05
Apr
12

homiletica: Skjærtorsdag, St dominikus krk, 1 KOR 11, 23-26

Kjære brør og systre!

Vi feirar i kveld den høgtidlege innstiftinga av Herrenns Nattverdsmåltid, av Evkaristien, av Den heilage messa. Messa og nattverdfeiringa er sjølve senteret og berebjelken i kyrkja; ja, det er kyrkja i fortetta form. I messa syner kyrkja seg som det ho er: Ei lokal og samstundes universell forsamling kring Den oppstadnes levande nærvere. Ho er Guds folk og Guds familie, samla med sine tenester og nådegåver, med sine hyrdar og lærarar.  Der det ikkje er eit folk som samlast, offentleg og på ordna vis, for å feire Guds Ord og Nattverdens liturgi, særleg på Herrens dag, sundagen – der er det inga kyrkja, uansett kor mange andakter, sermoniar eller aktivitetar det elles måtte vere.

Det er dette som er bakgrunnen for at katolske kristne har ”messeplikt”.  Det er ikkje ei plikt, eigentleg, men eit kall, ei påminning om kva det er å vere kristen, å vere ein katolsk kristen: Å tilhøyre Guds lovprisande og vedkjennade folk, å vere lem i Kristi synlege kropp i verda: Til og med Luther har sagt: -Vil du ta deg den fridomen å ikkje gå til alters, kan du like gjerne ta deg den fridomen å ikkje vere ein kristen.

Messa er kyrkja, og kyrkja er messa, rett og slett. Slik det alt var i ”den øvre salen” i Jerusalem, der Jesus heldt sin nattverd for fyrste gong, slik vi feirar det i dag, Skjærtorsdags kveld. Der var han, i sine disiplars midte; kyrkja som eit foster, eit embryon, klart til å fødast på pinsedagen.

Gjennom å feire messa, utøver kyrkja sitt fremste kall, ja, uttrykkjer ho sitt djupaste vesen, som vi høyrde i apostelens ord til kyrkja i Korint:

Hver gang dere spiser dette brød og drikker dette beger, forkynner dere Herrens død, inntil han selv kommer.

Å forkynne – det er i Bibelen og i Israles historie noko meir enn berre å preike, å tale. Det er å feire, det er å lovprise, det er å velsigne; å lovprise og velsigne Gud for hans store gjerningar som skapar og frelsar.  Lovsongen er forkynning og forkynninga er lovsong. Nattverdfeiringa er nettopp evkaristi, takkseiing, velsigning, lovprising – i lesingar, salmar og trusvedkjenningar, men aller mest  i sjølve den høgtidlege, evkaristiske bøna, framsagt in persona Christi, i Kristi stad, av den presiderande biskopen eller presten og alle konselebrantane, saman med heile gudsfolket. Den store evkaristiske bøna, som vi har arva frå jødisk liturgi, bøna som blir innleidd med dei gamle orda: Sursum corda, ”løft deres hjerter”, ”la oss takke Herren, vår Gud”; ”det er verdig og rett” – og som sluttar med den store hyllinga:  ”Ved ham og med ham og i ham tilkommer deg, Gud allmektige Fader, all ære og herlighet, fra evighet til evighet, ” og heile folket svarar: ”Amen!”

Senteret og grunntonen i denne lovsongen er Kristi offer for våre- og heile verda sine synder. For han sa sjøl, som vi høyrde, over brødet og begeret: Dette er mitt legeme, som er for dere/Dette beger er den nye pakt, sluttet i mitt blod.  Hans kropp og hans blod er verkeleg nær, realpresent. Fordi han sa det, fordi hans skapande Ord stadig, på hans befaling, lyder over brødet og begeret! Det er ikkje sinnrike spekulasjonar som får katolske kristne til å tru på realpresensen, at vi verkeleg mottar Jesu lekam og blod; det er Kristi tydlege og direkte tale, hans eigne ord. Som apostelen også seier:

Velsignelsens beger som vi velsigner, gir det oss ikke del i Kristi blod? Brødet som vi bryter, gir det ikke del i Kristi legeme? (1 Kor 10,16).

Gjennom feiringa, gjennom den evkaristiske velsigninga, takka og lovprisnga over  brødet og over kalken, gjennom nærveret av Jesu kropp og blod – forkynner vi hans død – ikkje som eit blott og bart faktum, som ein dødsannonse, ein nekrolog, men at det er ein offerdød, ein sigerdød; for ”med sin død overvann han døden”, seier fedrene. Vi forkynner det gjennom feiringa, vi framsteller det, vi lyfter det opp, vi manifesterer Jesu frelsesverk for oss og for alle.

Vi forkynner det for Gud Faderen: -Sjå, her er han som gav seg for oss, etter din vilje, av kjærleik: Forbarm deg over oss, høyr våre bøner!

Vi forkynner det for englane, i glede og lovsong; vi forkynner det også for demonane: Sjå, her er han som er sterkare enn alle vonde krefter! Her er hans blod som ropar sterkare enn Abels blod, eit rop som overdøyver Satan, anklagaren, og alt og alle som vil anklage oss!

Vi forkynner det for alle menneske, for all verda: Her er han som elskar alle, grenselaust, inntil døden, han som ved å overgje seg, som ein slave, ja, som eit offer, inntok plassen ved Guds høgre hand og som har all makt i himmel og på jord! Her er han, og vi seier: ”Se Guds Lam, se han som tar bort verdens synder: Salige er de som er kalt til Lammets bord!”

Dette forkynner vi, dette proklamerer vi, dette held vi fram. I liturgien, og i all vår tale og i alt vårt liv, trass alle motseiingar og meingar, trass våre synder og våre svik: Herrens død forkynner vi, inntil han selv kommer!

Difor, brør og systre,  er det djupast sett berre éin ting å seie, på Skjærtorsdag, som elles:

Herre, jeg er ikke verdig til at du går inn under mitt tak, men si bare et ord, så blir min sjel helbredet!

Reklame

0 Svar to “homiletica: Skjærtorsdag, St dominikus krk, 1 KOR 11, 23-26”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: