21
Apr
12

carpe diem: iona

Så kom vi hit, br Haavar Siomon og eg. Han er i ferd med å avslutte sine studiar i Oxford, etter fleire år i Frankrike, og vi møttest i går kveld hos (dominikanar-) brørne i Glasgow (der dei m a har ansvar for det katolske soknet St Columba).

Eg kom meg vel over Nordsjøen, berre vel 50 minutt Widerøe-flytur frå Sola, landa i Aberdeen og tok toget langs Nordsjø-kysten, om lag to og ein halv time, til Glasgow. God natts svevn og så på toget igjen; ei skikkeleg provinsrute opp til the Highlands, ut til Oban. Derfrå ei Caledonien-Mac Braine ferje ut til Isle of Mull og buss på smale krokete vegar ut til Fionphort med ei kort ferje over sundet til Iona. Skikkeleg grøn sjø her, med kvit sandbotn og frisk-raud tang, med tev av salt og tare, slik det skal vere og heilt som heime.

Vi rusla gjennom den vesle landsbyen ved hamna, med kvite og steingrå murhus, forbi puben og Spar-butikken (!), forbi ruinane av det mellomalderske nonneklosteret og så opp til det katolske retretthuset Cnoc a`Chalmain. Rask innljosjering, litt kvile og deretter messe i det enkle kapellet. BrHaavar diakon, eg prest og nokre gjester. Men er ikkje her før vi har «innteke» øya; ein tur til det fullrestaurerte, mellomalderske bendiktinar-abbediet. Der held no Iona Community til (Church of Scotland, reformert) og tek mot gjester og pilegrimar i tusenvis. Og så, etter kveldsmat, ut og sjå solnedgangen frå den breie bukta på vestsida. Heilt vindstille, berre døyvde dønningar som rullar sakte innover strendene. Fred.

Heilt til no er det ein lett ljoske over vesthimlen, nokre dramatiske skyer – og Venus, stor og strålande. Vi er her. I morgon er det høgmesse som vi får halde i eit av kapella (St Michael’s) i abbediet. Så skal det tenkjast og skrivast heilt til neste helg.

Advertisements

2 Responses to “carpe diem: iona”


  1. 1 Solveig
    april 21, 2012 ved 10:27 pm

    jorda, himmelen, vatnet, det guddommelege og menneska.. Fint å lese denne skildringa frå reisa di, det hjelper oss andre til å kjenne oss heime også! (dette er jo på ein måte urlandskapet)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s


kategoriar

Advertisements

%d bloggarar likar dette: