09
Apr
12

poetica: påske II

ein liten påskehumoreske i fullt alvor; saka sett frå Guds synspunkt…

PROSJEKT PÅSKE

Sju dagar på å skape

Tre dagar på å nyskape
for no hastar det!

seier Herren

Har eg sagt A
må eg seie B
eller rettare sagt O(mega)

Vi måtte gjennom dette:
livet
døden
og livet igjen

eg og Adam
og Eva

tru det eller ei

men livet er kome
for å bli!


8 Responses to “poetica: påske II”


  1. 1 Wenche
    april 9, 2012 ved 8:44 pm

    Så fint! Eg trur det! 🙂

    • april 9, 2012 ved 8:51 pm

      Takk! Og god påske, forresten! Eg kjem tilbake om eit evt lite symposium/seminar (10-15 folk) om folkeleg reaksjon på Reformasjonen i Noreg. Den historia er skriven ned «bias», og kulturhistorikaren Henning Laugerud har studert sakene. Kunne vere mykje å snakke om for interesserte; med aktualitet for kyrkja og trua sin plass no. Må vere i nærleiken (les: Nes) av Røldal, må vite… 🙂 I august eller september, ei heilg?

      • 3 Wenche
        april 11, 2012 ved 6:39 pm

        God påske! Wenche x 2 har nå snakka, og me blir med. Så må alt, tid, stad, innhald m.m. drøftast. 🙂

  2. 4 Kristin B Aa
    april 9, 2012 ved 8:50 pm

    🙂

  3. 5 Solveig
    april 9, 2012 ved 10:38 pm

    Temaet folkelege reaksjonar på reformasjonen høyrest spennande ut! Det verkar som om det var vekkelseskristendommen som for alvor tok knekken på restkatolisismen i Norge? Men då ein restkatolisime som var endra på grunn av liten støtte frå kyrkja. Leste nylig noko interessant i Vestlandsnytt, lokalavisa frå Herøy, dette skrive av Kåre Kvalsvik, om Trollsteinen. Det var ein stein på vestsida av Runde som folk var redd skulle skli i havet og lage flodbølje. Folk si råd mot dette var å betale skatt til ei kyrkje eller ein prest som så med si forbøn skulle mildne maktene, dette gjorde dei også for å berge åkeren om hausten. Kvalsvik seier at dette heldt seg til i 1920-30 åra og at ein prest inne i Hjørundfjorden hadde spesielt stor kraft i bønene sine.
    Ein annan ting som held seg lenge var jo bøner (på historienett(?) ligg det to spesielle sankt olav bøner nedtegna frå Sandsøya), men dei blei jo også etterkvart oppfatta som overtru og vantru. Lurer på om nokon forskar på slike restar frå Sunnmøre? Spennande, men langt utanfor mitt kompetansefelt..

    • april 10, 2012 ved 7:23 am

      Ja, det er mykje spennande å ta fatt i her. Ettertida har vore rask til å stemple den folkelege trua som overtru, men det er ikkje dei (relativt) moderne vekkjingsrørslene som har skulda. Det dreia seg meir om den statskyrkjelege embetsprotestantismen, både i reint luthersk og i meir opplysingstid-versjon (dei rasjonalistiske prestane).

      • 7 Solveig
        april 12, 2012 ved 9:15 am

        ja. Var vel litt for ivrig når eg framheva vekkjingskristendomen. Var inspirert av ei samtale eg var i rundt tida for «gammaljula» i januar. Ei venninne av meg opprinneleg frå Nesset i Tromsdal fortalde at der i bygda feira dei gammaljula inntil rundt 1850. Feiringane starta med at ein korsa seg og det blei halde ei kort juletale, før felemusikk, dans og øldrikking tok over, og det gjekk på omgang i bygda kven som hadde ansvaret – ingen embetsmannsprest involvert i alle fall! 🙂 Denne måten å feire på kom jo i konflikt med avhaldsrøyrsle og pietisme. Synes det er interessant korleis feiring starta!
        Elles fortsatte vel tradisjonen med fisk på fredag nesten inn i vår tid mange stadar langs kysten, også i Bergen (om ein ser på menyplanane. Har sett at det var stor forskjell i mattradisjon i så høve mellom aust- og vestland)

  4. 8 Solveig
    april 12, 2012 ved 9:16 am

    Tromsdal skulle sjølsagt vere Romsdal..


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: