Archive for the 'homiletica…' Category



16
Okt
11

homiletica: 29. sundag i året, st dominikus krk, matt 22, 15-21

Kjære brør og systre!

Evangeliet i dag handlar om lojalitet: Er det tilatt å betale skatt til Cæsar, eller ikke? Jesu motstandarar prøvde igjen å fange han i ei felle: Svara han at, ja, de er rett å betale skatt til keisaren – så var han ein svikar av folket sitt, av Guds folk og av folkets Gud. Svara han nei, det er feil å betale skatt til keisaren – så var han ein fiende av imperiet, av Cæsar, av okkupasjonsmakta.  I begge tilfelle ville dei ha noko på han, som grunn for å få han fjerna.

Men han fangar dei i deira eiga felle; dei blir svar skuldige; han vender utfordringa tilbake, dei må sjølve ta stilling: Gi Cæsar hva Cæsars er, og Gud hva Guds er.

Dermed lærer han oss noko viktig om vårt liv som truande i denne verda. Cæsar, keisaren, eller kva namn og form styremaktene må ha, har ein viss rett i denne verda. Gud brukar samfunnsordningane som ein reidskap for å halde fred og orden slik at det menneskelege livet kan utfalde seg; sosialt, kulturelt og på alle vis. Det skal finnast ei rettsordning i samfunnet, det skal finnast fungerande lover. Vi må rekne med å vise respekt, betale skatt, oppføre oss omsynsfullt og ryddig. Slik var dei fyrste kristne sit etos, sjøl om dei ikkje levde i eit kristent samfunn. Det kom seinare. I oldkyrkja heitte det:

Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære…. elska broskapen, ottast Gud, æra keisaren (Rom 13, 7// 1Pet 2,17).

Dei kristne skulle ikkje vere asosiale eller sekteriske.

Samtidig visste dei at keisarar, kongar, ja, ministrar og parlament og alle slags samfunnsordningingar ikkje er det same som Guds rike. Guds rike skal vere som ei surdeig i samfunnet, dei truande skal vere salt og ljos i verda – men Guds rike vil aldri kunne vere samanfallande med eit jordisk rike. Kyrkja har kunna hatt posisjon og prega samfunnet med sine verdiar – eller ho har måtta gå under jorda, i katkombane, eller i alle fall vore ein minoritet, ein motkultur. Faktum er at vi no er i ferd med å vende tilbake til ein slik situasjon i vår del av verda, etter mange hundre år med kristen dominans.

Guds fullstendige og fullkomnne rike er eit rike som skal kome, ved Kristi synlege gjenkomst, i parusien, i ’tilsynekomsten’. Difor bed vi stadig: Adveniat regnum tuum/’Komme ditt rike’! Riket er her no, sjøl om det kan synast skjult, lite, ikkje-dominerande. Ein dag skal det kome i sin glans! Difor skal kyrkja heller ikkje forvente eller krevje at Cæsar – eller styremaktene – alltid skal vere kristne. Det vi skal kunne forvente, er at dei skal ivareta rett og rettferd, at vi skal kunne leve i eit rettssamfunn.

Brør og systre! Cæsar og styremaktene skal vi respektere og vi skal be for dei, så langt dei fremjar rimeleg rettsorden. Vi skal gi Cæsar hva Cæsars er. Men: Vår djupaste lojalitet er Gud. Han som er kongen over kongane og Herren over herrane. Difor hyller vi han i kvar messe: Kyrie, eleison! Herre, miskunn deg! Det er Du som er vår eigentlege Herre. Liturgien var i den tidlege kyrkja ikkje berre fromme og inderlege formuleringar, men hadde eit samfunnsmessig og kritisk potensiale i seg. Difor syng vi også:

Gloria in excelsis/ Ære være Gud i det høyeste – han er den høgste – og: Du som sitter ved Faderens høyre hånd, miskunn deg over oss. For du alene er hellig, du alene er Herren, du alene er Den Høyeste,-så å seie den høgste Cæsar –  Jesus Kristus, med Den Hellige Ånd i Gud Faderens herlighet.Amen.

Denne hyllinga song også martyrkyrkja når ho feira evkaristien i katakombane – og difor kunne dei truande, dei ”kristtrugne”, ikkje hylle Cæsar som den høgste, som gud. Dei kunne gje Cæsar ”hva Cæsars er”, men dei kunne ikkje gje han ”hva Guds er”. Gud ville bruke til og med persarkongen Kyros i sin plan, men han skulle hugse, som vi høyrde: Jeg er Herren, ingen annen!

Korleis er det med oss? Vi skal vise alle skyldig respekt. Men er Kristus den som er den djupaste forpliktinga i livet vårt? Eller lever vi eit splitta liv, eitt liv på jobben og i det offentlege og eit anna når vi er i messa? At vi skal gi Cæsars ”hva Cæsars er” og ”Gud hva Guds er”, betyr ikkje at vi skal leve eit smart dobbeltliv, eitt liv i business og eit anna i bøn. Det kan vere freistande i eit samfunn der vi som kristne er nøydde til å leve i eit sekularisert samfunn som ofte fylgjer sine eigne lover. Når det blir lojalietskonflikt må vi, som Skrifta seier, lyde Gud meir enn menneske (Apgj.).

Må Gud gje oss dømekraft her. Slik at vi blir mennske med integritet, også i vanskelege situasjonar. Er det noko som verkeleg trengs i samfunnet i dag, er det menneske med integritet. Som ikkje gir alle ”cæsarane” meir enn dei skal ha, anten det er samfunnsmakter, pengemakter eller meiningsmakter.  Lykkesmedar, profittørar, karrieristar og opportunistar er det nok av.

Difor:

Alltid freidig når du går/veie Gud tør kjenne//selv om du til målet når/først ved verdens ende!”

 

Reklame
27
Sep
11

homiletica: 26. sundag i det allmenne året, 25/9-11, St dominikus krk, matt 21, 28-32

Kjære brør og systre!

Det handar om omvendinga, om bota i dag. Jesus kom med eit kall til omvending – og han sende apostlane ut med denne bodskapen: -Vend om, for Himmelriket er nær! Og han sa:

-Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag.

 På Pinsedagen er Peter fyrste mann ute med dette. Han forkynner, og folket spør:

-Kva skal vi gjera, brør? Peter svara: Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage Andens gåve. (Apgj 2,37-38).

Andens gåve, tilgjeving for syndene, dåpens bad –porten til alt dette er altså bota, omvendinga, konversjonen.

Jesus forløpar, Johannes døypar, forkynte òg bot: -Vend om og ber frukter som svarar til omvendinga, sa han! Det Jesus vil seie, er at det er den faktiske omvendinga og livsforandringa som tèl, ikkje formalitetar og posisjonar. Israels folk, og særleg dei som skulle halde oppe Guds-trua i folket, som yppersteprestene og folkets eldste, slik vi høyrde det, dei vende ikkje om. Dei tenkte kanskje: -Vi tilhøyrer Guds-folket, vi er prestar og lærarar, alt er på plass. Dei, derimot, som var tydelege, skinbarlege syndarar, forstod og innrømte at dei trong å gjere bot, at dei trong nåde – og mange av dei trudde på Jesus som Messias og begynte eit nytt liv saman med han.

–Johannes viste dere rettferdighetens vei, seier Jesus til øvsteprestane og dei eldste, -og dere trodde ham ikke; skatteoppkrevere og skjøger derimot, de trodde ham.

Jesu ord betyr sjølsagt ikkje at det er Ok med pengejuks og prostitusjon, han kallar jo nettopp mennesket til å vende seg frå sitt gamle liv, leggje det bak seg. Det han seier, er at det er ikkje utgangspunktet, forhistoria eller livshistoria di som tèl, men kva du vil gjere med det, kva slags framtid du vil velje. Du kan få ein ny start, uansett kven du er, viss du svarar Ja til kallet, viss du tar utfordringa, viss du tek i mot Guds nåde. Den nåden som slettar ut alt. Som profeten Jesaja ropar ut:

Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull (Jes 1,18).

Eller som profeten Jeremia sa i lesinga:

-Når den ugudelige vender om fra sin ondskap og gjør det som er rett og rettferdig, da skal han berge livet. Han så alle synder han hadde gjort, og vendte om fra dem. Derfor skal han ikke dø, men leve.

Jeremia tok nettopp oppgjer med den tanken at det er fortida, familien, slekta, historia di  som avgjer, at du så å seie er dømt til din skjebne. Nei, du er ansvarleg, du er fri, du kan gjere eit oppbrot. Du kan vende om. Det nyttar!

Mange har sagt nei til Gud, mange har gitt etter for det som er mot Guds vilje, det som er synd. Men så angrar dei – og nei-et blir forvandla til Ja! Og mange har sagt Ja til Gud – i dåpen, ved ferminga, ved klosterlovnadane eller ordinasjonen, eller i ein bevega augneblink! Og så blei det ikkje meir, sakte glei ein bort, det blei med orda.

Brør og systre! Å vere prest, ordensbror- eller syster, katolikk eller å vere rekna med av godtfolk – det gjev ingen forrang hjå Gud utan vidare. Det inneber eit ansvar, ei forventing – og det er resultatet som er avgjerande. På den andre sida: Har vi gått oss fast i ei rutinetru, kjennne vi at vi går på tomgang, har vi mist motet eller blitt kyniske og oppgitte – berre la det skure den tida eg har igjen – då skal vi vite at det nyttar, at det store, heilage NO står ope. Livshistoria vår, dei bitre erfaringane og nederlaga kan ta motet frå oss. Men husk: Det er berre eit pust, ei kort tid, i forhold til det evige livet, til det som er målet vårt; Himlenens rike, samfunnet med Gud, fullbyrdinga av vårt kall som menneske. Det er ikkje for seint å ta fatt på det, det er ikkje for seint å gjere nei-et til eit Ja.

Kanskje har vi alle grunn for å seie med salmen i dag:

 

-Kom ihu din godhet, din miskunn, Herre, for den er fra evighet. Glem min ungdoms synder, se til meg, Herre, i din kjærlighet,

 

 

 

11
Sep
11

homiletica: preike ved høgmessa i Oslo Domkrk; ekumenisk minnegudsteneste i høve tiårsdagen for «11.september», New York; Mark 7,31-37

Gjestepredikant i Oslo Domkrk i dag. Teksten er den oppsette preiketeksten i Den norske kyrkje for denne sundagen…

Kjære brør og systre!

Evangeliet i dag fører oss rett inn Jesu misjon, hans messianske misjon, hans oppdrag.  Folk var overveldet og forundret, høyrde vi, og dei sa: Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høre og stumme til å tale.  Dei kjende, kanskje utan å forstå fullt ut, at her var nettopp Messias på ferde, i arbeid.

For Messias, den salva frelsar-kongen som folket venta på, han skulle nettopp gjenreise godleik og rettferd, han skulle fornye både folket og menneska og reise dei sjuke, rettslause og fattige opp til fullt verd i Guds folk, til fullt verd som Guds skapningar, til fullt verd som menneske. –Herre, du Davids son, ropa den blinde Bartimeus der han sat ved vegkanten og venta på at Jesus Messias skulle passere; – gjer sælebot på meg, miskunn deg over meg, gjer meg sjåande!

Ja, Messias opne blinde augo, og – som vi høyrer i dag – han opna døve øyre og stumme munnar. Tungene tala, leppene opna seg; ord braut fram, lovprising lydde. For han, Messias, hadde tala sitt Effata!; Lat deg opp! Frå djupet av si sjel, med ein sukk som sette himmelske krefter i rørsle, gjorde han underet, viste han teiknet, teiknet på nyskapinga av mennesket!  Det mennesket Gud har skapt til å høyre og tale!

Jesu messianske misjon, hans frelsargjerning, omfatta også dette: Opninga av mennesket! Forløysinga av mennesket som eit meddelande og kommuniserande vesen. Mennesket er skapt til å vere ein open skapning, ein skapning som tek inn verda rundt seg og som kan gje av seg sjølv til verda, til sine medskapningar, til sine medmenneske.

Noko av menneskets ulykke, ei frukt av fallet, ein del av vår felles lagnad, er at vi stengjer oss. Vi blir autistar, lukka inne i vår eiga vesle verd, vårt eige fengsel.

Mennesket er skapt til å vere ope mot Gud, til å ta i mot dei store orda om livet, til å seie: Herre, tal, tenaren din høyrer! Mennesket er skapt til å lovprise og be. Mennesket er ikkje berre, eller fyrst og fremst, ’homo sapiens’, men homo orans, det bedande mennesket, homo adorans, det tilbedande og takkande mennesket! ”Jag vill tacka” ikkje berre ”livet”, men Gud, min Far, min Skapar, mitt Opphav!

Men vi er også skapte til å lytte til dei andre, til naturen og skaparverket rundt oss; suset frå bylgjene og skogen, bruset frå alt og alle som omgjev oss. Vi skal framfor alt lytte til mennesket, til våre brør og systre. Lytte til deira tale, deira klage og deira glede, til deira visdom, til deira  kultur og samfunnserfaring. Ta inn heile røyndomen i den menneskelege familien, lytte til fortida, lytte til samtida, ja, lytte til framtida, når det er fare på ferde, når det er von å spore.

Og vi skal meddele oss til kvarandre, ærleg, ope, tydeleg!

Kjære vener! Dei tragiske hendingane vi minnest i dag, den 11. September, seier oss noko om ei lukka verd; ei verd der aggresjon og forbitring lagrar seg opp heilt til det, så å seie, sprengjer seg veg. Demningar som brest, ja, tårn som styrtar… Ulike delar av verda som ikkje lenger forstår kvarandre eller deler med kvarandre, lid eit felles nederlag.  Dei vestlege landa, representerte ved USA, hadde kanskje kome i skade for å sjå seg sjølve som den altomfattande og dominerande sivilisasjonen, med si tru – og med si vantru, sin religion og sin sekularisme, ja ateisme – med si militærmakt og si finansmakt. Vi har oversett og overhøyrt dei andre, eller: ikkje sett, ikkje høyrt, ikkje vore på talefot med. Lukka inne i vår eiga verd. Ein stor del av den øvrige verda har kjent seg makteslaus, frustert, utnytta, nedvurdert. Over lang tid.

Kjære vener; vi treng å ta inn det messianske, ja, det guddomlege Effata! Ordet som opnar. Det opnande underet. Ja, kanskje er det eit under som må til, i denne tilsynelatande så fastlåste verda. Ikkje eit under i staden for vår vilje og innsats, men eit under som gjer at vona og viljen til det gode ikkje går til grunne i panikk og kynisme!

Effata! Opn deg opp, Europa og Amerika, for dei andre, for deira tru og deira liv!

-Effata! Opn deg opp, du som er frå andre verdsdelar, slik at alle kan innsjå at vi lever i fridomens tid. Det går ingen veg tilbake til tider og samfunnsformer der alle er like, ingen veg tilbake til einskapskulturane og einskapssamfunna – det vere seg kristne, muslimske eller sekulartistiske. Vi er her saman, under same tak. Vi må finne ut av det. Vi må greie å vende det til eit gode, til eit insitament, til noko skapande.  Ikkje ver så redd for dei andre! Har du tru på det du står for, vil det vinne gehør. Fri tilslutning til tru og livssyn er den einaste farbare vegen no. Så ver ikkje styrt av frykt og sinne. Terror er tenkt til å skape frykt – men terror og terrorisme er også skapt og næra av frykt, hos alle partar. Sjåvinisme og einspora nasjonalisme (der også tru og livssyn kan misbrukast) , saman med sosial urett, internasjonalt og nasjonalt, alle vår Babels-tårn av urettmessig rikdom og makt  – det er det som fyrst og fremst gjer verda til ein utrygg plass i dag. Å ta fatt i alt dette, er ikkje lett – men eg seier: Har vi noko val?

Brør og systre. I klosteret der eg lever til dagleg, opnar kvar dag med dei same orda, i tidebøna ved morgongry, etter den lange stilla gjennom kveld og natt, dei fyrste orda vi tar i vår munn: -Herre, løys mi tunge, så min munn kan forkynne din pris! Det betyr òg: -Herre, løys mi tunge så eg kan tale dei gode og sanne orda, Herre, opne mitt øyre, så eg kan høyre deg, og høyre dei andre!

Når Herren ser verda i dag, den 11. September, trur eg han sukkar djupt, og seier: Effata! Opn deg opp!

Og eg seier:

O Gud, all godhets giver: Kom, /ta bolig i vår fattigdom!

04
Sep
11

homiletica: 23. sundag i det allmenne året, st dominikus krk, Matt 18,15-20

Kjære brør og systre!

Det handlar i dag om kyrkja, om Kristi kyrkje, Guds kyrkje, som ein fellesskap der Gud er nær og handlar med oss, midt i mellom oss.

Kyrkja er menneskeleg, for ho består av menneske – men samtidig er ho guddomleg, heilag; nettopp fordi Gud er nær, fordi han har kalla henne saman, ekklesía – det greske ordet tyder nettopp ei offentleg, samankalla forsamling. Kyrkja er heilag fordi ho er grunnlagd og stifta av Kristus, fordi han utfører sitt verk gjennom henne. Kyrkja er ikkje noko som blei laga seinare, slik ein hevdar både i den liberale teologien og i mange protestantiske rørsler: -Jesus forkynte Guds rike, men i staden fekk vi kyrkja.

For katolske kristne er det klårt at å vere kristen og å tilhøyre kyrkja, er éi og same sak, at det høyrer uløyseleg saman. Vi høyrer i dag at kyrkja både er eit ordna samfunn – eit retts-samfunn, kunne vi seie – og eit åndeleg samfunn. Kyrkja er ein plass for oppgjer på ein ordna måte, for disiplin og faste prosedyrar – og ein kjærleikens fellesskap, ein syskenfellesskap og ein bønefellesskap.

Der synda på ein tydeleg og manifest måte skandaliserer og skadar fellesskapen, skal det gjerast opp. Ikkje berre privat, men kyrkjeleg, offisielt. Du skal gå i rette med din bror, personleg, men om det er naudsynt, er det også ei sak for kyrkja – som Gud har gjeve fullmakt til å løyse og binde, altså til å utøve ei åndeleg rettsfullmakt på jorda, på Guds vegner. Som Jesus seier: Alt hva dere binder på jorden, skal være bundet i himmelen; og alt hva dere løser på jorden, skal være løst i himmelen. Det er dette vi kallar nyklemakta. Dersom vi ikkje gjer bot, har vi brote, ikkje berre med Gud, men med kyrkja, og vi skal stå i samme stilling som en hedning, eller en tolloppkrever, høyrde vi, som ein av folkeslaga utanfor Israel, som ein tollar og landssvikar. Dette er det som i den kyrkjelege disiplinen blir kalla ”ekskommunikasjon” – å bli halden utanfor nattverdsamfunnet, utanfor kommunionen.  Ikkje for å bli hengt ut, men for å bli henta inn igjen, nettopp gjennom bota, gjennom oppgjeret, gjennom avløysinga, gjennom tilgjevinga, gjennom nåden.

Vi skal merke oss at også når det gjeld dette, er det Jesus sjølv som gir oss dei barske og tydlege orda, ikkje ein eller annan sur apostel eller kyrkjefader. Han vil rett og slett at kyrkja skal vere eit ope og skvært samfunn. Alvoret og syndene skal ikkje feiast under teppet. Det skal takast eit oppgjer på ein ordna måte.  Nettopp det at vi er brør og systre, fordrar forsoning, vedkjenning, bot. Kjærleiken gler seg ikkje ved urett, men han gler seg ved sanninga, står det nettopp i Kjærleikens høgsong, 1 Kor 13.

Men kyrkja er òg staden der Gud er nær og høyrer vår bøner og tek i mot vår tilbeding:

Så fremt to av dere blir eninge om å be om noe, skal dere få det av min Far i himlene, hva det enn er. For der hvor to eller tre er kommet sammen i mitt navn, der er jeg selv midt iblant dem.

Her er det ikkje snakk om ei lita privatforsamling, men nettopp om ekklesía-en, om Guds kyrkje, som ein offentleg storleik. For at ei synagogeforsamling skulle gjelde som ei offentleg gudstenesteforsamling, måtte  det vere eit visst antal jødiske menn tilstades. Kristi kyrkje framstår nettopp som kyrkje når minst to eller tre – det vere seg menn eller kvinner-  er samla i hans namn; med alt det innber, på ein ordna måte, slik som i messa. – Før templet i det gamle Israel blei borte, var det der Gud på ein særleg måte høyrde folkets bøner, eller når dei vende seg mot templet, mot Jerusalem. Som kong Salomo seier i den store bøna han ber fram då det fyrste templet blei vigsla:

Vak over dette huset, dag og natt, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram for deg, vend mot denne staden… Og når du høyrer dei i himlen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!… Når himmelen er stengd så det ikkje kjem regn… Når det vert hungersnaud i landet…  – og Salomo nemner mange ting som folket vil få bruk for å be om, både i strid og i fred –  då må du høyra dei inderlege bønene deira i himlen, der du bur og hjelpa dei til deira rett (1 Kong 8, 12ff).

Brør og systre, det er denne ”retten” til å be om alt vi har på hjarta, Guds borns rett, vi utøvar når vi ber i det som i den nye pakta er Guds tempel – nettopp Guds kyrkje, Kristi kyrkje. Difor skal vi alltid kome til Guds hus, ikkje minst til messa, med verkeleg bøn i hjarte og munn. Som vi har sagt før: Ver dristig når du ber! Vit kva du vil! Renn hjartet ditt ut for Gud. Di bøn blir styrkt nettopp når ho blir sameina med heile kyrkja si bøn.

Det kan synest nesten dumdristig av Gud å love at han skal høyre våre bøner. Ofte synest det som om han ikkje høyrer. Det finst ingen fasit på dette. Å vandre med Gud, krev sin mann og si kvinne, krev at du også må gå gjennom mørke passasjar og likevel halde fast. Ja, Jesus sjølv måtte rope ut på Golgata: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? – Og likevel sa han: Fader, i dine hender, overgjev eg mi ånd.

Difor seier eg, trass alt, midt i alt: ”Det er svar underveis/engler kommer med bud/om det drøyer, det fram dog skal nå!

Saman med heile kyrkja, legg eg mitt liv i hans hand.

21
Aug
11

homiletica: 21. sundag i det allmenne året, St Dominikus krk, Matt 16,13-20

Kjære brør og systre!

Den evangelieteksten vi har høyrt i dag, i den fortløpande lesinga frå Matteusevangeliet i det liturgiske året, finn vi også som hovudtekst på festen for Peter og Paulus. Då ligg vekta på Peter, Klippa, på Petrustenesta, på Peter som ”fundamentapostelen” for Kristi Kyrkje. I dag ligg vekta på vårt ansvar

For Peter talar på vegne av alle apostlane, ja, på vegne av heile kyrkja. Heile den kristne kyrkja, alle truande, alle dei kristtrugne, er kalla til å avlegge den same vedkjenninga: Du er Messias, sønn av den levende Gud. Kristi kyrkje er ei vedkjennande kyrkje, alle truande er vedkjennarar, confessores! Difor spør Jesus alle disiplane: Hvem sier folk at Menneskesønnen er? Dei har fylgt med han, budd saman med han, delt måltid saman med han, vandra med han, arbeidd saman med han, lytta til han og bedt saman med han. No kjem det avgjerande spørsmålet, no skal det vise seg om dei anar at han er meir enn ein rabbinar, ein lærar, ein meistar. Meir enn Johannes døyparen, meir enn Jeremias eller ein av profetane, slik ordet gjekk om han på folkemunne. No skal han røpe sin persons mysterium: At han er Messias, son av den levande Gud!

Brør og systre! Dette er døra til kyrkja, til den kyrkjelege fellesskapen: Vedkjenninga til Jesus som Messias, som Kristus, som Guds Son. Når vi blir døypte, blir Credo framsagt, blir Kristus-trua vedkjent. – På våre vegne av foreldre og fadrar dersom vi er døypte som born. Av oss sjølve, med eigen munn og eige mæle, dersom vi er vaksne og har gjennomgått katekumenatet. Noko som blir meir og meir vanleg, også i Europa, i dei gamle kristne landa – som på mange måtar er blitt etter-kristne, post-kristne. Fordi fleire og fleire ikkje blir døypte som born, men søkjer trua og kyrkja sjølve, på eige initiativ og eige ansvar, i full fridom.

Dette viser oss at vi ikkje eigentleg er kristne fordi vi tilhøyrer ein kristen kultur eller tradisjon. Vi er ikkje fødde som kristne, eller ”født som katolikk”, som vi ofte høyrer det uttrykt. Det er ved dåpen og trua vi er kristne, og katolske kristne. Meir og meir forstår vi at massekristendomens tid er forbi, at vi er tilbake der dei urkyrkjeleg og oldkyrkjelege kristne var: Som truande i ei meir eller mindre truande omverd. Det vil meir og meir vise seg at ingen i det lange løp vil eller kan vere kristen berre fordi det er vanleg. Det vil vise seg også i land der kristendomen, også den katolske, stadig har stor oppslutning. Det vil vise seg at den som er kristen fordi han eller ho er norsk, vil ende med å vere berre norsk; den som er katolikk, berre fordi han er polsk, vil ende med å bli berre polsk, eller tilsvarande for den som er fransk, italiensk, irsk, vietnamesisk, fillippinsk eller kva det kan vere. Det vil vise seg at du er ein katolsk kristen fordi det er noko du vil, noko du satsar på, noko du trur på, noko du vedkjenner: Credo! Eg trur! Eg trur ikkje ka som helst, men nettopp at Jesus er Messias, Guds Son; at han er Gud av Gud og ljos av ljos, sann Gud av den sanne Gud; at han steig ned frå himlen og blei menneske, født av jomfru Maria, for oss menneske og for vår frelse skuld , «propter nos homines et propter nostram salutem» (Nicenum).

Sentrum og hjarteslag i den katolske trua er nettopp Jesus Kristus og hans frelsesverk, hans død, hans oppstode, hans gjenkomst på den yttarste dag. Eg er ein katolsk kristen – og eg tilhøyrer den kyrkja som saman med Peter seier: ”Du er Messias, son av den levande Gud!” Den katolske kyrkja, den kristne kyrkja, kan vere stor eller lita på ein plass, kan vere rik eller fattig, kan vere forfylgd eller ha fred; dette er alltid det same: Credo! Eg trur!

Det er nettopp dette som gir oss fridom og sjølvstende: Trua. Mange vil bruke kyrkja for sine formål, gode eller mindre gode: Moralen, kulturen, kunsten, kva det kan vere. Men kyrkja, ikkje minst den katolske kyrkja i Vesten, har alltid, på sitt beste,  kjempa for sin fridom – frå statsmakt, frå nasjonalisme, frå det å gå opp i ”Blut und Boden”, blodet og jorda. Som ein av mine no avdøde medbrødre sa: ”Kristendommen er ingen stammereligion”. Det er sant: Kyrkja slår rot i det konkrete, i nasjonane, i kulturen, ja ho skaper kultur og ho er med å forme nasjonar, men alltid er ho fri, universell, ja, nettopp katolsk. Ho tilhøyrer fyrst og fremst Kristus og er sett til å vitne om det Guds rike som er for alle menneske, for alle folkeslag, for alle tider – fordi ho er evig og har det evige som siktemål, som forankring.

Det underleg er, at det er nettopp når kyrkja er fri, når ho lever av si tru og ved si tru – at ho verkeleg påverkar sine omgjevnader, at ho fritt kan samarbeide med og støtte ”alle menneske av god vilje”.

Brør og systre! Vi treng alle å få vårt fotfeste her. – Både om dei som er våre hyrdingar, som den heilage far, Peters etterfylgjar, og djupast om sett eit kvart kristent menneske blir det då sant det som var profetert om Sjebna, slik vi høyrde det: ” Jeg slår ham inn som en nagle på et sikkert sted”. Verda, og også vårt land, treng slike kristne i dag; kristne menneske som har sinnsro, dømekraft og handlekraft, som ikkje treng å vere fanatiske eller hysteriske, som berre treng å vere vedkjennarar: I den felles liturgien, i vårt daglege liv, i sorg og i glede. Jesus Kristus er vårt feste; ”i stilla og tillit skal vår styrke vere”.

Særleg den stille tilliten, forankra i trua, trengs no, det er vårt kall:

 

Det går et stille tog/ igjennom kampens bulder/ med bønn på alle sprog// det bøyer mot den falne ned/ med korset på sin skulder/ med bud fra hjem og fred. 

 

 

 

 

31
Jul
11

homiletica: 18. sundag i det allmenne året, St dominikus krk, Matt 14, 13-21

Kjære brør og systre!

I dagens evangelium ser vi Jesus i ferd med å utøve sin messianske misjon. Messias er Den gode hyrdingen, ja, han er Gud sjølv som kjem som hyrding for sin hjord, sitt folk – i staden for alle dei utrue og duglause hyrdingane og leiarane. Kong David, som er urbiletet på Guds Messias, var jo sjølv ein gjetargut då han blei utvald av Gud ved profeten Samuel til å bli Israels konge og hyrding.

Jesus er ute i marka, i utmarka, så å seie, og store skarer fylgde han. Dei som kjende hyrdingens røyst; som kjende at det var Gud som tala og handla i denne personen, i Jesus; som kjende at Gud ville dei vel og ville ta seg av dei. Det var sjuke, forsømde, fattige menneske, sikkert mange nysgjerrige, også. Dei var forsømde, både åndeleg og materielt.

Det er dette som vekkjer Jesu medynk, som er Guds eigen medynk. Han blei grepet av hjertens medynk då han såg dei, står det. Og han gir seg til å lege dei sjuke. Og så sørger han for at dei får mat. Vi veit også at han tala til dei og underviste folket. Dette var ei  konkret hjelp, der og då, men alt det Jesus sa og gjorde, var samtidig teikn, teikn på Guds frelsesverk. Vi ser det i glimt, i situasjonar i evangeliet – ein dag skal lege alle sjukdomar, stille all hunger, i Guds evige og endelege rike.

Det er Jesu misjon vi er vitne til og får del i kvar gong vi feirar den heilage messa. Ja, hendingane ute i den judeiske ørkenen, eller utmarka, er samanfatta i evkaristifeiringa, i messa:

Jesus talar til oss og underviser oss i Ordets liturgi. Ja, brødet som vert delt ut til folket, er også eit teikn på Ordet, for i Johannes-versjonen av forteljinga seier han: Arbeid ikkje for den føda som tek ende, men for den føda som varer og gjev evig liv. Ein atterklang av orda til Israel som vart metta av manna på si ørkenvadring: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.

Det store, underfulle måltidet er som ein stor evkaristi. Akkurat som i nattverdfeiringa tek Jesus brødet og dei framborne gåvene, og med blikket løftet mot himmelen, framsa han velsignelsen, det vil seie: Framsa han den stor takkebøna, ei evkaristisk bøn, slik det alltid vart gjort i den jødiske måltidsliturgien. I den romerske kanon, i vår nattverdbøn, høyrer vi ekkoet av dette:

Dagen før han led, tok han brødet i sine hellige og ærverdige hender, løftet sine øyne mot himmelen til deg, Gud, sin allmektige  Fader, takket og velsignet, brøt brødet, gav det til sine disipler og sa: Ta og et alle derav

Og offertoriet, framberinga av gåvene, er også med. Disiplane tok av det dei hadde, sine jordiske middel, fem brød og to små fiskar, og Jesus seier: Bring det hit til meg. Innsamlinga i messa er ikkje utidig pengemas – det er ei borgarleggjort oppfatning av det heile – men ei liturgisk handling, eit takkoffer. Ved å gje av vårt eige tilbake til Gud, med takk, sannar vi at vi mottek alt av han.

Brør og systre! Det er på denne bakgrunnen vi forstår at brødet og fiskane tidleg, den kristne ikonografien, blir eit bilete, eit symbol, eit teikn, på Evakaristien, på Nattverden. Jesus sjølv er Brødet, Livsens brød, brødet som kjem ned frå himmelen og gir verda liv. Han er Fisken, ichtus, det greske ordet for ”fisk” der intialane tyder: Jesus Kristus, Guds Son, vår Frelsar.

Brør og systre! I den heilage messa møter vi Guds miskunn, Guds medynk med oss, for heile vårt liv: åndeleg, fysisk, sosialt. Han vil gjenopprette og fornye vårt liv, han vil stille vår lengt, han vil gje oss framtid og von.  Det er slik vi alltid skal kome til messa: med vår naud, vårt behov, vår lengt. -Herre, hjelp meg, Herre, lær meg, Herre, frels meg, Herre, høyr mine bøner! Det var slik folket kom til Jesus Messias, til Den gode hyrdingen. Dei sette all si  von til han. Ja, Gud sjølv seier til oss i dag, som vi høyrde i den fyrste lesnaden:

Hvorfor bruker dere penger til det som ikke er brød, og lønnen deres til slikt som ikke metter? Hør, ja, bare hør på meg, så skal dere få spise det som godt er… Vend øret til og hør på  meg, hør, så skal dere få leve!

Og så er det ei verd der ute, ja, midt i blant oss, som treng at vi formidlar Guds medynk, Guds miskunn, Guds eigen lengt etter alle menneske. Vi har ein misjon, vi har ord å gå med, vi har fiskar og brød å bere fram, vi har bøner å be; ja, det er eit enormt behov for forbøn for verda, for alt det menneska rundt oss strevar med og slit med i eit ofte vanskeleg, komplisert og fortvila liv. Menneske med eit evig verd og ei udøyeleg sjel!  Og vi blir bønhøyrde dersom vi bed med noko av Guds eigen, verkelege medynk, ikkje nedlatande, men med eit hjarte fullt av ømleik for menneska og det menneskelege samfunnet. Kalde bøner går rett i golvet, vi må be med av heile vårt hjarte.

Gledene, lengslene, sorgen og angsten til menneska i desse tider, særleg dei fattige og lidande, er også gledene, lengslene, sorga og angsten til Kristi disiplar”, seier Det Andre Vatikankonsil i dokumentet ’Gaudium et spes’ (Glede og von), og det er ikkje noko som er sant menneskeleg  som ikkje gjev gjenklang i deira hjarte. Det vil seie i våre.

Aldri burde det vere så sant som akkurat no.

18
Jun
11

homiletica: Det evangelikale og det sakramentale (Apostelgjerningane 2, 29-47)

Bibeltime på Pastor- og arbeidarmøtet for Den evangelisk-lutherske Frikyrkja, Fredtun, Stavern, 9/6-11. Manuskriptet er stikkordmessig/»kompaktutgåve». Sjølvvald tekst (Apgj 2, 29.47).

Innleiing

Ein pinsetekst. Som handlar om den fyrste apostoliske, offentlege forkynninga av Jesus Messias – og om korleis denne høyrer saman med gudsfolket, med kyrkja. Pinsedagen er både ein kerygmatisk dag og ein ekklesiologisk dag. Det handlar om Jesus Messias og om det messianske folket.

Temaet kunne vere: Det evangelikale og det sakramentale (for ikkje å seie det katolske). Dessverre blir dette ofte sett som motsetningar, mens det i røynda høyrer saman.

1.Det kerygmatiske

Kerygma – sentralbodskapen, det apostoliske Kristus-vitnemålet. Som kan sondrast frå dogma og katekese. Same grunninnhald, men ulik vinkling, aksent, funksjon.

Dogma – trusvedkjenninga (symbolet), trusregelen (Regula fidei); fyrst hemmeleg overlevert (arkandisiplinen), det handlar om eit mysterium. Dette er ein veldig neglisjert dimensjon i vår teologiske tradisjon. Alt skal vere greitt, ope og inkluderande ; Jesu likningar – ikkje flat pedagogikk, men mysterie-kode. Openberra for dei små og uymyndige, motteke i den gode jord, høyrt av dei sokm har øyre til å høyre, perler som ikkje skal kastast for svina; det har med omsorg for mottakinga å gjere. Vedkjenning: ”Jesus er Herre”. Overlevering: Kristi oppstode (1 Kor 15), Nattverden (1 kor 10..

Katekese – den sunne læra, parenesen..

Vi skal passe oss så ikkje alt blir det same, oftast at alt blir kerygma.

Kerygmaet: 

Messias-lovnaden, overgjevinga og døden, oppstoda og domen. Legg merke til sigertonen: Ref til Sal 110, typisk/viktig i apostolisk teologi og forkynning.

Og apellen til omvending, bot. Personleg, lokal, universell.  Det Du er kalla til å ta i mot, er universelt viktig, allment, ikkje ”smakogbehag”-greie. Det universelle er ikkje abstrakt, svevande, men gjeld ”deg”, din familie, din nasjon (folkeslag). Obs på eit spekter av adresser, men med den einskilde som  hovudadressat. Jfr dåpen og katekumenatet; ein for ein.

Den offentlege, pågåande, proklamerande Kristus-forkynninga og botsforkynninga er situert i grensesonene, på frontane. Mellom GT og NT, mellom jødedom og kyrkje, mellom kyrkje og heidenskap.

Kva då med ein situasjon som vår avkristna eller etterkristne situasjon? Skjønn! Men vi må våge å realitetsorientere oss: Manglande tru, manglande kunnkap, delvis motstand – men også interesse, søken… Vi må våge å vere både apologetiske og vegleiande, utfordrande og generøse. NB ikkje alt på ein gong: ei hushalding, ein økonomi (fast føde når det kan fordøyast/ alt for alle for om mogeleg å vinne nokon). Dessverre vekslar det ofte mellom oversnill ”bekrefting” og gravalvorlege parolar (Wisløff-kopiar, Hallesby-kopiar, Billy Graham-kopiar; jfr ”Elvisar”); å setje på ’teologisk vibrato’ er ikkje nok.

2.Det sakramentale/ekklesiologiske

Oppgjer med individualismen. I teksten frå Apgj, som vi las,  er både forkynnarane og dei som høyrer, ekklesiologisk funderte. Det er gudsfolket som er arenaen. NB referansen til det GT-lege gudsfolket, men universell utviding. v39 (siter)

Bota> dåp! (”Kva skal vi gjere brør?”)

Kyrkja ER der, ho blir ikkje organsiert av dei truande, dei blir ”lagde til”. Kyrkja er primær i høve til den einskilde truande. P d a s: Ein blir initiert i kyrkja individuelt, gjennom katekumenatet og initiasjonssakramenta.  I dag: Kyrkja veks/kristendomen vinn innflyting gjennom at menneske kjem til tru og tek til å praktisere henne; kyrkjeleg.

Det kyrkjelege livet, den kyrkjelege røyndomen har visse bestanddeler:

-Apostolatet. Ein struktur.

-Ein doktrine (den apostoliske undervisinga/læra)

-eit sakramentalt liv (brødbrytinga)

– eit bøneliv (NB bønetidene )

-ein sosial/diakonal/økonomisk fellesskap.

Kyrkja er eit ordna samfunn, eit sakramentalt samfunn, eit lære-samfunn, eit diakonalt samfunn.

Og dermed: Eit verkeleg samfunn, ein polis, Civita Dei, Guds husfolk.

Eit forpliktande samfunn (”Dei heldt trutt fast ved…”).

Avsl/poengtering

Peters pinsepreike hjelper oss å halde saman det vi ofte skiljer fråkvarandre. Ei dubbel og gjensidig utfordring:

>Utfordringa til katolikkar: Evangelisk medvit om å vere apostolisk, evangeliserande, ikkje masse- eller folkekyrkjer..

>Utfordringa til evngelikale: Katolsk medvit om å vere kyrkje, ha djupne, ha overlevering, ha liturgi og sakramental realisme..

23
Mar
11

homiletica: 2. sundag i faste, Mariakrk, Stabekk, Matt 17,1-9

Kjære brør og systre!

Evangeliet i dag er det same som på Kristi forklaring, Transfiguratio Christi. Men då handlar det om Jesu herlegdom, om det guddomlege ljoset som gjennomstråla han. Då er det den sigerrike og himmelske Kristus som står i sentrum.

I dag handlar det om hans veg til herlegdom, til siger over dødens makt. Disiplane fekk nettopp sjå ein glimt, ein Tabor-glimt, av Jesu guddomsglans, for å kunne halde fast kven han eigentleg er midt i kampen, striden og mørkret som skulle kome. For det var dit dei var på veg no, på veg til Jerusalem. Dei hadde byrja på den vegen som skulle munne ut i Via Dolorosa, Smertevegen, vegen til Golgata. Der skulle han fullbyrde Messias-mysteriet, Messias-løyndomen, Messias-gåta: At Messias skulle lide for for folkets og for verdas  synder – og så stå opp den tredje dagen.  Også forklareinga på Tabor var inneslutta i denne løyndomen; difor seier Jesus: Fortell ingen om hva dere har sett, før Menneskesønnen er stått opp fra de døde.

For eit kort moment fekk dei sjå Jesus som Den Allmektige, som Gud av Gud og ljos av ljos (Nicenum), saman med gjester frå himlen, Moses og Elia. Og så, skrekkslagne som dei var – dei hadde kasta seg med  med andletet mot jorda – høyrde dei den kjende røysta: Reis dere, og frykt ikke! Og då dei lyfte blikket så de ingen, bare Jesus alene. Det var han dei skulle fokusere på no.  Han som skulle gå krossvegen. Han som blei lyft opp på treet; for, seier evangelisten Lukas: Laut ikkje Messias lide dette og så gå inn til sin herlegdom?(Luk 24).  Det er denne Messias, den lidande Messias, vi må feste blikket på dersom vi skal sjå han i hans glans, ja, få del i hans glans og hans herlegdom!

Det er han, Jesus, vi ser gjennom alt det Gud har gjeve oss i kyrkja:

Det er han vi ser i Evangeliet, i evangelieboka, så å seie. I sitt Ord er han nær. I ordet om krossen!Det er han vi ser etter i skriftestolen, han som eigentleg seier: Ego te absolvo! Eg tilgir deg alle dine synder!

Det er han vi ser når vi mottar dåpen og blir døypte til hans død og til hans oppstode.

Det er  han som rører ved oss når vi blir konfirmerte.

Det er han vi ser i presten ved altaret, presten som står der in persona Christi som Jesus stod der ved den siste nattverden – eller den fyrste messa – på Skjærtorsdag.

Framfor alt er det Jesus vi ser i sjølve evkaristien, i hostien og kalken som blir lyfte opp: Ecce, Agnus Dei, ”Sjå Guds Lam, sjå han som tek bort verdsens synder! Sæle er dei som er kalla til Lammets bord!” Når vi ser han der, som offerlammet, med såra i si side, så å seie, det er då vi bryt ut med Thomas, midt i all vår tvil: ”Min Herre, og Min Gud”!

Bror og syster! Kven er det vi ser etter i alt det som møter oss i kyrkja? Ser vi berre feila og syndene? Eller ser berre vi etter det eksotiske og spennande? Ok, vi kan ta alt det med – men det hjelper ikkje viss vi ikkje ser han, ”Jesus åleine”, det vil seie:  Har hovudfokus på han.

Kva er det store med å vere ein katolsk kristen? Det er fyrst og fremst dette at det er der vi kan møte Kristus, i hans fullnad, i hans velde, i hans nåde.  Det er så lett å misse fokus: Vi kan bli så manisk suksessrike og vellukka at vi ikkje treng nokon Frelsar. Vi kan bli så fortvila, desillusjonerte eller kyniske at vi ikkje maktar å tru at han kan vere ein Frelsar for meg.  La oss sjå han gjennom- og i vårt eige liv, ja gjennom- og i dei andre sitt liv, særleg dei ulukkelege og lidande.

Saman vil vi seie i dag:

Du er den eneste/helligste, reneste/gi meg ditt rene og hellige sinn// Frels meg av snarene/ fri meg fra farene/ ta meg til sist i din herlighet inn!

15
Mar
11

homiletica: 1. sundag i faste, st dominikus krk, matt 4,1-11

Kjære brør og systre!

Fastetida har sin bakgrunn i det oldkyrkjelege katekumenatet; sjølve innspurten, ei åndeleg kamptid fram mot mottakinga initiasjonssakramenta; dåpen, konfirmasjonen og den fyrste evkaristien. I denne innspurten blei alt intensivert; det som var påbegynt, måtte fullførast; ikkje snuble på målstreken, no gjeld det! Og difor var det full mobilisering også frå fiendens, demonens, side. Og difor var katukumentida prega av bøn, faste og av motstand mot Den vonde, med gjentekne eksorsismar og stadig overgjeving til Guds vern og Guds nåde i Jesus Kristus.

For Jesus måtte også gjennom si førebuingstid, innspurten av sitt katekumenat; han måtte gjennom ei fastetid før han steig fram i si offentlege gjerning. Han blei ”ført av Ånden ut i ødemarken for å bli fristet av djevelen” stod det. Vi kunne seie: -for å bli testa av djevlen, for å bli sett på prøve; ein ”kvalitetstest” for å sjekke om han verkeleg var Den lydige, Sonen som gjer sin fars vilje, slik Israel blei testa dei førti åra i ørkenen. Ville han bli trufast i pakta med Faderen? Ville han stå eller falle? Heilt avgjerande – for alt står og fell med Jesus Kristus.

Brør og systre! Også vi må gjennom denne testen; også vi må konfronterast med vår Motstandar, med demonen, med Den sterke. Ja, for han finst! Ver vakne og edrue! Dykkar motstandar, djevelen, gåt omkrng som ei brølande løve for å finna nokon å sluka, seier apostelen Peter. Den vonde vinn alltid sin fyrste og største siger når han får lurt folk til å tru at han ikkje finst, at åndsmakter berre dreiar seg om psykiske tilstandar og psykosar. Vi ser ikkje at verda og livet er eit drama, at å vere ein kristen og eit menneske, er ein kamp. Vi ser ikkje at den synlege verda er omslutta av den usynlege. Der er Gud, der er hans englar, der er dei falne englane, demonane, og deire Fyrste. ’Denne verdas gud’ eller ’hovdingen over denne verda’ blir han kalla, fordi han har stor makt og innflyting; han vil skade Guds skaparverk, og aller mest føre mennesket bort frå sin Gud og Skapar både for tida og for æva. Han er ingen dumming, han var ein av dei fremste englane., ein av Guds tenarar, Lucifer, lysengelen – men han braut med sin skapar, han blei Guds og vår motstandar. Hans lyskraft iog hans intelligens blei destruktiv, prangande, tvetydig, forførerisk, blendande.

Å bli eit kristent menneske, er å bli eit kjempande menneske, ja, det er å bli gjenstand for ein kamp mellom Gud – som vil frelse deg og vinne deg, og Demonen, som vil rane deg over på si side. Når vi blir døypte, særleg tydeleg i dåpen av vaksne, den eigentleg normale dåpen, forsakar og avvisser vi djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen, heile hans menasjeri og gjøgleri – og vi vedkkjenner og proklamerer vår tru på Den Treeinige Gud; det er osm vi seier: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som går ut av Guds munn; det er som vi seier: Bort fra meg Satan… Det er Herren, din  Gud, du skal hylde, og ham alene skal du tjene”!  

Ja, det er menneskets kall: Å avvise sjelefienden og hylle sin Skapar. Det er dette vi skal forkynne, hevde, proklamere, kunngjere og leve no i fastetida! Vi lærer og erfarer kva som kan styrke oss i kampen. Vi går til messa, for Kristi blod overvinn den vonde: Skuldbrevet mot oss nagla han til krossen. Han avvepna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen (Koloss 2,14-15). Vi går til skriftemålet; der blir vi omslutta av Guds tilgjeving, vi blir absolverte, avløyste, frikjende, lat Motstandaren berre anklage oss; når Gud gjennom skriftfaren har sagt: Eg tilgir deg alle die synder –då må demonen, anklagaren, snu i døra. Vi slår krossteiknet framfor oss når vi står opp og når vi legg oss og elles når vi treng det, for å seie: Gud hjelp meg, Gud vern meg, min motstandar er sterk, men du er sterkare, ja, du er Den sterkare, Den sterkaste. In hoc signo vinces,ved dette merket,krossmerket, skal du sigre!  Og vi ber til Gud og seier: – Led oss ikke inn i fristelse, men frels oss fra det onde! Vi må gjennom testen, slik Jesus måtte, men la han ikkje bli vanskelgare enn vi kan greie!

Brør og systre! Mange seier at dette perspektivet på livet er ein fantasi. Men i dag sier vi: Det å ikkje rekne med Guds og vår arvefiende, det er fantasi, det er å gå gjennom verda ”med ein søvngjengars sikkerhet”, som ein har uttrykt det.

Fastetida er ei tid for å kome til sans og samling, for å sjå sitt eige liv og verda rundt seg på ein realistisk måte.

Difor seier vi:

 ”Jeg går i fare hvor jeg går’,  men også:

Jeg går med engle hvor jeg går/de skal meg vel bevare/Slett intet Satans makt formår /mot sådan himmelskare. Bort verdens sukk og sorg/jeg går i engleborg/Ei nogen rører meg et hår/jeg går med engle hvor jeg går.

09
Mar
11

homiletica: Oskeonsdag – høgtidleg innleiing av fastetida, st dominikus krk, matt 6,1-6; 16-18/Joel 2,12-18/2. Kor 5,20 – 6,2

Fullsett kyrkje her i klosteret i kveld, i den messa som innleier fastetida. Det blir vigsla oske etter preika/homilien, og alle kjem fram og får oskekross teikna på panna med orda: «Kom i hug, menneske, at du er støv og at du skal venda tilbake til støv»; eller: «Vend om og tru på evangeliet!»

Kjære brør og systre!

Vi står ved inngangen til fastetida. Evangeliet førutset at vi fastar. Når dere faster…, seier Herren, ikkje: ”Viss dere faster…”. Det skal vere ei rett fastetid, det minner både evangeliet oss om og profeten Jesaja i den fyrste lesnaden.

Ei rett faste!

Faste er i si grunntyding, heilt konkret, å avstå frå mat, å kjenne hunger. Men det er også å ta fatt i dei andre av våre apetittar, begjær og lidenskapar. Dei er gode, gjevne oss av Gud, men vi skal vere herre over dei, ikkje dei over oss. Det er dette vi skal øve oss i, få ei ny røynsle av, i fastetida. Ikkje minst er dette viktig i våre rike samfunn; våre livsbehov er overutvikla, vi tar opp for mykje plass i verda, rett og slett. Gjennom den rituelle fastetida treng vi å gå inn i ei meir omfattande fastetid, for å tøyle vårt konsum. Til det beste for oss sjølve, fysisk, psykisk og åndeleg. Til det beste for vår neste, til det beste for naturen og heile skaparverket. Fastetid – det er  bra, både antropologsk, politisk og personleg, for å seie det slik!

For vi er blitt ein slags Mumle Gåsegg-kultur; vi sluker alt vi kjem over:  Føde, teknologi, kulturliv, turisme, underhalding. Til slutt misser vi også evna til å glede oss over livet og over dei godane Gud unner oss. I fastetida skulle vi seie: Less is more! Mindre er meir!

I særleg grad har vi godt av å få kontakt med våre behov, og dermed kjenne på våre grenser. Kjenne kor avhengige vi er; av andre, av naturen, ja, av Gud. Mennesket er eit avhengig, sårbart og forgjengeleg vesen. Nettopp difor held vi fast på skikken frå det gamle Israel, den bibelske skikken med oske som botsteikn. Oskekrossen vi snart skal motta på panna vår, minner oss om a vi er døyelege; ”Menneske, kom i hu at du er støv”, lyder orda vi skal høyre. Oske og støv, dvs jord. ”Av jord er du komen /til jord skal du bli!” Ein dag er det sant for alvor.

Det set oss på plass.  Ja, også Gud veit at vi er støv, står det.Vi har lov til å kome til han, han har forståing for våre veikskapar. Han veit korleis vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv (Sal 103,14). Difor nyttar det også å be, å gjere bot, å fornye slitt liv. Det er demonen som seier: -Det nyttar ikkje å gjere det gode, det nyttar ikkje å søkje  Gud no. Eller:  Det er så mykje  vondt i verda, vi kan ikkje hjelpe alle, likevel. Og det er så mykje vanskeleg i mitt liv. Det nyttar ikkje.

Men  det nyttar! Gud har i Jesus Kristus gjort opp for alle våre synder; Han som  ikke kjente til synd, ham har gjort til synd for vår skyld – for at vi skulle bli ett med Guds rettferd, høyrde vi i den andre lesnaden.

Fastetida er ein nådetid. Det vil seie eit tid då Gud møter deg, då Gud handlar – og du kan handle.  Ei effektiv tid. Ei tid for endring, for eit nytt grep i livet, i stort og i smått. For som vi også høyrde:

 Se nå er tiden inne, nå er frelsens dag!

 

 

22
Feb
11

homiletica: 7. sundag i året, st dominikus krk, matt 5,38-48

Kjære brør og systre!

 Også denne sundagen er evangelieteksten henta frå Jesu Bergpreike; sjølve Grunnnlova, konstitusjonen, for kyrkja og for disippellivet. Når Jesus set seg oppe i fjellet for å undervise folket, framstår han som den nye Moses som formidla Guds lov, Guds paktsvilje til Israel. Bergpreika utvidar og fullbyrdar Lova, som Guds paktsvilje for eit gudsfolk av alle ætter og folk og tungemål.

Apostelen Peter gjentek det som Moses sa om Guds folk og Guds vilje, og anvender det på oss, på kyrkja, på Jesu læresveinar: De skal vera heilage, for eg er heilag (1 Pet 1,16). Guds folk, Guds born, Guds vener skal avspegle Guds vesen. Det er dette Jesus siktar til når han seier: Dere skal være fullkomne, slik som deres himmelske Far er fullkommen. Fylg ikkje berre gjennomsnittsmoralen, samanlikn deg ikkje med andre, men med Gud. Om vi gjer akkurat det som skal til å for ikkje å bli avslørte, for å slippe unna med minst muleg innsats; ja, så lever vi ikkje opp til den stadarden som Gud har sett for oss og som vår eigen sjølvrespekt eigentleg fordrar av oss!  Om dere  elsker dem som elsker dere, hva lønn fortjener dere for det? spør Jesus, selv tolloppkreverne – altså dei mest suspekte –  gjør det samme. Og om dere hilser deres landsmenn, men ingen andre, hva er vel det storartede ved det – gjør ikke selv hedningene det samme?”

Mennesket som sprengjer grensene for det som er rimeleg, som har overskot, mot, innlevingsevne til å sleppe andre inn på seg, som ikkje er styrde av frykt, fiendskap og skepsis – det er mennesket i Guds bilete, mennesket som speglar Gud. Det er slike menneske vi treng no, det er den menneskelege mentaliteten og kulturen vi må fornye! Brør og systre; vi treng ein ny, kristen humanisme i dag. Når eg ser rundt meg, når eg les avsinnlegga, høyrer på ein del samfunnsrøyster, sjekkar bloggdebattane – då må eg seie: -Kva skjer? Hat og sjikane florerer – og det som gjer det muleg, det som er jordsmonnet, er sjølve innstillinga vår: -Vi vil sikre oss, byggje murar mot alle som forstyrrar vår idyll og vår velstand, jage bort den fattige Lasarus utanfor døra vår. Vi ser på dei fattige som late, snuskete lurifaksar. Og dette fallet – eller forfallet – i human kultur, ja, i kristen kultur, skjer så gradvis at vi ikke legg merke til det. Vi risikerer å utvikle oss til ein folk av kvardagsfascistar. 

Som katolske kristne skulle vi vite at Guds familie består av alle slags menneske og at Guds gåver er for alle. Fordi Gud er Gud for alle. Som truande skulle vi vite at Gud tar seg av vår sak og syrgjer for vårt liv. Difor: Til den som ber deg, skal du gi; den som vil låne av deg, skal du ikke vende ryggen. Dette er dessverre noko som mange ler av i dag; no er det på mote å ikkje vere ”dumsnill” som ein kallar det. Vi har vent oss til å sjå andre som mulege inntrengjarar, som ein trussel. Merkeleg nok nettopp i same grad som vi er blitt styrtrike. Slik er det alltid; den som har mykje, har mykje å misse, mykje å passe på, mange å vere redd for. ”Mykje vil ha meir”; sa bestemor mi alltid, som ei åtvaring.

Jesus seier ein plass til dei han sender ut for å forkynne evangeliet, til apostlane: For ingen ting har de  fått det, for ingen ting skal de gje det. Det gjeld igrunnen heile vårt liv, heile vårt livskall. Vi kan vere opne mot andre fordi vårt liv kviler i Gud. Dette er ein heilt annan logikk enn den ”alles kamp mot alle” som overtek der dei verkeleg humanistiske ideala døyr ut.  Som truande har vi eit særleg ansvar for å halde desse ideala levande – fordi vi ser at menneskets høgste kall og ’verdighet’ er å vere born av Gud, vår himmelske Far –

han som forlater dine synder, som leger dine sår. Han som løser ditt liv fra graven og kroner deg med miskunn og godhet.

 

06
Feb
11

homiletica: 5. sundag i det allmenne året, st dominikus krk, matt 5,13-16

Kjære brør og systre!

 På fleire måtar seier Jesus oss tydleg i dag at det kristne livet, det livet hans disiplar skal leve, skal vere eit synleg liv. Dette er ikkje noko han nemner i forbifarten, men noko han legg fram i sin store tale om det å vere ein disippel, i preika på fjellet, i Bergpreika. Sjølve Jesus-manifestet. Sjølve grunnlova. Konstitusjonen.

Anonyme, usynlege kristne er altså ei sjølmotseiing – som smaklaust salt, som usynleg ljos. Og trua skal nettopp vere synleg og merkbar i verda, ikkje berre i privatlivet, i privatsfæren: Dere er jordens salt, seier Jesus. ”Jorda”, det vil seie ” landet”, det bebudde landet, menneska sin heim. Der skal trua gjere seg gjeldande, der skal ho påverke.

Og ljoset – eller lampen, noko heilt konkret –  skal lyse for menneskene, seier han, altså for alle, ikkje berre for den indre kretsen. Aller tydlegast blir det offentlege ved trua framheva når Jesus samanliknar disippelfellesskapen, kyrkja, med ein by – og som ligg på eit fjell eller eit høgdedrag, slik mange byar faktisk gjer. Kyrkja er ein by, ein ’polis’, som det heiter på gresk; ho er politisk. Ikkje partipolitisk, ikkje med ytre makt, men slik at ho er eit verkeleg synleg samfunn som vil prege det store samfunnet rundt seg.

Brør og systre! Det er svært viktig at vi tar til oss og forstår Jesu undervising om disippellivet. Han har verkeleg noko å seie oss om vår rolle i verda, ikkje berre om vårt indre liv, om kjensler og privatmoral. Kristendom er noko sosialt, noko som har med fellesskap å gjere. Fordi det har med kjærleik å gjere, og kjærleik er alltid noko sosialt. Ja, sjølv Gud er ein sosial realitet, eit societas, eit samfunn; han er Den treeinige. Han er fellesskap, han er kjærleik.  Difor vil han også ha politisk og sosial rettferd. Som vi høyrde også i den fyrste lesinga:

Slik er den faste jeg vil ha: at du deler ditt brød med dem som sulter, og lar hjemløse stakkarer komme i hus, at du sørger for klær når du ser en naken og ikke svikter dine egne. Da skal ditt lys bryte frem som når dagen gryr, dine sår skal snart leges og gro (Jes 58,7-10). 

Fordi den kristne einskapskulturen er over, er det mange som tenkjer at kristendom og religion skal forvisast til bakrommet, vere ei rein privatsak, som ein kallar det. Vi blir lett fanga i falske alternativ: Enten må trua dominere alt og alle, enten dei vil eller ikkje – eller så må ho krype under senga, sløkke ljoset, bli usynleg.  Men nei, kyrkja sin modus er å vere i verda og prege verda, ikkje ved makt og priviligerte posisjonar; det har hatt si tid på godt og på vondt. Så lenge kyrkja hadde eit hovudansvar for heile samfunnet, måtte ho sjølvsagt ha resursar og innflyting.  Det viktigaste for kyrkja i dag, er at ho har fridom; fridom til å leve sitt liv i forkynning, katekese, tilbeding,  diakoni og misjon. Ho kan berre nå ut ved sitt ord og sitt liv, til menneske som vil lytte, som vil ta stilling på fritt grunnlag,som vil  søke, ynskje å bli disiplar, Kristi etterfylgjarar. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, seier Paulus, og for Guds åsyn byd vi oss fram for kvar manns samvit (2 Kor 4,3). Eller som vi høyrde i lesinga; apostelen overtydde gjennom ånd og kraft, ikkje gjennom besnærende argumenter (1 Kor 2,1-5).

Det vi treng som kristtrugne i vårt samfunn i dag, er det vi kallar civil courgage, sivilt mot, offentleg mot.  Mot til å stå for vår tru, også når ho blir motsagt. Med dømekraft og forstand, for Gud har gitt oss vett og fornuft. Samtidig er vi forplikta på kyrkja si undervising, fordi Kristus har overlate sitt magisterium, si undervising, til henne. Utan denne forpliktinga misser trua sin identitet, sin eigenart, sin saltsmak og si ljoskraft. Og vi må leve ut heile breidda og fylden i vårt kristne kall. Dersom vi les Bergpreika, ser vi at Jesus held saman det vi ofte set opp som motsetningar. Han talar om alle sider ved livet: Om behersking av sinne og aggresjon, om ekteskap og sølibat, om sverjing og ordbruk, om hemn og fiendekjærleik, om allmisser og sosialt ansvar, om bøn og faste, om mammon og pengemakt, om skatten i himlen og tillit til Gud. 

Det er dette som er det katolske; det heile, det omfattande. Vi lever i verda og vi lever i Gud, vi lever i kroppen og alt det som har det å gjere, og vi lever i Anden, i Kristus. Vi lever vårt indre liv, i ”lønnkammeret”, i klosteret, men også i samfunnet, på gata og torget, på puben og i kyrkja. Vi står midt i ei oppbrotstid ei overgangstid. Det er stor interesse for tru og trusliv – og på same tid ser vi frykt og tilløp til aggresjon. Som kristne, som Jesu disiplar, må vi vise at trua både krev plass og gir plass. Vi skal be om respekt, men også respektere dei andre. Vi skal tole å vere eit mindretal, ein minoritet, men ein minoritet som gjer ein forskjell, som merkast.

Brør og systre! Verda ser  på oss truande (av alle religionar)i dag. Ho prøver å møte vårt blikk, og spør spent: -Vil du greie det, vil du greie å praktisere di tru utan å vere feig og samtidig utan å henfalle til  tomme deklarasjonar og maktspråk. Vågar vi å møte dette blikket, dei andre sitt blikk – frimodig og venleg? Skal trua på Gud, på Jesus Kristus, ha ein tydleg og legitim plass i vårt samfunn i framtida? Det avheng av vårt mot og vår dømekraft:

Byen som på berget ligger/ingenlunde skjules kan// Heller ei den tro kan dølges/ som er levende og sann.

 

31
Jan
11

homiletica: 4. sundag i året, St Svithun krk, Stavanger, Mat 5,1-12

Kjære brør og systre!

Det handlar om dei audmjuke i dag; om de fattige i ånden, som vi høyrde. Det er ikkje så lett å prøve å vere audmjuk; «eg er veldig audmjuk», liksom. Det blir feil.

Bibelen meiner noko heilt spesielt med dette: Dei audmjuke.  Søk Herren, alle ydmyke i landet, dere som gjør hans vilje, høyrde vi i den fyrste lesinga. Det er eit namn på dei fromme, dei verkeleg truande i folket. Heile Israel var Guds folk, utvald av han, i pakt med han. Men det å vere ein verkeleg israelitt, ein israelitt utan svik, som Jesus kalla ein av sine disiplar – det var noko som ikkje var automatisk. Eg er israelitt, alt OK; eller: eg er katolikk, alt OK, eg er prest eller pater, OK, spelar inga rolle om eg tar det så nøye.

Nei, midt i Israel, midt i Guds folk, var det nokre som tok trua si på alvor – som i virkeligheten bar alle dei andre. Bibelen, særleg profeten Jesaja, kallar dei for resten, den trufaste resten, som stubben av eit tre. Eller dei fattige.. Det var dei som ikkje lot seg lure av rikdomen og luksusen som kom då landet blei rikt og mektig. Det var dei som ikkje fylgde dei heidenske skikkane og rituala som folkeslaga rundt Israel praktiserte. Det var dei som forblei trufaste mot Israels Gud, også under okkupasjon eller i eksil, som Daniel – han som i Babylonia opna vindauget sitt mot Jerusalem, mot templet, og bad til Gud tre gonger om dagen, sjøl om det var forbudt. ”Dei fattige/dei audmjuke – det var dei som ikkje berre utførte reglane i lova til punkt og prikke, men som hadde eit hjarte fullt av tillit til Gud. Dei stolte på han, vona på han, var lydige mot han, påkalla han!

Det er desse som vi høyrde om:

Jeg lar det bli tilbake hos deg et armt og ydmykt folk. De skal ta sin tilflukt til Herrens navn…De skal ikke gjøre urett mer og ikke tale løgn. Ingen svikefull tale skal finnes i deres munn. De skal finne føde og hvile trygt, og ingen skal skremme dem.

Det var denne ånda som prega dei som på Jesu tid blei kalla  dei stille i landet . Til dette åndelege miljøet høyrde Maria og Josef, gamle Simeon i templet og profetkvinna Anna Fanuelsdatter, ho som, då ho blei enkje, vigde seg til faste og bøn og levde i templet dag og natt. Det var desse som venta på Messias og som tok mot Jesus då han kom. Det var i dette miljøet Jesus vaks opp.

Og det er nettopp i dette perspektivet vi skal forstå det når han seier til disiplane sine, slik vi høyrde i evangeliet, i sæleprisingane:

Salige er de fattige i ånden, for himlenes rike tilhører dem, Salige er de ydmyke, for de skal ta jorden i eie.. Salige er de som sørger…de barmhjertige, de rene av hjertet, de som skaper fred…

Dette er menneske som set all sin lit til Gud og som har sin rikdom i han. Slik er Jesu disiplar, slik er Guds vener til alle tider. Dei som er opne mot Gud og mot andre, som ikkje er lukka inne i seg sjølve. Menneske som har alt for mykje å ta vare på, går glipp av dette, går glipp av Gud og Guds rike. Dei har alt fått si løn, seier Herren. Du kan ikkje tene både Gud og mammon; mammon, dvs alle dei materielle resursane som finst i livet. Derfor var dei fyrste kristne slik vi høyrde i den andre lesinga:

Ikke mange mektige, ikke mange av edel byrd. Men de som i denne verden går for tåper, dem har Gud utvalgt for å gjøre de vise til skamme … for å gjøre til intet de som er noe, så ingen dødelig skal ha noe å rose seg overfor Gud.

Det var husslavar og galeislavar, det var soldatar og vanlege folk. Dersom nokon var rik, måtte han dele sin rikdom med dei andre, for pengehugen er rota til alt vondt, seier apostelen. Ja, i urkyrkja i Jerusalem hadde dei t o m  felles kasse, slik at alle kunne få hjelp. Dersom nokon var klok og lærd, måtte han bruke sine talent til det beste for andre.

Brør og systre! Vi treng alle slags folk i kyrkja, men her må alle finne seg i å vere på like linje; uansett nasjonalitet, uansett bakgrunn, uansett livshistorie, uansett utdanning og karakterar, uansett stand og stilling. Å vere katolikk, er ikkje ein ekstra ”fin” måte å vere kristen på. Av og til kan det ha blitt oppfatta slik her i Noreg; difor er eg glad for alle som er komne frå andre land og vist oss at å vere katolikk, er noko vanleg, for vanlege folk. Å vere ein katolsk kristen, betyr nettopp å vere ein vanleg kristen. Vi er eitt folk, ein familie; kyrkja er katolsk, for alle, alle som vil gå Guds veg. Prestane, biskopane, kardinalane og paven –dei er alle tenarar, vi er alle Guds barn, noko større kan vi ikkje vere. Vi er alle syndarar som treng å gå til skriftemål. Vi er alle tiggarar som ber til Gud om det vi treng: –Lat namnet ditt helgast, lat riket ditt koma, lat viljen din rårda, gjev oss i dag vårt daglege brød, forlat oss vår skuld, før oss ikkje ut i freisting!

Vi får alle ta i mot den same Kristus i Evkaristien. Han er vårt liv, vårt alt, 

..han som Gud har gitt oss til å være vår visdom, ja, vår rettferdighet, vår helligelse og vår befrielse, – så det skal være som det står skrevet: ’Den som roser seg, skal rose seg av Herren!’

 Å vere audmjuk er difor å seie:

 Jeg har valgt å gjøre selskap med Guds enkle vandringsmenn/ det får koste hva det vil, men jeg må hjem til himmelen!

26
Des
10

homiletica: Missa in nocte (julenattsmessa), St Dominikus krk, Luk 2, 1-14

Kjære kristne!

Jula er borna si høgtid seier vi ofte. Det er sant, men det kan også vere ein måte for dei vaksne å halde avstand  til sjølve julebodskapen. Vi overlet trua til borna – tru er jo likvel noko litt naivt, litt truskyldig; fint for dei som treng det. Vi er jo vaksne og fornuftige, men for all del, ein gong for året kan vi jo vere litt mjuke, det kan ikkje skade.

Brør og systre, eg trur faktisk ikkje at de er mange her som tenkjer slik, men det er ein mentalitet som lett snik seg inn på oss. Fordi jula har fått litt feil fokus. Jesusbarbet blir for borna, jula blir norsk julestemning med julenek, dompappar, djupsnø og kanefart.

Men jula er ikkje fyrst og fremst ei barnegreie, og ikkje fyrst og fremst ”a white Christmas”, ei slags nordisk høgtid. Jula er Christ-mass, Kristmesse, sjøl om ho ikkje kvit! Jula er fyrst orientalsk, palestinsk, jødisk – og så er ho universell; afrikansk, indisk, meksikansk, russisk, kinesisk, alt muleg, og også norsk. Den kristne jula, kyrkja si jul er ikkje ein vinterfest, men ein messiasfest! Det handlar om Messias, den salva kongen, slik adventstida har peika han ut for oss, Han som skal kome.  Han er komen, han er her! Hodie Christus natus est! Det er alt juledag, vi skal snart syngje nettopp slik: -I dag, er Kristus – altså Messias – født!

Messiasbarnet – det er han vi feirar! Eit barn, ja:

”Et barn er oss født, en sønn er oss gitt”, høyrde vi i lesinga; men det stoppa ikkje der, vi las meir: ”Herreveldet er lagt på hans skulder, og hans navn skal være: Underfull Rådgiver, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste”!

Han er den det gamle Gudsfolket vanta på, det folket som har gjeve oss Frelsaren. Han er den profeten som også dei muslimske truande ærar, skjønt han for oss netttopp er Veldig Gud, ja, Gud av Gud og ljos av ljos.

Han er den som heile verda og alle menneske og alle tidsaldrar djupast sett ventar på og lengtar etter.  Han som gjev verda frelse og evig liv, det alle menneske er skapte til og kalla til; han som tar oppgjeret med destruksjonskreftene: døden, demonen og synda. Han som står for rett, rettferd og fred – ja, som skulle forplikte oss til å stå for dette og leve dette ut, midt i vår verd. Jula gjeld vårt heilt personlege liv, men også samfunnet, naturen, verda, ja heile kosmos.

Kjære kristne! Lat oss forstå at det vi kallar juleevangeliet er ei Messiasforteljing; at jula er festen for Messias; at Gudsbarnet er født, han som til og med i krybba og på sitt morsfang er Konge og har sitt spir i handa. Der blir han tilbedt av kongar og vismenn som skjønar at det er han, barnet, som er Kongen over kongane og Herren over herrane!

Han er Messias, Herren! Vi har funne han! Å tru det, det er å vere kristen.  Lat oss difor manifestere hans rike på nytt, i livet vårt, i samfunnet vårt. Ikkje med ytre makt og dominans, men med kjærleik, sanning og rettferd. Det er den julefeiringa verda ventar på no.

Kom alle kristne! Kom la oss tilbe han som er Rex angelorum, kongen over englar; venite adoremus in Betlehem. Som i denne høgheilage natta er her og no!

 

 

 

 

30
Nov
10

homiletica: 1. sund i advent, st dominikus krk, matt 24,37-44

Kjære brør og systre!

Advent handlar om Jesus Kristi gjenkomst; adventus domini, Herrens parusi, hans tilsynekomst. Han kom og tok på seg ein tenars skapnad; vart som ein slave, lydig til døden, døden på ein kross. Han skal kome igjen. Amen. Han skal då kome i sin herlegdom, i si kraft, si allmakt, sitt kongelege velde; då skal alle kne bøye seg for han – i himlen, alle englane; på jorda, alle menneske; i djupet, alle demonane og maktene. Og alle skal sanne: Jesus Kristus er Herren, til Gud, Faderens ære. For ein dag det blir! Den dagen kjem; det er sikrare enn alt, jamvel sikrare enn døden, som vi elles reknar for det sikraste av alt; for Messias kjem att midt i livet, midt i den daglege donten: Som vi høyrde:

To menn kan være ute på marken og den ene blir tatt med, mens den andre står igjen; to kvinner kan være i ferd med å male korn, og den ene blir tatt med, mens den ene står tilbake. Så våk da!

Slik skal det vere i ”Menneskesønnens dager”. Det er slik Jesus omtalar dei siste dagane for verda, dei siste dagane av tida, av historia. Han kalllar seg Menneskesonen – som nettopp er ein gamal jødisk tittel på ein himmelsk figur som opptrer i endetida, det er ein messiastittel, som nettopp står for hans guddom, slik vi les hos profeten Daniel:

Så såg eg i nattsynene mine: Sjå, med himmelens skyer kom det ein som var lik ein menneskeson. Han gjekk bort til den gamle av dagar og vart ført fram for han. Han fekk herredøme, ære og rike…Hans velde er eit evig velde, det skal ikkje forgå; hans rike skal aldri gå til grunne (Dan 7,13ff).

Brør og systre!  Mange kristne, ikkje minst i dei etablerte, gamle kristne landa i Vesten, har eit noskå svett og forlegent forholdt til dette, til bodskapen om Kristi kome i glans, til at denne verda, dette sæculum, skal ta slutt, at Guds rike skal bryte inn. Kanskje fordi vi er blitt så altfor bundne til denne verda? Kan vi få det betre enn her? I den gamle liberalteologien vart alt guddomleg med Jesus plukka bort; alt som blei igjen, var noko som likna mest på ein velfrisert, tysk, religiøs humanist. Seinare oppdaga den nytestamentelege forskinga at Jesus framstod i si samtid som ein apokalyptisk profet, ein endetidsprofet; ein som forkynte ei ny verd og samla seg eit folk – eit folk av alle som trudde på han og som ville fylgje etter han. 

Det var denne trua som gav martyrane mod til å vitne om han heilt inn i døden og vedkjennerane mod til å vedkjenne.  Det er denne trua som kling gjennom heile den evkaristiske liturgien; Din død forkynner vi Herre, og din oppstandelse lovpriser vi, inntil  du kommer! (akklamasjonen etter innstiftingsorda). Det er denne trua som gjer at nokon lar sitt liv bli teikn på det riket som skal kome, der ein ikkje lenger skal ’ta til ekte eller gi til ekte, kjøpe eller selje’. Difor går dei bort og sel alt dei eig og gjev det til dei fattige. Anten det er sølibatet eller den evangeliske fatigdomen – det skal vere teikn på ei anna verd, på ein annan målestokk.

Mange vil hevde at å vente på det komande Guds rike, tek bort engasjemenet og omsorgen for denne verda og for samfunnet her. Eg trur det er omvendt. Berre den kan endre verda som er fri, som ikkje sit fast i henne opp til øyrene, berre den kan endre verda som har eit fast punkt, eit fast punkt utanfor alt som kjem og går, oppstår og forgår.

 

Brør og systre! Det er på tide å klare synet. Alt eg balar med, alt eg kjempar med det kjem på plass når eg ser at eg skal gå i møte med min Gud! Bu deg, Israel”, seier profeten Amos, bu deg til å møta din Gud”, (4,12). Når eg skjønar det, er det mykje eg kan greie meg utan, mykje eg kan halde ut, mykje eg må ordne opp i. Ikkje seinare, men no. Kristendomen er ikkje eit livssyn, kyrkja er ikkje ei  dennesidig klubb – vi trur på han som skal kome med nye himlar og en ny jord. Han som alt no møter menneske, i dag som då orda i evangeliet lydde den fyrste gongen; eit ord forkynt i hast, til å bli motteke i hast. Liksom Israel skulle ete påskemåltidet i hast, med ombunde lender. Når Gud talar, når Gud handlar, må du vite kva du vil, må du har tenkt over livet ditt.

Han seier: Eg kjem snart! og kyrkja svarar som alltid: Maran atha! Kom, Herre, Jesus! Mange ventar deg ikkje, alt går som før, seier dei. Men vi veit at du kjem, at du skal kome til syne; vi ventar deg! Kom, ja

kom, konge, konge, kom i morgenglans/og gjør en ende bratt/på jordens mørke// Tenn den dag/som aldri mer blir natt!

02
Nov
10

homiletica: Helgemesse, 1.nov., st dominikus krk, Matt 5,1-12

Kjære brør og systre!

Helgemesse/Allehelgensdag – det er dagen då vi feirar den store skaren av heilage – fordi dei heilage som kyrkja kanoniserer og gjev ein offisiell status, det er dei som på ulike vis er blitt kjende. Vi veit kven dei er. Men kyrkja veit at det er mange fleire; det er alle dei ” som kommer fra den store trengsel; de har tvettet sine kjortler og gjort dem hvite i Lammets blod” (jfr den fyrste lesnaden).  Idag feirar vi alle ”med én felles høytid”, som vi nettopp bad i kollektbøna; vi feirar rubb og stubb, så seie.

Dermed viser kyrkja at det å vere eller bli helgen, det er eit felles kall for alle kristne, for alle truande. Det er det vi er døypte til, det er det vi er ferma (konfirmerte) til. I sakramenta, ved trua, har vi allle fått del i guddomleg natur, seier apostelen Peter (2 Pet 2,4). Vi har del i Kristus, han er vårt liv, han  som er Den heilage. Vi får del i det kvar gong vi feirar messa og seier: I sannhet hellig er du, Herre, all hellighets kilde; vi nedber hans helging, hans konsekrasjon, hans vigsel ikkje berre over brødet og vinen, men djupast sett over heile vårt liv. Peter gjentar også i si dåpskatese, i 1 Peters brev, kallet til heile Guds folk, også i den nye pakta, slik det blei sagt til Israel: De skal være heilage, liksom eg er heilag(1 Pet 1,15-16). Vi skal streve etter helging/ helliggjørelse, seier Hebrearbrevet, for utan helging skal ingen sjå Herren (12,14).

Vårt kall er – no, som i kyrkja si fyrste tid då ho levde midt i ikkje-kristne omgjevnader –  å vere ein motkultur; ha andre verdiar enn det som ofte gjeld rundt oss. Det angår samlivs- og familieetikk, det angår respekten for menneskelivet, det angår bruken av våre materielle resursar, det angår vår vilje og evne til å skape fred, til å overvinne fiendskap og splitting, til å stå opp for rettferda.  Ja, det er alt det som vår Herre Jesus Kristus lærer oss i Bergpreika:

Sæle er dei fattige, dei audmjuke, dei som hungrar og tyrster etter rettferda, dei rene av hjarta, dei som skaper fred, dei som bir forfylgde for rettferds skuld, for Kristi skuld. Og vi bør også lese resten av hans tale der han går endå meir konkret inn på korleis vi skal leve. Der underviser han om det livslange ekteskapet mellom mann og kvinne, om sølibatet, om Mammon som Guds konkurrent, om bøna, om å søke Guds rike, framfor alt. Tolle, lege; ta og les!

Å vere helgen handlar altså om Sequella Christi, Kristi etterfylging, å observere hans ord og hans livsform. Det handlar om eit liv som ikkje berre reknar med menneskelege krefter, ikkje berre om tvang og plikt; det er eit liv i Anden, i Den heilage Ande. Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born. For de fekk ikkje den ånda som slavane har, seier Paulus, nei, de fekk den Anden som borna har, den som gjer at vi ropar: ’Abba, Far!’ (Rom 8,15).

Difor gir vi ikkje opp, brør og systre. Vi gir oss Gud i vald, slik vi er med alt vi er, med hud og hår. Det som ligg bak, skal vi gjere opp, og så skal vi legge det bak oss; eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg ut etter det som er framfor (Fil 3). Livet vårt er bestemt av framtida, av Guds framtid, av det riket som skal kome og som alt no er her midt i blant oss! Vi går framover; vi har ei sky av vitne som omgjev oss (Hebr 12,1), alle helgnane der oppe, som på tribunene på stadion; dei ser ser oss som er midt i løpet, som vil i mål, som ikkje vil gi opp; dei kan støtte oss med sine forbøner og med sitt føredøme, dei heiar oss fram!

Ja, Abba, Far; eg vil i mål, sjølv om du skal  dra meg  over målstreken!

Hjelp meg, Herre Krist, å strida/i di kraft den gode strid! // Fylg meg alltid ved mi sida/fylg meg all mi levetid!

 

 

 

25
Okt
10

homiletica: 30. sundag i det allmenne året, st dominikus krk, luk 18,9-14

Kjære brør og systre!

Vi er vel kjende med forteljinga om fariseraen og tollaren i templet. Noko av problemet med kjende forteljingar er at vi blir så altfor fortrulege med dei; vi meistrar dei og brukar dei slik det passar oss. Brodden og utfordringa blir borte. Ingen vil vere den slemme farisearaen, alle vil vere den gode tollaren. Å vere audmjuk blir noko vi meistrar, noko vi er gode på, noko i er bedre enn andre på – og vi takkar Gud for at vi ikkje er farisearar, vi flaggar ikkje med vår fromhet, vi fastar ikkje i utide, vi gir slett ikkje tiende, vi gir oss ikkje ut for vere noko, vi er så visst ikkje superkristne, tvert om, vi er audmjuke og beskjedne.

Og visps – er vi ikkje audmjuke lenger, men skikkelege skrytepavar. Det er ikkje lett å vere audmjuk. Kanskje vi kan seie at det ikkje er noko vi ”er”, det er noko vi blir – når vi blir audmjuka, når det svir, når vi kjenner oss forsmådde. Å takle det, det er det vi treng å lære. Å tole å bli audmjuka, vil ikkje seie at vi skal la oss trakke på, heller ikkje at vi skal trakke på oss sjølve. Under sjølvforakten løyner det seg lett eit såra hovmod; vi ynskjer å vere ein annan enn den vi er. Ofte har vi opplevd at  andre menneske har trakka på oss og svike oss gjort at vi ikkje har noko respekt for oss sjølve. Å dyrke dette, fører lett til forbitring, forgifting og aggresjon.

Å vere audmjuk, er å tole å bli audmjuka utan å kjenne seg utsletta og verdlaus. Det er å kunne vere trygg nok til å ta i mot korreksjon frå andre. Det er å kunne vere trygg nok til å innrømme: -Eg treng Guds miskunn, Guds nåde, Guds tilgjeving, Guds drastiske hjelp og inngrep i livet mitt! Ja, også å kunne innrømme at eg treng hjelp frå andre; som ein har sagt: Det er vansklegare å ta i mot enn å gi.

Å vere audmjuk, er å våge å vere som eit barn, våge å vere redd, våge å trenge hjelp, våge å vere avhengig. Forteljinga om  farisearen er ikkje gitt oss for at vi skal spegle oss så vi kan sjå kor flinke vi er til å vere audmjuke. Eller endå verre: Til å unnskylde at vi lever eit dårleg liv, til å skryte av våre synder, eit lags farieisme med motsett forteikn, akk så vanleg no til dgas. Nei, vi kjem på rett plass når vi dristar oss til å gå inn i Guds hus, inn i Guds nærleik og seie: -Eg er ikkje verdig, men hjelp meg likevel! No legg eg heile livet mitt i di hand! Eg er ikkje verdig, men viss du elskar meg, så elsk meg no! Eg er ikkje verdig, men sei berre eit ord, så blir sjela mi lækt. Så blir livet mitt nytt. Så er det ikkje ute med meg.

Brør og systre; det er slik vi feirar messa: Vi erkjenner at vi er radikalt avhengige av Gud; i syndsvedkjenninga, i vårt kyrie eleison, Herre, forbarm deg; til og med i Gloria: Du som tar bort verdens synder, hør vår bønn: Du som sitter ved Faderens høyre hånd, mskunn deg over oss!. Og i evkaristien, i kanonbøna: Vi syndere, dine tjenere, som håper på fylden av din barmhjertighet… Eller før kommunionen:  Du Guds Lam, som tar bort  verdens synder; miskunne de over oss, gi oss din fred. Templet, Guds hus, messa – det er den staden vi kan be, audmjukt og dristig, fordi det er den plassen Gud har vist at han vil forsone seg med oss og kome oss i møte; templet var offerplassen, forsoningsplassen; i messa er alt fylt av Kristus, Forsonaren, han som ved sitt offer har gjort opp for alt, slik at ingen ting kan hindre oss i å stå for Gud!

Aller best  skjønar vi forteljinga om fariseraren og tollaren når vi går inn i skriftestolen. Der forstummar både skryt og unnskyldningar, i alle fall blir det lett gjennomskoda. Der må vi kalle ein spade for ein spade, der sprekk fasaden, der må vi seie: – Dette er eg. Gud, ver meg nådig! Og vi får høyre: Dine synder er tilgitt. Gå i fred. Gå rettferdigjort heim til huset dit.

Ja, det kostar kanskje aller mest å bli så audmjuke at vi brukar dei nådemidla Gud har gitt oss. Mange vil vere gode kristne, i alle fall like bra som andre, men har ikkje bruk for messa, for skriftemplet, for kyrkja. Det er litt sånn som når  seriefiguren Andy Cap og kona passerer kapellet på sundag morgon, og fru Cap spør om ikkje Andy vil ta ein tur innom. Men, -nei, svarar han; -der er det berre hyklarar. -Å, repliserer kona, -det er alltids plass for ein til.

 Ho hadde skjønt poenget!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. Amen. 


19
Sep
10

homiletica: gudsteneste, Ulvik, Luk 7,1-11

Friluftsgudsteneste i dag, på Hjeltnes hagebrukskule i Ulvik, i smb m Olav H Hauge-dagane. Preika fylgjer tekstrekkjene i Den norske kyrkja. O H Hauge-dagane har i år hatt temaet «kvardag», ut frå Hauges dikt om dette; «det går an å leva i kvardagane òg»..  Preika er nok også eit lite innlegg i poesi-debatten… 🙂

17, SUND E .PINSE,  19/9-10, ULVIK, LUK  7, 11-17

Kjære vener!

Det handlar om kvardagen ved denne poesifestivalen, desse Hauge-dagane. Det handlar om å sjå det store i det små. Tek eg ikkje feil, er det ei understreking av Hauge som diktar for det konkrete, det nære det enkle. Det ny-enkle; etter dei store orda, etter dei store kjenslene, etter dei opphøgde synene. Og det er sant; det konkrete held oss på plass, hindrar at vi rømer inn i det uforpliktande. Mystikaren Ruisbrook – frå same epoken og miljøet som Thomas a Kempis, seier at dersom du i bøna, kontemplasjonen og ekstasen  blir uroa av ein som bed deg om hjelp, skal du stige ned frå himmelstigen og hjelpe din neste. Ekkoet frå evangeliet er tydeleg: Det er ei stor gjerning å gje eit glas vatn åt ein som er tyrst, seier Jesus.

Er det ikkje nok evangelium? Treng vi dramatiske forteljingar om liv og død – ja, om oppvekkjing av døde, om oppstode og evig liv? Er det ikkje berre kvardagsfjern mytologi? Døden kjem når han kjem, lat oss leve i dag, tenkjer mange. Kjære vener; evangeliet i dag minner oss om at nettopp kvardagen kan møte  oss også med dei store tinga, med det som er enkelt fordi det er tydeleg og uråd kome unna, som døden. Midt i livet, midt i det vanlege slår dei store dimensjonane inn. Eg trur ikkje det går an å leve i kvardagen utan å ta høgde – og djupne – for dei store dimensjonane; for det verkeleg høgtidlege, den store sorga og den store gleda. Å berre sjå på dei nære tinga, i litteraturen og i livet, gjer oss nærsynte. Gjer oss til metafysiske moldvarpar. Detaljane, tinga og hendingane, ser vi tydeleg fyrst i det store ljoset, i det fulle dagsljoset, ja, eg vil seie: I Guds ljos.

Vi må våge å sjå dei store utsynene også, vi må våge å ta dei store perspektiva innover oss, vi må våge å leve dei store dagane; våge å leve høgtidene i livet.  Kvardagen treng helga. Det er helga som føder kvardagene, yrkedagane. Det er sundagen som er “den fyrste dagen i vika”, ikkje måndagen, ikkje jobben, ikkje blåmåndagen og bakrusen. Helg og yrke – det er ein veksling, ein rytmikk, vi har gløymt i samfunnet. Vi pendlar berre mellom arbeid og fritid, mellom stress og underhalding.  Ja, vi er blitt redde for høgtidene, meir enn for kvardagane, trur eg. Redde for dei store tinga. Men utan det, kan vi ikkje gå roleg over tunet, leve  i det nære. Det kan berre den som kjem frå dei store høgdene og kjenner dei store djupa. Som har vore seg “opp i sky og nedatt med svarte dikje”; som Olav Åsteson i Draumkvedet. Og seier ikkje den lokale Olav Åsteson, sjåaren og diktaren vi feirar her, det same, i sine “draumkvede”, og nettopp i diktet om kvardagen (når han ser seg tilbake på dei store dagane, dei store hendingane i livet sitt)?: “Du berre var i stormen, var i elden”

I stormen og i elden – det var der den syrgjande enkja var også, henne som vi høyrde om i forteljinga i evangeliet. Ho var enkje, no hadde ho mist den einaste sonen. Den tunge handa hadde råka henne, midt i kvardagen, så å seie. Her må det sterkare ting til enn små minneord. Her stig Gud sjølv fram og legg ei anna hand på båra og seier: “Gråt ikkje!” Og til den døde: “Du unge mannn, eg seier deg: Stå opp”.

Sant – det er uendeleg mange syrgjeprosesjonar der dette ikkje hender, der Gud synest å vere borte. Døden synest sterkare enn livet, det vonde sterkare enn det gode. Det som hende i Nain, er berre eit teikn, ein glimt. Men ein dag skal døden  vike og livet sigre for godt; ein dag skal Gud seie til all skapningen: -Gråt ikkje! Teiknet i Nain;  vi kan tru det, eller avvise det. Eg trur det, og eg trur òg at der den kristne vona sloknar, der sloknar verda, der sloknar poesien, sloknar tinga; ja,sloknar kvardagen. Når Gudsfreden kjem, seier Skrifta, skal kvar mann sitje under sitt fikentre og sitt oliventre, i heilag siesta og kvardagsleg likesæle; då skal du “steikja flesk og lesa kinesiske vers”, som Hauge seier det i diktet sitt. Det dennesidige livet, kvardagslivet, livet finst, med sine ting. Gud har skapt tinga også. Dei enkle tinga. Men, seier Jon Fosse: «Eg er samanhengen mellom tinga». Samanhengen. Den er det lett å gløyme, både for poetane og andre. Eller som det heiter i eit anna dikt av Fosse, om vestlandsbygda og konene der; «ei lita bøn kunne høyrast»: Bøna høyrer også med til kvardagen, i alle fall på Vestlandet.  Det er det også lett å gløyme, kanskje fordi mange vil gløyme det.

“Det går an å leva i kvardagen òg!” Ja, men til sjuande og sist berre dersom du vågar å ta innover deg dei store spørsmåla. Døden gneg på alle dagar, legg seg rundt alle hus, tærer på alle dikt. Heime i fjordbygdene på Sunnmøre, der eg har vakse opp, er det ein liten sprekk høgt oppi hamrane, ein sprekk som utvidar seg,sakte, men sikkert. Det faste fjellet kløyver seg, eit skred utviklar seg. Åknesrenna kallar dei denne sprekken. Ei slik Åknesrenne utviklar seg også på et kulturelle området I landet vårt, i det som har med livsinnstilling og sjølve dei mentale mønstra å gjere. Trua på oppstoda og evig liv har sett seg i sinna gjennom århundra. Når denne trua er borte, eller ikkje lenger har noko tak i folk, trur eg vi vil vakne opp til ei radikal endring i kulturen. Kanskje ikkje så mykje i det ytre, som i sjølve grunninnstillinga til livet og tilveret.

Vi står på kvar side av denne bergsprunga; før eller seinare kjem valet til alle. Meir og meir skjønar eg for min eigen del at alt i mitt liv er nåde og at eg på ein underleg måte er boren av han som ”har ført liv og udøyelegdom fram i ljoset”, Jesus Kristus. Eller som salmisten seier: ”Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja om Herrens gjerningar”. Det får vere mitt vitnemål her eg står i dag, som menneske og som dominikanarbror:

Tenk, eg skal hans sendebod vera/og gå med ei underfull trøyst!// Guds englar den bod skulle bera/med lovsong og jublande røyst!

 

Til ære for Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og vere skal éin, sann Gud, frå æve og til æve. Amen.


12
Sep
10

homiletica: 24. sund. i det allmenne året, st dominikus krk, luk 15,11-24

Kjære brør og systre!

I denne forteljinga som vi har høyrt, ligg heile Jesus Kristi evangelium, ligg heile den glade bodskapen, ligg heile frelsesvegen skildra, ligg messa og evkaristien og alle dei heilage mysteria i kyrkja sitt liv.

 Og her ligg det som rører aller djupast ved mennesket, ved den menneskelege eksistensen: Menneskets veg tilbake til sin Skapar, sin Far, sin Gud, sin heim. Det er difor diktaren Charles Peguy seier at denne forteljinga kan ingen lese utan å gråte.

Fordi å vere menneske er å høyre til; hos andre, hos Gud. Situasjonen for eit menneske som kjem bort frå sanninga, på alle plan, og som til sjuande og sist kjem bort frå Gud, er at det er heimlaust. Difor er det ei djupt menneskeleg bøn når vi syng Salve Regina, til vår Mor og vår forbedarske hos Gud, at ho må sjå til oss; exules filii Hævæ; gementes et flentes in hac lacrimarum valle; Evas landflyktige born, sukkande og gråtande i tåredalen.

Eg trur altså at mennesket er skapt med ein grunnleggjande relasjon til Gud. Det høyrer med til det å vere menneske, til ein sann humanisme, så å seie. Difor seier også ein annan diktar, Ingebjørg Kasin Sandsdalen: ”Tak ikkje Gud i frå meg/ikkje med lyst eller ve!”. Mennesket har med Gud å gjere. Han talar til oss i samvitet. Der høyrer vi røysta som minner oss om vårt ansvar, vår fridom, vår menneskelege forplikting. Han har også opna ein veg ut av oss sjølve i bøna, som ei dør  i sinnet, i eksistensen.  Mennesket er homo orans, det bedande mennesket. Sjølv om både samvitet og bøna blir neddyssa, undertrykt eller forvrengt; samtalen mellom mennesket og Skaparen opphøyrer aldri.

Nettopp difor, fordi Gud og mennesket høyrer saman, utspelar det seg eit drama, ei forteljing; det eigentlege dramaet, den eigentlege forteljinga, om menneskets veg bort frå Gud og om vegen tilbake. I dag vil Gud at vi skal gjenfinne oss sjølve i dette dramaet, i denne forteljnga. For det er dette livet ditt handlar om.

Vegen tilbake til Gud, til Faderen, er alltid ein veg tilbake til oss sjølve. I full fridom fekk sonen gå sin veg, ta ut arven sin, heile sitt potensiale. Sonen, altså mennesket, satte alt over styr…gjorde ende på det alt sammen. Det flyktande mennesket erfarer det som den heilage apostelen Johannes seier: For alt her i verda – sanseleg lyst, augnelyst og hovmod fordi ein er rik– det er ikkje av Faderen, men av verda. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid (1 Joh 2,16). Berre det I livet ditt som er “av Faderen”,  gagnar deg som menneske, er eit verkeleg gode. Kor seint lærer vi ikkje dette!

 Vi lærer det gjennom krisa, for i krisa møter vi oss sjølve, avkledde alt stæsjet, utan sminke, utan maske. Ved enden av vegen, der han sat mellom skolmane, der ingen gav han noko, der ingen brydde seg, der gikk han – sonen, mennesket –  i seg selv.  Der var ingen annan veg å gå, der kom han til seg sjølv. Og sa: Nå bryter jeg opp hefra og drar hjem til min far.  Som sagt, så gjort, sentimentale tankar er ikkje nok, handling må til – og så fylgjer oppbotet, heimvegen, skriftemålet: Far, jeg har syndet mot himmelen og mot deg, så jeg ikke lenger fortjener å kalles din sønn. Og så fylger omfamninga, absolusjonen, festdrakta, ringen på fingeren, fetsmåltidet og dansen,  evkaristien – som nettopp er feringa av det å vere eit fullverdig, menneske, av full mennekeleg “verdighet”, av barnekåret hos Gud. 

 Brør og systre!  Det er éin ting som tél, for oss og for Gud: At han får oss tilbake I god behold .  Lat oss realitetsorienter oss i dag. Sjå kven vi er. Sjå kven Gud er. Og ta fylgjene av det. Og lat oss fortelje om dette til alle menneske!

Din Fader fær du sjå, som tek i mot den arme/Han elskar deg endå/ med same hjartevarme// Det sælaste på jord/det er i Jesus namn/ få leggja seg som barn/ inn i Guds faderfamn!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande. 

05
Sep
10

homiletica: 23. sundag i det allmenne året, St dominikus krk, luk 14,25-33

 

Kjære brør og systre!

Det er ikkje lett å få orda i evangeliet i dag til å passe med det gjengse biletet av Jesus som ein som aldri stiller fordringar eller krav til oss. Han er berre ”open og inkluderande”, som det heiter, og det skal også kyrkja vere. Ferdig med det.

Ja, Jesus er open for alle, men også utfordrande. Han seier: -Kom til meg, alle som slit og har tungt å bere”, men også: -Ta mitt åk – dvs mitt disippelskap – på dykk, og lær av meg…  Han er den sanne Visdomen som seier: -Kom til meg, lev eit liv i samsvar med visdomen! Han seier: -Kom til meg! Men også: -Fylg meg!

Kristent liv blir ofte sett på som berre som nødhjelp; det apellerer til vår veikskap, til at vi er så stakkarslege. Tanken om religionen som krykke har festa seg. Tru er for dei som treng litt ekstra trøyst, høyrer vi ofte. Tru er ynskjetenkjing. Slik blir det når ein gløymer at kristent liv er også ein apell til vårt ansvar, til vår ”verdighet” som menneske, til vår vilje, vårt val, til dei store dimensjonane i oss.  Uansett kor langt nede vi er, uansett kor hjelpelause – vi er alltid menneske som kan svare på Guds kall til oss. Vi kan reise oss og fylgje vår skapar, fylgje Kristus tilbake til Faderen. Som den bortkomne sonen der han hadde hamna på svinestien; då han kom til seg sjølv, står det, og sa: -Eg vil stå opp og gå heim til far min! Som sagt, så gjort! Då fann han ei open dør og ei open famn!

Brør og systre! Herren vår utfordrar oss til å tenkje over kva vi eigentleg vil, kva vi verkeleg satsar livet vårt på. Han vil ha oss til å tenkje gjennom konsekvensane. Sjølsagt kan eg vere eit kristent menneske, tenkjer mange; slik det passar, når det passar. Det kan vel ikkje skade; ber eg den, så ber eg den. Men Herren seier at eit standpunkt, ei trusvedkjenning forpliktar. Kanskje er det difor mange ikkje vil vedkjenne eller vegrar seg for det; fordi det forpliktar, det er lett å skjule seg i anonymiteten.  Open og vedkjennande tru medfører  nemleg omkostningar. Skal du byggje eit hus,  seier Jesus, må finansieringa vere i orden. Elles vi murane stå der og vitne om kor kortsiktig du var. Skal ein konge gå til krig, må han sjekke kor sterk fienden er og korleis det står til med hans eigne tropper. Elles må han gi tapt.

Brør og systre, det er slutt på den tida då kristen tru er noko vi kan plusse på, kalkulere med utan å risikere noko, ha som ”nogo attåt”. Tru er ei pilgrimsferd som du legg ut på og som skal gjennomførast. Det er som kardinal Newmans bøn: Lead, kindly light;  Leid, milde ljos…leid du meg fram! Og denne songen skreiv han nettopp under ei reise der han blei sjuk, kom inn ei stor krise, eit stort mørkre, miste alle haldepunkt – og nettopp då, midt i krisa,  skjøna at han hadde ei stor livsoppgåve, eit stort livskall som venta, eit kall og ei oppgåve som blei heilt annleis enn han sjølv hadde førestilt seg.

Å fylgje Kristus, kan medføre oppbrot frå alle sosiale konvensjonar; frå far, mor, hustru, born, brør og systre. Eit kristent menneske er ikkje naudsynlegvisvis ei samfunnsstøtte. Han er heller ein som uroar. Tru, det er Gud i vald, det er risikosport – slik vi såg det for kort tid sidan her,  då broder Haavar låg langflat på golvet framfor altaret.  No er det berre Guds miskunn som ber! Alle skal ikkje gå i kloster – skjønt mange fleire – men alle er kalla til Jesu Kristi radikale disippelskap.

”Der godtfolk går, der er Guds veier”, skal Bjørnson ha sagt. Men det er ein tvilsam maxime. Dei som kom til Kristus, var alle slags folk, få ”godtfolk, faktisk,  – det som talde, var om dei ville fylgje han. I soga om Olav den heilage, møter vi Arnljot Gelline; kjempa frå Jemtland, kjend som frimann, stimann og røvar. Han kom til Olav og slutta seg til han, og det var sagt om han at han søkte det største, og då han fann det, gav han seg heilt. 

Ikkje minst i eit samfunn som vårt vil trua si framtid avhenge av menneske som gir seg heilt og som står løpet ut.

I namnet åt Faderen og Sonen og Den heiage Ande.




kategoriar