil bruke andre termar, så gjerne for meg.

    Til Blix:

    Eg trur vi må skilje mellom «fri vilje» (som den katolske kyrkja lærer) og «liberalisme» som politisk og økonomisk teori (som den katolske kyrkja har eit meir nyansert syn på, torer eg seie).

    Med dette set vi strek for «liberlaisme-debatten» her for denne gongen. Takk for innspela!

  15. april 9, 2008 ved 7:01 am

    Stadig viktige ting du formidler, Arnfinn!

    Ikke minst er det flott at Klassekampen har deg med på laget (eller hva vi skal kalle det).

    Hjertesukket om klisjéfrasene om disse millionene av hekser og heretikere er vi som du vet mange som deler.

    Men det hadde vært morsomt å høre om du har noen kommentarer til Rodney Starks «Victory of Reason» (selv om du nok forvises for alltid fra Klassekampens hage om du skulle støtte den;-)

  16. april 9, 2008 ved 8:35 am

    Må innrømme at eg ikkje kjenner den… Kan du seie litt meir?

  17. april 9, 2008 ved 5:38 pm

    Her er det nest beste, en anmeldelse jeg et stykke på vei er enig i – http://www.historycooperative.org/journals/whc/4.2/br_mounkhall.html


Kommenter innlegget


kategoriar