27
Feb
12

homiletica: 1. sund i faste (invocavit), St Svithun krk, Stavanger//Messe, Sandnes, Mark 1, 9-15

 Kjære kristne!

Vi har nettopp gått inn i fastetida. Det er ei tid då vi som kristne og som menneske skal bli realitetsorienterte. Møte røyndomen. Møte oss sjølve. Møte Gud. Ja, møte demonen, djevelen. Og sjekke om vi har gehalt, om vi er ekte eller om livet vårt er juks og illusjonar. Om vi har fått tak i det som verkeleg har verdi.

Israel blei sendt ut i ørkenen i 40 år for å bli testa. Dei måtte forlate kjøtgrytene i Egypt, dei måtte faste, dei måtte leve av det Gud gav dei; manna, eit slags brød. Dei måtte vise om dei stolte på Gud. Dei var heilt avhengige av Gud; han gjekk framfor  dei som ei skystøtte om dagen og som ei ljosssøyle om natta.

Og i dag høyrer vi om Jesus, at han også blei sendt ut i ørkenen, ikkje i 40 år, men i 40 dagar og netter, for å bli testa. I 30 år hadde han vakse opp i Nasaret – no skulle ha  stige fram og byrje sitt virke, som forkynnar, som helbredar, som meistar og rabbi for dei som ville vere hans elevar, hans disiplar, hans vener. Og så skulle han lide, for heile verda, sveitte blod i Getsemane, bli hengd på ein kross på Golgata. Ville han greie det? Ville han bestå prøva?

Israel svikta mange gongar i Sinaiørkenen – men Jesus, som det sanne Israel, bevarte sin lydnad og sin tillit til Gud. Då djevelen pusha han og lokka han med all verdsens rikdom berre Jesus ville falle ned og tilbe han, sa Jesus: -Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena! Då forlet djevelen han, han gav opp, han hadde funne sin overmann. Den sterke hadde møtt Den sterkare. Jesus bestod prøva. No kunne han stige fram og forkynne: -Tiden er inne, og Guds rike er nær. Vend om, og tro på Evangeliet!

Jesus måtta face realitetane. Han måtte møte Guds- og vår fiende, djevelen. Djvelen finst, nemleg. Noreg er eit land der alt går på skinner for dei fleste. Vi er blitt rike og overflatiske. Men så, plutseleg, bryt røyndomen inn, som vi har sett det i  det som skjedde den 22. juli. No byrjar det å demre at det finst vonde krefter utover det som slemme og dumme menneske kan prestere. Her er noko vondt som vi ikkje kan forklare. Heller ikkje psykiatrane og psykologane og alle forståsegpåarane. Vi begynner å forstå at der er ein vondskap som er ”meir enn menneskeleg”, det vil seie ei vond åndsmakt. Vi begynner å forstå det som den kjente norske kunstnaren Håkon Bleken skriv i eit innlegg (Adresseavisa) à propos 22. juli og om der finst ei vond åndsmakt, ja ein plass om fortener å bli kalla ’helvete!. Han seier at vi no er i ferd med å oppdage at der er ”avgrunner vi ikke visste eksisterte” (sit.).

Brødre og systre! Vi er i ferd med å oppdage at det vonde og det gode har ein åndeleg dimensjon. Vi burde vite det; for evangeliet handlar i stor grad om at Jesus nedkjempar dei vonde åndskreftene, demonane. Og apostelen seier:- Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod – altså mot reint menneskelege krefter – men mot makter og herredøme… mot vondskapens åndehær i himmelrommet (Efes 6).

Vi burde vite det – for når vi blir døypte, lyder det: -Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen!

Kjære bror og syster! Kor lenge skal vi leve i det småpene og sjøltrygge verdssbiletet vi nordmenn har tileigna oss? Det er liksom berre oss, pengane våre og fornuften vår. Vi skjønar ikkje at livet og verda har større dimensjonar. At mennesket, at du og eg, er bestemte til å nå Gud, til å leve i han. At når Jesus seier til djevelen: ”Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena” – så seier han det på vegne av oss, om oss. Kva er det det eigentleg handlar om i vårt samfunn, i vår kultur? Jo, djupast sett om kven og kva mennesket skal tilbe, kven vi skal tene, kva som er målet med det heile. Vi innbiller oss – eller rettare sagt: demonen innbiller oss – at vi kan ekspandere inn i himlen, økonomisk, materielt, teknologisk, opplevingsmessig. Men alt dette skaper berre større tomrom, som vi stadig på nytt må fylle opp med erstatningar og surrogat, surrogat for Gud, surrogat for det vi er skapte til å vere; Guds bilete, imago Dei. 

Det store tomrommet – det er demonens, det er djevelens element. Når det blir tomt nok, fyller det mennesket med forvirra tankar, med fortviling, panikk og angst og får det til å gjere kva som helst. Så lenge vi har nok materielle resursar, kan vi halde tomrommet unna, men ingen ting er så usikkert, ingen ting så skjørt som reint menneskelege krefter, som pengar og finansar. Når som helst kan spelebordet velte, og alt trillar utover. Samtidig ser vi at uventa vondskap slår inn midt i den norske ”bestestua”. Den rådløysa og angsten som alt dette  utløyser, kan bli farleg, og eg trur at vi alt merkar det. No kan alt skje.

Brør og systre! Alskens tiltak kan vere vel og bra; men til sjuande og sist er det éi røyst vi bør lytte til no. Hans røyst som seier:- Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men taper si sjel? Han som seier: –Tiden er inne og Guds rike er nær! Vend om, og tro på Evangeliet!

Og finner du ham, da finner du alt/hva hjertet kan evig begjære/Da reiser seg atter hvert håp som falt/og blekner så aldri mere!

 

 

 

 

 


0 Responses to “homiletica: 1. sund i faste (invocavit), St Svithun krk, Stavanger//Messe, Sandnes, Mark 1, 9-15”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: