ei tid for å halde ut, ei tid for å gje etter…
TIL DEG
Tung vart vegen din
ven..
augo dine er gjorde
for sola og det
dristige ljoset
alt sterkt og mjukt
samlar dei i seg
men arret av smerte
på netthinna
ser berre dei
som elskar deg
di harde ryggrad av
ansvar
held deg skjelvande
oppreist
gi etter no
eit ljost mørkre
skal bere deg
famne deg
kjenn!
berre lat deg falle no
ven
inn i tusen englars
fang
februar 5, 2008 ved 9:31 pm |
Etter å ha lese dette diktet 30 eller 50 gonger, dvs mange, er det på tide å takka. Men kva ord går det an å bruka? Det er det som er så vanskeleg, å uttrykkja denne takksemda for dei vel valde orda. Eg får gå back to basic: TAKK!
februar 6, 2008 ved 9:12 am |
det er veldig fint. og svært sannferdig og klokt sett.
februar 6, 2008 ved 10:14 am |
Og takk igjen! Poesi er ein slags venskap i seg sjølv…