08
Apr
12

homiletica: påskenatt, st dominikus krk, mark 16, 1-8

Kjære kristne!

Kristus er oppstaden! Ja, han er sanneleg oppstaden!

Den som har vakse opp på ein havkyst, veit korleis det er når gråe skyer og vått vêr har lagt seg over landet og blitt liggjande – og så, plutseleg; eit vindkast, som kjem farande og feiar himlen rein. Kanskje berre ei rift fyrst, men nok til at sola fløymer inn, nok til at du ser alt opplyst, som nyskapt, som for fyrste gong. Du ser himlen, du ser jorda, du ser alt, du ser deg sjølv!

Slik er det med engleorda i evangeliet kvar gong eg høyrer dei:

-Bli ikke forferdet. Dere søker Jesus fra Nasaret, den korsfestede? Han er oppstanden, han er ikke her! Se, der er stedet hvor de la ham!

Å, bror og syster! Ut i denne byen, ut i dette landet, ut blant alle menneska som har innretta seg med tvilen, med vantrua, med døden som herre, som under ei grå, konstant sky, vil eg rope ut, sleppe laus, engelens bodskap som eit stormkast: Han er oppstanden, han er ikke her! Se, der er stedet hvor de la ham!

 Kva er det med oss nordmenn? Etter tusen års kristendom held trua på at døden er det siste, på å breie seg til stadig fleire – som eit skydekke som sig inn over oss, som ein kreftsjukdom  med hissig spreing. Trua på udøyelegdom er jo sjølve krafta og profilen i den kristne trua.  Kristus Jesus, vår Frelsar, kom til jord, og han har  gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet (2 Tim 1,10), seier apostelen. Og når Paulus står for Rådet, seier han om sin bodskap, som i ein sum: –Eg vert klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp! (Apgj 23,6).

Det meste av det vi tek som sjølsagde verdiar i vår kultur, er knytte til trua på menneskets uendelege verd; at vi er skapte i Guds bilete. Og nettopp fordi vi er Guds bilete, er vi skapte til evig liv, til udøyelegdom.  Herren vår sjølv, seier til sine samtidige tvilarar, dei  forfina og skeptiske saduserane, at Gud  nettopp er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for dei døde, men for dei levande!

Når det kjem til stykket, ser vi at midt i vår tids omfamning av døden som det siste, strevar menneska febrilt, ja, desto meir febrilsk,  etter noko som kan overvinne døden, overvinne tapet, nedbrytinga, undergangen. Men når Kristi evangelium blir borte, er det berre subsituttane, berre sminka, tilbake.  Også hos dei meir filosofiske som meiner seg å ha akspetert Dødens majestet, og liksom har gjort opp med alle illusjonar, kan du kjenne angen av kynismen som sivar ut.

Kjære kristne! I denne heilage påskenatta skal vi fornye vår dåpspakt, gje vårt handslag på nytt til Kristus, til Den levande.  Eg vil seie: -Eg er ein kristen. Midt i denne verda,ja, sjølv midt i døden vil eg seie:

Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja Herrens gjerningar!

 


2 Responses to “homiletica: påskenatt, st dominikus krk, mark 16, 1-8”


  1. 1 Herman
    april 8, 2012 ved 12:50 am

    Takk for fin preken! Og god påsketid!

    Hilsen Herman

  2. 2 MT
    april 8, 2012 ved 11:28 am

    God Påske fr Arnfinn og takk for gode innlegg !
    Marieklem


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: