20
Apr
12

carpe diem: på veg…

…til Iona. Men fyrst til Aberdeen og Glasgow, altså. Her sit eg på Sola, etter å ha fare frå Vigra via Flesland i føremiddag. I går gjekk Velledalensemniaret av stabelen, i Velledalen grendahus, for tredje året på rad. To hundre frammøtte er er ikkje verst i ei norsk bygd. Som vanleg er alt som har med infrastrukturen å gjere, frå lokale og lydanlegg til PR og bevertning, ordna lokalt, effektivt – og på friviljug basis. Bygde-Noreg på sitt beste.

Og så vêret! Fyrste dagen med litt temperatur etter nokre kjølege dagar her, varm vårsol som gjer dalbotnen grøn og fjelltoppane til kvite massiv av ljos. Mot den turkis kveldshimlen og etterkvart i måneskin er det heilt «breathtaking».

Mi vurdering er stadig den same som då vi tok initiativ til seminaret: Norsk bygdeliv er aktivt, resurssterkt, moderne, initiativrikt også på kulturfronten. Men det manglar filosofi og etos (meining) etter at den kristne, frilynde og nasjonsbyggjande tradisjonen er nedbygd. Det blir lett det kvantitative som tel, og at vi skal ha det gøy, bli spreke og pene. Det høyrer med, men isolert, kan det ende med det vi kan kalle «den nye bygdehedonismen». Alt blir underhalding og kostbart opplevingskonsum.

Samstundes viser interessa og oppsluttinga om eit slikt seminar at folk også tek til å ynskje seg noko meir, og noko anna.

Vonar at Widerøflyet som etter planen tek av herfrå klokka 1515 tek meg trygt over «fjorden» (Nordsjøen) til Skottland. Frå Aberdeen til Glasgow med tog. Som sagt: Til Iona i morgon. God willing.


0 Responses to “carpe diem: på veg…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: