16
Apr
12

carpe diem: studiar mm

Tida før og etter Stille vike og Påske er tett i kyrkje- og klosterlivet, så bloggen har hatt nedsett puls, men lever stadig. I dag tidleg kom eg til Stranda, som fyrste fase i ein studie- og skrivebolk. Skal – som i fjor og året før – vere med på Velledalenseminaret (torsdag), saman med ven og velledaling Paul Otto Brunstad. Velledalen er like over fjellet her, i grannekommunen til Stranda,Sykkylven. På veg dit, nyttar eg høve til rask visitt hos mor mi, som blir 90 i sommar og i god vigør; greier seg sjøl og køyrer stadig sin Subaru, skjønt ikkje så lange leier som før.

Seint i går kveld tok eg nattbussen hit frå Oslo; slumra meg oppgjennom surt og kaldt ver i Gudbrandsdalen – og slo augene opp på veg ned frå Strynefjellet, med veldige, snøkvite fjell på morgonblå bakgrunn rett i fleisen. Fantastisk. Våren kom tidleg hit vest, men blei forsinka av ein kjøleg periode som varer enno. Klårt og stille, og marker og lauvskog som hutrar og ventar på å sleppe laus grønfargen.

Etter Velledalen går det med fly via Bergen til Aberdeen (!) – for eg har hyra meg plass på det katolske retrettsenteret på Iona, St Columbas øy, der eg har vore eit par gonger før, for mange år sidan. Dei tilbyr gratis opphald for prestar som kan feire messe for gjester og husfolk der. Og der skal eg skrive meir Newman. Br Haavar Simon (Nilsen) som eit par år har vore i Oxford, etter fem i Frankrike, for å fullføre studiane sine, kjem også til Iona. Vi møtest fredag kveld i dominikanarklosteret i Glasgow og drar vstover derfrå. Etter Iona er det innom Oxford for litt Newman-research og ein visitt i Blackfriars» – klosteret der br Haavar held til. Planen er at han skal assignerast til St Dominikus i Oslo frå hausten av og presteviast der i oktober. Bra med nytt mannskap!

Etter Iona/Oxford vender eg nasen heimover og er i Oslo den 6. mai. Alt: Om Gud vil.

Sist helg (13-15/4), før eg dro hit, leia eg ein retrett for kateketar på den katolske leir- og kursstaden Mariaholm ved Øyern (Spydeberg). Preiker, retrettføredrag og personlege samtalar. Krevjande, men fint.

I dag har eg vore litt i ørska etter ei lang nattbussnatt, men har fått med meg fyrste del av rettssaka mot A B Breivik. Godt at det så langt ser ut til å bli roleg gjennomført, men eg – som sikkert alle – kjenner sorga og alvoret heilt inn i margen. Ein snev av domedag for oss alle.

Alt dette kjem eg sikkert tilbake til.

Ei lett snøbyge kjem svevande innafrå fjorden, men dunstar nok bort før ho kjem hit. April.


2 Responses to “carpe diem: studiar mm”


  1. 1 Solveig
    april 16, 2012 ved 5:55 pm

    Høyrest ut som ein fest, turen din til Skottland/England! Godt å sjå fram til ein svart dag som denne, for den er svart, tung, og med få ord. Merka det på arbeid i dag, det var så stilt. Sjøl fann eg boka Thomas Aquinas on God and Evil i bokhandelen min i dag – eller boka fann meg, av amerikanaren Brian Davies.

  2. 2 Elisabeth på Lista
    april 16, 2012 ved 6:38 pm

    Tusen takk for den fine retretten på Mariaholm, og lykke til og velsignelse med turen din til Storbritannia!!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: