27
Apr
12

carpe diem: iona IV

To dagar med kald nordavind så det plystra, men med sol, som så ofte i nordaver. Men i natt løya det, så det har vore mogeleg å sitje i solveggen igjen. Sundet nedanfor her glitrar i sola og cumulusskyene svevar som lette, høge dampslott over øyane mot sør og himmelranda bak. Det er verkeleg eit eige ljos her – og i kveld, etter ein rusletur opp frå hamna og heim, såg vi ein ljoske liksom på baksida av øya, mot vest, som ei skimrimg over den låge fjellkanten. Ingen kunstige ljoskjelder i den retninga, berre utmark og deretter opne Atlantaren. Engleljos.

Skrivinga har fått tak, etter mykje blading i bøker og notatar, så eg er på bylgja no. Kapitlet no handlar om Newmans forståing av språket og korleis vi kjem fram til å halde noko for sant; ikkje gjennom abstrakte omgrep, men gjennom levande erfaring av det orda seier. Mennesket tenkjer med heile seg.

Kvar dag held vi rytmen med laudes, middagsbøn, messe og vesper.
Vi skifter på å halde ein liten homilie ved kvar messe (br Haavar er diakonvigd, som kjent). Eit høgdepunkt er lunsjen i fjøresteinane, med enkle ingrediensar frå butikken, rett i vasskanten; rein sjø over kvit sandbotn, nokre måsar og kajer som kosar seg, og lengre ute i sundet ein flokk havsuler som stig opp og stuper ned som lynraske projektilar og tar fangsten sin langt under overflata.

Vi opplever noko av det som St Columbas bøn handlar om (ho heng på veggen i rommet mitt her):

Let me bless almighty God,
whose power extends over sea and land,
whose angels watch over all.

Let me study sacred books to calm my soul:
pray for peace,
kneeling at heavens gates.

Let me do my daily work,
gathering seawed, catching fish,
giving food to the poor.

Let me say my daily prayers,
sometimes chanting, sometimes quiet,
always thanking God.

Delightful is to live
on a peaceful isle, in a quiet cell,
serving the King of kings.

Vårt daglege arbeidsoppgåver som preikebrør er litt annleis enn St Columbas – vi må sanke meir ord enn «seawed», for å kunne skrive, undervise og forkynne og fiske menneske, men elles er det berre å seie: Amen.


3 Responses to “carpe diem: iona IV”


  1. 1 Herman
    april 29, 2012 ved 2:24 pm

    Hei til dere begge der borte over the sea! Her i Oslo stråler solen og skaper gyldne husvegger for oss, mens jeg leser prekenen til fr Haavard Simon og innlegget til fr Arnfinn i Klassekampen. Skal ikke kommentere noen av delene, for i dag er det bare fred og glede. Den gode Hyrde’s dag, Jesus Kristus egen hyrdesøndag er i ferd med å svale hen og lede oss på rett vei til de evige gleder. Hjertens godt å «høre» fra dere gjennom det jeg leser her, og skulle gjerne vært med dere og fotografert de grønne ganger dere vandrer langs i dag. Fortsatt god søndag, hyrdesøndag ønskes dere her fra Oslo.

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: