23
Feb
12

homiletica: Oskeonsdag, St Dominkus krk, Joel 2,12-18/ Matt 6,1-6; 16-18

Kjære kristne!

Fastetida er fyrst og fremst ei tid for bot, for omvending, for konversjon. Det er det som kling frå liturgiens tekstar i dag:

Nå lyder ordet fra Herren: Vend om til meg av et helt hjerte, med faste og gråt og klage! Riv ikke i stykker klærne, men la angeren rive i hjeret!

Og Jesu ord om at når vi fastar og ber, er det det djupe tilhøvet til Gud det gjeld, det er den løn han gjev, ikkje den ære vi får av menneske, som er målet, fokuset!

Det er ikkje tvil om at den omvendinga, den metanoia eller sinnsendring vi treng i dag, i vår kultur, er å innsjå mennesket si begrensing. Vi er skapte i Guds bilde, men vi er også tekne av jorda, er eitt med stoffet, er eitt med våre medskapningar. Difor lyder det når vi snart får osketeiknet i panna: –Menneske, kom i hu at du er støv/og at du skal vende tilbake til støv! Som ei føregriping av vår dødsdag, den endelege oskeonsdagen som ventar oss alle: Av jord/av støv er du komen/til jord skal du bli. Dust to dust/ashes to ashes. I Bibelen er jord, støv og oske ord for det same.

Vi er begrensa, vi er avhengige, vi er sårbare vesen. Å ville oppnå evig liv utan Gud, utan Kristus, eit slags surrogat-evig liv  ved hjelp av vår eigen paniske, for ikkje å seie fortvila innsats, er  patetisk og øydeleggjande. Sunnleik, velvere, teknologi, vitskap, medisinar – vel og bra, men døden innhentar oss, likevel. Babelstårna når aldri inn i himmelen uansett kor strebande og flotte dei ser ut.

Både naturen, kulturen og samfunnet i det heile ville ha godt av eit meir realistisk menneske. Eit menneske som veit seg meir avhengig av andre. Mykje av  våre godar er resultat av hardt, menneskeleg arbeid andre stader i verda, ofte dårleg løna, og av dei resursane jorda gjev.  Det kjem ikkje automatisk ut av minibanken på veggen. Og vi treng å innsjå at vi er  avhengig av Gud, vår Skapar, han som opnar si hand og mettar alt levande med hugnad. Ja, vi sjølve, kropp og sjel, har godt av å innsjå at vi ikkje kan vekse inn i himmelen.

Samfunnet, så vel som einskildmennesket,du og eg, har godt av ei fastetid, ein ny nærkontakt med våre begrensingar – og dermed det som verkeleg kan gje oss glede og meining. ”Less is more”; det stadig maximerande mennesket blir aldri fornøgd, blir blasert, misser evna til å glede seg over det gode.

Å innsjå sin begrensing – det er eit evangelium, Oskeonsdagens evangelium. Det frigjer deg til å setje di lit og alle dine forventingar til Gud. Han kjenner oss, og veit kor sterke og kor veike vi er. Oskeonsdag er påminning også til Gud; som det heiter i ein salme i denne dagens tidebøner:

Som en far er kjærlig mot sine barn, så kjærlig er Herren mot dem som frykter ham.Han vet hva vi er skapt av/ han kommer ihu at vi er jord.

Han veit kven vi er. Vi veit kven vi er. La oss ta det derifrå. Det er Oskeonsdag.

Reklame

4 Svar to “homiletica: Oskeonsdag, St Dominkus krk, Joel 2,12-18/ Matt 6,1-6; 16-18”


  1. 1 Irene Pinaas
    februar 23, 2012 ved 9:32 pm

    Takk for Webloggen din. Den gir meg oppmuntring, er til ettertankeog oppbyggelse.
    Mvh Irene Pinaas

  2. 2 Geir
    februar 24, 2012 ved 4:39 pm

    Jeg er enig med Irene.
    Jeg er glad du finnes til, Arnfinn. Det er sterke ord du skriver, direkte og krevende.

    «Både naturen, kulturen og samfunnet i det heile ville ha godt av eit meir realistisk menneske. Eit menneske som veit seg meir avhengig av andre. Mykje av våre godar er resultat av hardt, menneskeleg arbeid andre stader i verda, ofte dårleg løna, og av dei resursane jorda gjev. Det kjem ikkje automatisk ut av minibanken på veggen. Og vi treng å innsjå at vi er avhengig av Gud, vår Skapar, han som opnar si hand og mettar alt levande med hugnad. Ja, vi sjølve, kropp og sjel, har godt av å innsjå at vi ikkje kan vekse inn i himmelen».

    Jeg vet ikke om du følger meg når Emil i «Emil fra Lønneberget» i sin åndelige og fysiske avhengighet til Alfred, tjenestegutten på gården, med varme og kjærlighet sier; «Du och jag, Alfred – du och jag.»

    «ein ny nærkontakt med våre begrensingar – og dermed det som verkeleg kan gje oss glede og meining…»

    «Som en far er kjærlig mot sine barn, så kjærlig er Herren mot dem som frykter ham. Han vet hva vi er skapt av/ han kommer ihu at vi er jord».

    • februar 24, 2012 ved 4:46 pm

      Takk! Er veldig ening i at relasjonen mellom Emil og Alfred er eit godt bilete på oss og Gud – og eit eksempel på ein tilsvarande relasjon oss menneske i mellom. At vi er avhengige av kvarandre, på ein fortruleg måte.

  3. 4 Maria E. Fongen
    februar 24, 2012 ved 6:15 pm

    Flott og sterk askeonsdagspreken! Takk for at du oppfordrer oss så tydelig.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: