25
Apr
12

carpe diem: Iona III

Veromslag i går, til meir nordavind og kaldare – men i kveld igjen mildare. Det friskna til med kuling utover dagen og i kveld gjekkk br Haavar og eg ein tur rundt nordenden av øya og langs den stranda der St Columba likte best å trekkje seg tilbake for å be. Å vandre langs bylgjebrotet med Atlantarhavet rett ut… Her kjenner eg meg heime, både i naturen og i den åndelege atmosfæren. Øyar er heilage, ljose stader, engleheimar, etter keltisk tankegang.

Vi gjekk halvegs langs øya på vestsida (øya er vel berre tre, fire kilometer lang), og så rett opp gjennnom myrane og opp hamrane til fjellknatten Dun, omlag 100 m o h. Så ned att på andre sida og inn til hamna. Dei kvitkalka gardshusa lyser mot skyminga; ein månesigd, nokre jagande skyer og ein strålande Venus avteiknar seg mot kysthimlen.

Rask tur på puben ved hamna, og vi kjem i prat med eit par av dei yngre sauebøndene her. Iona er eit paradis, seier dei; jorda er god, alt veks villeg (i motsetnad til inne på Mull, den store øya innanfor sundet, der alt er hardt og bistert og tung-grodd) og dyra har det godt her. -Vi driv på den gamle måten, seier dei. Dei vil gjerne pratast igjen; klosterfolk høyrer heime her, merkar vi at dei meiner.

Skrivinga går sin gang. Gjort ferdig eit essay til ei bok og er godt i gang med eit Newman-kapittel. Vi feira messe her, festen for St Markus evangelist i dag. Ei gruppe pilgrimar fylte det vesle kapellet: frå Skottland, Trinidad og Frankrike. Mest ungdomar.

Nordavinden syg endå ute, han legg seg seint om kveldane. God natt, Iona.


3 Responses to “carpe diem: Iona III”


  1. 1 MT
    april 26, 2012 ved 6:28 am

    Så fine naturskildringar, mest som eg går der attmed dokke. Hadde vore godt med eit retreatopphald der kjenner eg.
    Lukke til med arbeidet som skal gjerast.
    Marieklem

  2. 2 Solveig
    april 26, 2012 ved 8:11 am

    Så flott at øya har kraft til å dra unge folk til seg og også så langt borte ifrå!

    Den keltiske tankegangen er kanskje intuitiv for oss kystfolk? 🙂 Ville gjerne ha kome meg til Selja 8. juli i år, men det blir nok praktisk umuleg, så det blir nok ein gong utan messe..
    (Dun og Hi, så nydelege namn, med djup meining skjult nede i tid(?))


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: