24
Apr
12

carpe diem: Iona II

Dagane går her på den heilage øya, på Hi, som det heiter på gaelisk. Sol, vind, skyer; april på den skotske highland-kysten. Utan tvil ein øy der det er englar rundt oss. Br Haavar og eg er innlosjerte på denne katolske retrettgarden, ikkje stor, men harmonisk tilpassa sitt formål. Plass berre til nokre få gjester om gongen. No er det ingen organisert retrett her, berre einskildgjester, Iona-pilgrimar. Vi to dominikanarbrør syng laudes i kapellet klokka åtte, så er det frukost, arbeid og fritid framover dagen. Lett lunsj må vi ordne sjølve, og det er enkelt å kjøpe litt brød og noko attåt på Spar-butikken ved kaia og rusle ned på sandstranda like ved og innta måltidet der. Vi har elles gått turen til St Columba Bay, sør på øya, der han landa då han kom frå Irland, på 500-talet. Og site ved den breie stranda rett over på andre sida her, mot vest, med vide, grøne, nedgnaga sauebeite som eit grønt filtteppe ut mot havkanten.

Om ettermiddagen klokka fem er det messe, og så bed vi vesper. Sjøl har eg eit lite rom i andre etasje med vindauge mot sundet og den store øya Mull. Her er det fint å skrive. Eller ein kan sitje i solveggen på nedsida av huset, litt i ly for den lette nordavinden.

Sundag feira vi høgmesse i eit av kapella i abbedi-komplekset. Med mange tilreisande og pilgrimar til stades. Sjølv om Skottland er mest calvinsk-presbyteriansk (Church of Scotland), er det også mange katolikkar her.

Fint å vere her. I morgon er det meldt nordaust kuling, så det frisknar til.


0 Responses to “carpe diem: Iona II”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: