Dominikanarpater St. Dominikus kloster Oslo. Dominikanarordenen / Preikebror-ordenen (Ordo Fratrum Prædicatorum; OP/o.p.) – grunnlagt 1217. Født og oppvaksen på Sunnmøre 🙂 Er for tida kantor og prior i klosteret.
Mobil/sms: 0047 97 47 26 39
Mail: arnfinn.haram@gmail.com
arnfinn.haram@katolsk.no
Post: PB 5036 Majst 0301 Oslo
St Dominikus Kloster
Neuberggt. 15 a
0367 Oslo
Mail: arnfinn.haram@gmail.com
Blogg: arnfinnharam.wordpress.com
Sweet!!! og for et mystisk bilde. Noe så middelaldersk. Er du munk eller? Tror du på Gud og slikt? Denne bloggen må du sette etter alle innleggene du skriver overalt. Denne kommer sikkert til å bli overfylt av grupies
Du er penere i virkeligheten enn på dette fotografiet.
Hjertelig hilsen,
f. Arne
Har du slettet innlegget mitt eller? Sensur!? Det er notert. Krig!
Bono?! Hva gjør du her?
Til Eskil:
Som du forstår, er innlegg ikkje sensurert; tok berre litt tid før eg fann ut korleis dei skulle bli publisrete/tigjengelege. Sida «På direkten» kjem alltid opp når du går inn på hovudsida og alle kommentarar til «På direkten» er då synlege. Har du kommentert på ei anna side (som t d «Litt om fr Arnfinn», soim du har gjort, må du klikke på den – og vips kjem også kommentarane/innlegga fram! Rart med det… 🙂 Vonar krigen vert avlyst!
Til fr Arne (min prior): Biletet blir ståande – etter massiv støtte frå viktige grupies..
Til Dag: Bono er katolikk – og alltid velkommen på min blogg!
Til
Ah… MÅTTE du ha på DEN genseren på det bildet? Jeg fatter ikke at en så forfengelig person som deg kunne gjøre noe sånt. Hvordan går det med virtuositeten?
Hettegensarar passar perfekt til å dra utanpå kutta, og vi tiggarmunkar tar det vi får… Du skal berre vere glad for at eg ikkje hadde på den med teksten: «I’m an anarchist», både på ryggen og på brystet. Stilig! 🙂
Ønsker deg en velsignet høytid – med og uten hettegenser 🙂
ps: Regner med du er en velsignelse for dem du møter som du alltid har vært… Skal også hilse fra Ronny – han prater ennå om «drosjeturen» en nattestund til Bjørndalsskogen. Måten du møter mennesker på er en GAVE fra Herren! Korte møter kan gi såfrø som andre høster…
Tusen takk for det! Har mange gode minne frå Bjørndalsskogen, tenkjer ofte på det med takk, særleg på menneska eg møtte; det har sett spor i meg…
Hels masse frå meg – og Guds fred over jule- og nyttårshelga! Veldig hyggeleg å få helsing!!
Har gått til undervisning hos deg denne høsten, og vil bare takke for at du har ført meg inn i en ny, stor, utfordrende og vakker verden. Gleder meg til fortsatt undervisning på nyåret. Må også få takke for alt det du skriver i bloggen din, særlig diktene som har kalt på tårer flere ganger, men også på smil. Ønsker deg en velsignet høytid.
Takk tilbake! «Omforladelse» for seint svar; jul i klosteret, reise.. og lite blogging. Men eg prøver å halde tråden. Fint dersom bloggen kan vere eit lite vindauga inn i ei større verd! Det er berre eit anna namn på «det katolske». Framleis god jul!
«Hvordan skulle fornuftens – og samfunnets – anstendighetsmoral ha kunnet forme seg uten troens martyrer? Og videre: hvordan skulle denne moral ha kunnet unngå å visne om det ikke var for den fornyelse, den kraftutstråling som utgår fra dem som har tapt seg selv i Gud? Linjen over avgrunnen holdes stram av dem som gir den et feste i himmelen – ved troskap mot en tro som er det stadige, ytterste offer» (Dag Hammarskjöld)
Ønsker deg et godt nytt år, Arnfinn! Vi sees
Fin blogg. Bruker anledningen til å ønske deg en fortsatt god juletid og et kommende godt nytt år, med de beste hilsener fra Nicholas. 🙂
Neimen har du blogg? Så bra!
Godt nyttår! du får si fra om du har tid til å komme på middag snart. Var forresten ute med din kamerat Jon Kåre på Mono her forleden og tok noen pils. Veldig koselig! Verden er liten.
Klem fra Gro
Hei Gro! Godt nyttår!
Welcome back frå Afrika! Artig å treffe slekta på blogg! Har oppdaga deg på facebook: «Bare Haram» og merka meg profilen: Politics: liberal; religion: confused. 🙂 Denn vika har eg vore på eit kurssenter oppe i Østerdalen (nydeleg vinterlandskap!), men drar til Oslo laurdag (den 12.). Blir i byen, litt hit og dit, fram til eg reiser til Roma den 15/2 – og blir i der vår.. Så gjerne middag ein dag! Du høyrer frå meg! Bless!
Hei
Jeg savner en liten konversjonshistorie på sidene dine. Det hadde vært interessant. Kanskje du har en bare jeg ikke finner den?
Hm, det er ein sjanger eg har prøvd å unngå. Så lett for å bli overfokusert. Men eg kan kanskje la meg pushe til ei kort-versjon. Skal tenkje på det.
Dette er en fin blogg!
Særlig det du nettopp skrev om bønn traff meg, at man kan be inni seg, og ikke finne seg i å bli sittende fast i tunge tanker og følelser, men be og overlate det tunge til Gud. Jeg synes den stille uke ofte er tung, kan oppleve å bli sittende fast i sviket og lidelsen, og får ikke tak i at oppstandelsen skjer, og at håpet kommer tilbake, og at nåde er der for oss. Tro nok det henger sammen med at jeg som barn fikk inntrykk av at det var min (menneskenes) skyld at Jesus ble korsfestet, og det kan jo være tungt. Ikke meningen å klage, altså.
Det er vel ingen forutsetning å være katolikk for å være med på denne bloggen?
Takk for det!
Om bloggen berre er for katolikkar? Nei, denne boggen er sjølsagt open for alle, absolutt uansett! Både å lese og å kommentere! 🙂
Det du skriv om «skuld» er viktig. Det er eit av dei orda – og den realiteten det dekkjer – som er verkeleg vanskelege. Og likevel viktige og uunngåelege. Det er jo slik med alle dei «store tinga» – dei høyrer med til det å vere menneske, men det er krevjande å ta dei med seg gjennom livet, det er alltid risikofylt. Alt det viktigaste er risikofylt. Ettersom vi veks og mognast, må vi «ta med oss» dei viktige orda og prøve å forstå dei og utdjupe dei, meiner eg. Slik at ikkje noko hos oss blir «vaksent», mens andre ting stagnerer.
Det er ikkje alltid vi greier å la alt vi har lært og erfart i barndomen og ungdomen, henge med. Misstydingar. Vonde opplevingar… Då må vi, som vaksne, prøve å innhente oss. Tenkje, samtale med vener, gå til ein sjelesyrgjar og/eller terapeut. Gripe fatt i tinga.
Det gjeld også forståinga av «skuld». Også i høve til Jesus død for oss. Sjølvsagt kan det missforståast. Dostojevskij skriv i sine romanar at «vi er skuldige overfor alle», i alt – kunne vi leggje til. Det er sant – men veldig lett å missforstå dersom det ikkje blir tatt inn på ein mogen måte.
Så eg trur du bør la barnets oppleving av ordet «skuld» i samb med Jesu død bli lagt bak. Prøv å forstå det der du no er i livet. Som ein vaksen.
Takk for svar!
Det oppleves riktig at disse spørsmålene er verdt å bli utviklet og jobbet med på en voksen måte, og fra den voksnes sted i livet. Jeg skal ha det rådet med meg videre.
Ønsker deg en velsignet påske!
Vår Herre Jesu Kristi fred være med dere alle !
Dette er kanskje ikkje rett plass, men skitt au: Via ymse kanalar har eg skjønt at du er 60 år, og eg vil gjerne få gratulera deg. Samstundes vil eg få gje uttrykk for undring og beundring – for du må vera ein særs ungdommeleg sekstiåring!
går det ikke an å snu rekkefølgen på responsen slik at de nyeste innleggene kommer øverst???
Det går sikkert an, Martin. Må berre sjekke med datakonsulenten min, see?
Heh! Du er broren til Liv du, sant? Artig så mange referanser til barndommen man kan finne på disse bloggene 🙂 Hils Liv når du ser henne, da. Fra Britt Åse.
Det stemmer! Skal helse!
Berre inne å kikar meg rundt i WP verda,Kjem innom å les deg seinare.Er sikker på at eg finn noko godt å fint å lese her.
God helg
Velkomen innom – og til å kome tilbake! Litt roleg puls i bloggen for tida, ein meir «kontemplativ» fase. Det skiftar…
For å dvele litt lenger ved genservalget, så heter en sånn genser på folkesproget gråmelert MUNKEjakke. Det er jo litt kult!
Takk for det, Magnus! Den passar fint til munkekutta – som eg har på under trøya…
Takk for et veldig, veldig bra foredrag i St Laurentius i går kveld. 🙂
Lenker til sida di, jeg. Om det ikke er greit, si ifra. Takk for det du skriver.
Hei Arnfinn;
det skulle vore svært interessant å vite kva du finn i virket ditt i den katolske kyrkje som du ikkje fann i den Lutheranske…………..
Noko må vel til om ein ynskjer å konvertere; det er vel ikkje eit hendeleg innfall som gjer at slike store omveltingar skjer.
Eg synes at blogginnehavar er litt på etterskot med svar på eit innlegg. Det er vel interessant problemstilling eg set opp så fleire ville vel ha interesse av å vite noko om dette.
Takk for det du skriver. Jeg er katolikk i et lite samfunn og suger til meg næring bl.a. fra deg.
ps. husk å ta tran, slik at du varer lenge! 😉
Øystein: Beklagar seint svar her; vika på fjellet gjorde sitt samt at eg nok litt for sjeldan sjekkar akkurat denne sida («Litt om…»).
Å gjere greie for alle sidene ved ein konvesjon, er umogeleg på kortfatta bloggplass. For min del hadde eg heilt frå yngre år ei tydeleg katolsk orientering, reint teologisk. Men eg valde å gå inn for å prøve å fornye Den norske kyrkja – også fordi eg meinte, og meiner, at ho har meir katolsk arv enn det som har vore aktivisert i ulike epokar; i embetsordning, i liturgi, i sakramentalt liv og sjølsagt i dei grunnleggjande dogma. Reformatorane hadde ein eksplisitt katolsk intensjon (jfr innleiinga til Confessio Augustana). Dessverre har denne katolisiteten blitt oversett og forsømt. Mange ting i den noverande utviklinga i DNK fjernar henne frå den katolske kyrkja (og frå den ortodokse).
For meg vart det nødvendig å ta eit steg til den kyrkja som eg reknar for den opphavlege og autentiske og som har gjeve vidare fylden i den kristne trua og det kristne livet. Også det beste i den lutherske tradisjonen måtte eg, så å seie, bli katolikk for å behalde.
Hei, Arnfinn!
Du skriv i «litt om deg sjølv» at du er kantor ( korleiar)der i klosteret. Eg er sjølv kantor, men er ikkje katolikk. Eg hugsar godt då du i 1978 gjorde ein gripande solo i Volda kyrkja. Det gjorde inntrykk på meg, eg var då 16 år, då du song så vakkert at alle mine tidlegare musikalske erfaringar bleikna! «Av moll er du komen til dur skal du bli» med SKRUK og Vårsøg.Denne Lp-plata, og for meg denne konserten seinhaustes i 1978, vil alltid stå som noko stort i mi oppleving av musikk. Skjønar godt at du er kantor. Syng du framleis noko av desse folketonane frå Sunnmøre ( Møre & Romsdal)i di teneste? Har dei noko å tilføre din nye ståstad, i ditt nye kyrkjesamfunn?
Takk for gode minne! Voldakyrkja står i ein eigen glans, må eg seie. Både fordi ho er arkitektonisk vakker og er eit verkeleg liturgisk rom – og fordi eg har hatt mange opplevingar der. Frå gudstenster, ofte knytt til samlingar i Sunnmøre krins av Norges kr. Ungdomsforbund (KFUM og -K) der eg var aktiv, frå konsertar med Sunnmøre kr. Mannskor som tråla Sunnmørsbygdene (ja, heile Vestlandet) kvar påske og kvar haust, og konsertar, øvingar og innspelingra med Skruk, på 70- og 80-talet. Akustikken i rommet, både i bokstaveleg og overført tyding, vil alltid vere eit klangrommet inni meg.
Eg syng gjerne folketonar, når det passar slik. Dei passar så godt inn i heile den kyrkjelege songtradisjonen (som t d den gregorianske songen). Klart at desse tonane og tekstene tilfører den katolske kyrkjesongen og spirtitualiteten mykje! På mange måtar har dei si rot i den norske, kyrjelege tradisjonen tilbake til tida før reformasjonen. Salmetekstar som dei av Brorson, Blix, Kingo, Støylen, Hovden o a er allmennkyrkjelege i djupaste forstand.
Alt dette er ein del av meg sjølv. Eller: Eg er ein del av det!
Godt at du held på røtene, musikalsk og i den tradisjon du har vakse opp. Er det i desse folketonane tekstlege aspekt eller muikken/ tonane som du ser har tradisjon/ slektskap tilbake til før reformasjonen? Er det innslag av gregorianikk i desse folketonane? Er det grunnlag for å seie det? Alderen på «Så legger jeg min syssel ned» er vel ikkje eldre enn maks 150 år, eller?
Ser du det som aktuelt for deg å synge i ei norsk kyrkje i ein eller annan samanheng, t.d. ilag med SKRUK? eller er det umogleg, og kvifor? Du treng ikkje svare på dette om du synset eg er for innpåsliten. Tru meg, det ville glede veldig mange om du gjorde det!!;-)
Det er ingen ukjent teori at der er ein samanheng mellom folketonane og den gregorianske songen; begge vegar, vil eg tru.
Kva då med songar som ikkje så gamle? Ja, kva er alderen på ein tone, eigentleg? Rota kan liggje gøymt i djup, historisk jord. Ingen ting blir til på 1,2,3. Den musiske stemninga og tonekjensla er oftast eldre enn den konkrete melodien.
Klart eg ser det som aktuelt å syngje i ei norsk-luthersk kyrkje, noko eg faktisk gjer frå tid til anna, om enn mest i tilknyting til at eg er der som predikant på ein eller annan måte.
Med glede!
Du skriver gode ord, som jeg gjerne vil følge.
Lurer på om vi har felles kjente i Ole Martin og Solveig som nettopp giftet seg?
Hei Arnfinn, ville bare si at jeg setter stor pris på dine innlegg i klassekampen. Selv om vi ikke alltid er enige, synes jeg du skriver med god innsikt og gode poeng. Gleder meg til å høre ditt foredrag den 14 sept.
Sorry for litt sein respons; sjeldan inne på akkurat denne sida. Men takk for gode ord, og velkomen på alle foredrag!