15
Des
07

carpe diem…

Laurdagskveld på klosteret, i cella… Har skrive preika – det er min tur her i morgon – det hender seg at ho ikkje er ferdig før sundags morgon. Johannes Døypar, kamelhårkledd råtass, ørkenbohem og forkynnar, ein verkeleg munk; tekstane handlar mykje om han i adventstida – fordi han varslar Adventus Dominii; «Herrens kome»! Stille her inne, stille rundt meg. Timane etter vesper og utover kvelden. Noko er fullført – vika som gjekk. Noko ventar – sundagen; den fyrste morgonbøna i koret, så (etter ei messe kl 0900), den store messa kl 1100. Fullt av folk. Songen. Bønene. Angen av røykjelse som ligg att i huset utover sundagen. Helg.

God Advent vidare! Ei strofe av ein evangelisk song kling inni meg ein stad: «Ja, han kommer, o min sjel/og setter alle ting i stand/Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn…» Eigentleg er det difor eg er her.


5 Svar to “carpe diem…”


  1. 1 enhet
    desember 16, 2007 ved 5:53 pm

    Kjære fr. Arnfinn

    Jeg gleder meg og nyter hvert ord du skriver, dine dikt og prekener gir næring til sjela mi .

    Jeg har et problem, greier ikke forklare med enkle ord til min familie hvorfor jeg som katolikk ikke kan dele nattverdbord med dem som er protestanter. De har ikke problemer med å forstå at den Katolske kirke har lukka nattverd, men kan ikke fatte hvorfor jeg ikke kan gå til nattverd sammen når den Norske kirke har open nattverd.

    Mitt spørsmål er litt på sidelinja, men håper du kan hjelpe meg.

  2. desember 16, 2007 ved 9:19 pm

    Det er så flott at alt det strålende du deler med oss når så langt ut, takket være din blog. Godt at Kirkens og Søndagens Helg når ut til de som ikke har den.

  3. desember 23, 2007 ved 9:22 pm

    Til «enhet»:

    Beklagar seint svar, det blei litt borte på bloggskrivebordet…

    For den katolske kyrkja er nattverdfeiring/kommunion nøye knytt til kyrkja; det er meir enn eit individuelt nådemiddel. Den sakramentale kommunionen/fellesskapen kan ikkje isolerast frå resten av den kyrkjelege kommunionen: fellesskap og einskap i lære (også viktige etiske spørsmål) og med kyrkja sitt hyrdeembete (biskopane, i einskap med Romas biskop, paven). Fyrst når det er ein verkeleg og fullstendig einskap – eller i det minste at ein går i ei slik retning – kan einskapen feirast i eukaristien.

    Difor: så lenge du faktisk ikkje er i kyrkjeleg einskap med t d lutherske kristne, er det ikkje grunnlag for fullt og heilt å dele «det eine brødet».

    Dette er ein smerte vi må bere – og prøve å vise vilje til einskap og venskap så langt som mogeleg; gjennom samtale, kontakt, felles bøn osv.

    Dessverre er det slik at den aktuelle utviklinga i dei lutherske kyrkjene i tru og moral heller fjernar dei frå den katolske kyrkja enn motsett. Vi må vone og be at dette skal snu seg. Nettopp for nattverdfellesskapen si skuld.

  4. desember 23, 2007 ved 9:26 pm

    PS Eg får leggje til at dette er den normale kyrkjelege regelen for nattverdfelesskap. Sjølvsagt finst det situasjonar der det kunne vere legitimt med unntak. I forståing med den lokale biskopen, så sant råd.


Kommenter innlegget


kategoriar