Archive for the 'poetica' Category



01
Nov
08

poetica: November

NOVEMBER

Nakne
står trea no
sommarens skrud
kasta av
gjeven tilbake til jorda

no
er vi berre
stamme og
greiner
berre
line og skrift
rissa inn på
veikt lysande himlar

det må vere slik
når vinteren pustar på deg
gjeld berre
det som er

04
Okt
08

poetica: Til den hl. Frans av Assisi

…som vi feirar festen for i dag. Som tiggarmunk er han også ein av dominikanarordenen sine fedre. Diktet skreiv eg i Frankrike for nokre år sidan…

SHANTY
-til ære for den hl Frans

Heilage Frans
min far
vi siglar i dag!

Kom om bord
seier du
kast loss
opp med alle segl
og gløym ikkje dei små
fokka
klyveren
mesanen
dei hjelper ikkje på farten
men på kursen
på støleiken

lat båten vere lett
himlen og skyene
er vår last
vi flyg avgarde
over eit hav av sol
og når natta kjem
skal stjernene og morelden
lyse for oss

Alleluja!

Reklame
02
Jun
08

poetica…

til ein ven som fyller  år i dag; skrive for ei tid tilbake, men det passar endå…

 

Eirik

 

Du stormar fram

vil rive stjernene

og himlane til deg Les meir «poetica…»

27
Mai
08

poetica…

dette skreiv eg i Strasbourg for mange år sida; passar her i Roma også, no…


VESTNORSK DRAUM

Draget av vind over fjorden

å lette ange av salt
saman med angen
av furene granene
bjørkene ospene

og dei brudekledde aplane
med tunge raudkvite blomar

og angen
av lysande lette brudemøyar av
kirsebærtre

og av den drivkvite
viljesterke heggen

og gløym ikkje einekagen
med sin kvasse friske eim!

å fjorden min
å strendene mine
i den unge førsommarens fang

05
Mai
08

poetica…

det går mykje i engelsk i skrivinga mi her, så dikt kjem også på engelsk; sometimes…

TRUST

Now is the hour of trust
There are reasons
How could it be
otherwise?
Signs
friends
encouragement
experience
But not enough
Only
Trust
is enough

Like a nail
you have to hold it
with one hand
The left
Not so good not
so strong but
only keep the
position
the spot
Don’t waver
hold on
be accurate
accurate!
And then:
Use the hammer
again, again, again
beats of confidence
The determined sound
of trust.

(Roma, 5/5-08 )

30
Apr
08

poetica…

Ein skal ikkje legge ut dikt om seg sjølv, men eg lova det! – til forfattaren; éin av lærar-studentane frå Høgskulen i Hamar, som eg fylgde til Assisi nyleg. Ein kjempegjeng! Diktet er skrive på ”bror Buss” frå Assisi til Roma…


TIL FR ARNFINN

Arnfinn er en mann som lever i Frans sin ånd,
iført moteriktig kutte og rosenkransbånd. Les meir «poetica…»

26
Apr
08

poetica…

ein salme, sidan det er helg…

Å, SAKRAMENT SÅ SÆLT

Å, Sakrament så sælt
løynt i eit jordisk ly.
Sjå, kring ditt låge telt
vår bøn vi fram vil by
Å, Jesus, høyr vår lov og pris
av kjærleik fylt, som Paradis!
Å Sakrament, så sælt!

Å, Sakrament av fred
ein heim, for hjarto kjær,
der rastlaus lengt sig ned,
all sorg finn kvile der!
Der i ditt øyra kviskrar vi
så trygt vår bøn, vårt tap, vår strid
Å, Sakrament av fred!

Å, Sakrament av ro
ei ark på ville hav,
vern oss ved Kristi blod
til stormen stilnar av
Kom frels oss; vinden rasar hardt!
Ja, frels oss; vi gjeng under snart!
Å, Sakrament av ro!

Å, Sakrament, så sælt
som gjestar oss på jord,
du Guddomsmajestet
så strålande og stor!
I frå det djupe lyser du
så natti vik for von og tru!
Å, Sakrament, så sælt!

(”Sweet Sacrament Divine”; av Francis Stanfield, oms. Av fr Arnfinn Haram o.p., 27/9-96)

og her er originalen

Sweet Sacrament divine,
hid in thine earthly home;
lo! round thy lowly shrine,
with suppliant hearts we come;
Jesus, to thee our voice we raise
In songs of love and heartfelt praise
sweet Sacrament divine.

Sweet Sacrament of peace,
dear home of every heart,
where restless yearnings cease,
and sorrows all depart.
there in thine ear, all trustfully,
we tell our tale of misery,
sweet Sacrament of peace.

Sweet Sacrament of rest,
ark from the ocean’s roar,
within thy shelter blest
soon may we reach the shore;
save us, for still the tempest raves,
save, lest we sink beneath the waves:
sweet Sacrament of rest.

Sweet Sacrament divine,
earth’s light and jubilee,
in thy far depths doth shine
the Godhead’s majesty;
sweet light, so shine on us, we pray
that earthly joys may fade away:
sweet Sacrament divine.

20
Mar
08

poetica…

Skirtorsdag, Getsemane, den natta han vart sviken…

DEN NATTA

Natt
mørk nok
for Judas
mørk nok
for kyss
som endar i galgen
for nyttige sølvpengar

sjå blodåkeren lyser alt
men raudt

mørkre
for køller og soldatar
mørkre
som let Kedron spegle
ei skjelvande stjerne
mørkre
som tetnar
kring skuldrene
dei bleike skuldrene
som ber oss

berre eit bleikt ljos
i denne natta

16
Mar
08

poetica…

ein ven ba meg i går om å omsetje dette diktet av Yeats (irsk diktar);
og kanskje handlar også Palmesundag og Den stille vika om å utlevere seg? tenkte eg etterpå…

HE WISHES FOR THE CLOTHS OF HEAVEN

Had I the heaven’s embroidered cloths,
Enwrought with golden and silver light,
The blue and the dim and the dark cloths
Of night and light and the half-light,
I would spread the cloths under your feet:
But I, being poor, have only my dreams;
I have spread my dreams under your feet;
Tread softly because you tread on my dreams.

HAN YNSKJER SEG EI HIMMELSKE DRAKT

Å, hadde eg himmelens prydsauma drakt,
Med belte av gull og av sylv så ljost,
Den blåe, den bleike og myrke drakt
Av natt, av ljos og av halvljos,
Då breidde eg drakti ut under din fot:
Men eg, som er fatig, eig berre min draum;
Og draumane breidde eg under din fot;
Trø varleg, min ven, for du trør på min draum.

(W B Yeats; omsetj: Arnfinn Haram, 16/3-08)

04
Mar
08

poetica…

Roma, for ein time sidan, sett frå cella…

BYEN

pinjer
romas æveleg-grøne
parasollar

innimellom husrekkjene
kler opp dei sju høgdene
balanserer yttarst på
tarpeiske klipper

eit still-leben
ei livlaus tid
ruinkulissar og
kampanilar
kuplar
brotne søyler

beingrinder av
imperie-dinosauren

leviatan
har stranda her

antikken
patinaen
turistane
monumenta
døden

men hundre duer
har landa på dei varmt raude
takpannene nedanfor her

apostlar, martyrar og confessorar
steig herfrå
inn i paradiset

civita æterna!
udøyelge heimstad
for oss alle

02
Mar
08

poetica…

sidan det er sundag….

MØTE I HAGEN

Domine
i alt som er
er du

sakte svingar greinene
i sommarens fyrste
varme vind

det vemodsfulle andedraget
som går gjennom ditt eige hjarta

den faste rytmen
som slår stille
der alle sansar møtest
som bankar varsamt
i festet mellom arm og hand
det er ditt eige
utolmodige tolmod

ein gong
høyrdest dine steg i hagen
i den svale vinden
du var det
uroleg lengtande
etter dine bortkomne born

all sorg gøymer seg i hagen
som ein såra skapning

sorga må gjennombrytast
eg høyrer din djupe innpust
når du går inn i døden
inn i grava

så med eitt står du der
fritt og høgt går bringa di no
og eg høyrer mitt eige namn
over dine lipper
og over mine eigne
nølande
overvelda:
Rabbuni!

22
Feb
08

poetica…

du kjem fram ein gong, vesle Holgerson…

TIL KEBNEKAJSE

Store sorg
vesle gut

vengjene dine
av mjuke grå fjører
ber meg avgarde

høgare opp
enn eg skjønar
lenger avstad
enn eg trur

vågar ikkje å sjå ned
eller sjå fram
ser berre vengjer

kvifor flyg du så tungt
stormfugl
med denne vesle børa?

fordi reisa er så alvorleg
fordi du veit
at målet ligg langt unna
men at det finst der
ved dei blåe fjella

som ventar oss

12
Feb
08

poetica…

vestpå kjem våren no, snart…

TIDLEG

Kjære bjørkeskog
når er du vakrast?

kanskje
når du kler deg i den fyrste
lette grønsken
førsommarens brudeslør?

eller kanskje
når du let den sterke julisola
sile gjennom dine mogne
viftande rankar
for å lyse opp i rikdomen
av angande blomar
som står tett
i skuggen under greinene dine?

eller kanskje aller helst
når du berre er eit hav
av fiolette
uferdige
sår-vare
levande knoppar
i våren før våren…

04
Feb
08

poetica…

vi er kvarandres lagnad…

EIN VEG

Ven
ein veg vart du
for meg
så underleg
så annleis
enn eg tenkte

ville gå ut or han
gå og gå
mot sorghimlane

men vegen fylgde etter
slapp ikkje foten min
det finst vegar
ein ikkje kan vike frå

berre framover
berre vidare
gjennom stengde rom
over høgder og
avgrunnar

mot sola
og vindane
og slettene

der alle vegar
kviler ut

01
Feb
08

poetica…

ei tid for å halde ut, ei tid for å gje etter…


TIL DEG

Tung vart vegen din
ven..

augo dine er gjorde
for sola og det
dristige ljoset
alt sterkt og mjukt
samlar dei i seg

men arret av smerte
på netthinna
ser berre dei
som elskar deg

di harde ryggrad av
ansvar
held deg skjelvande
oppreist

gi etter no
eit ljost mørkre
skal bere deg
famne deg

kjenn!

berre lat deg falle no
ven
inn i tusen englars
fang

23
Jan
08

poetica…

TIL EIN VEN

Du stormar fram
vil rive stjernene
og himlane til deg

springande
leande
undrande deg
med barnets
grenselause tillit
og alvor

Du må
du vil
elske
setje alt inn

medan noko bivrar
under brystet:

ein stor angst
over djupa
du anar inni deg
kringom deg

Det vil bere
eller breste

det vil bere!

17
Jan
08

poetica…

litt mariansk, moderleg, i kveld…

MATER DEI

Mater Dei
kva veit eg om deg?

det er så mange som har freista
å viske bort biletet ditt
vekk frå augo
vekk frå hjarto
hjå dei som trur på son’ din

kva skal det tene til
å stoppe munnen
på dei som prisar deg sæl?

Skrifta held ikkje opp med sin tale
Elisabeth helsar deg like fullt
som velsigna mellom kvinner:
bendicta tu!

og han som dei vil ære
ved å gløyme deg
talar tungt og tydeleg frå krossen:
ecce mater tua!
og eg svarar:

mor!

15
Jan
08

poetica…

livet kan vere slik…

”Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han”

NOKO

Noko
er så vondt
at det ikkje kan skrivast

du kan berre sjå på det
og vente
på engelen
frå Getsemane

11
Jan
08

poetica…

litt Gallilea-sumar midt i vinterverda…

DEKAPOLISLANDET

Herre,
du er den store vandraren
Gallilea er Guds rike
Den kvite, lette tunikaen lyser
graset bøyer seg under fotblada
luktene driv inn frå sjøen
villrosene angar langs vegen
To og to går vi, vi dine vener,
i ein prosesjon av liv
Der går eg
i den underlege flokken
Ein av dei
Av dine

04
Jan
08

poetica…

eg seier ikkje meir..

PANTHEON DE PARIS

Den dekonsakrerte kyrkja
omgjort til tempel
for Fedrelandets Store Menn

ikkje dei ukjende soldatane
men dei velkjende
generalane
filosofane
ingeniørane
litteratane
alle Dei Store Parykkane

Den Absolutt Opplyste Majesteten
og alle hans absolutt opplyste lakeiar

World Proud Center

eit veldig interplanetarisk insekt
som har lagt seg over verda

ei svart sol
eit strålande mørkre

tungt
tungt
av ingenting

PS
Sett at nokon hadde teke
Bachs messe i h-moll
tetta alle vindauga
og omkomponert henne
til ode for Frederik Den Store
av Preussen (ikkje Alf)?

sic transit gloria Dei




kategoriar