13
Feb
12

officium: br Jordanus frå sachsen o.p. (+1237), frå hans «bok om opphavet til preikebrørne» (matutin)

Br Jordan frå Sachsen var ein av dei fyrste brørne og forgrunnsfigurane i St Dominikus» orden, «Ordo Fratrum Prædicatorum» (OP). Det er hans minnedag i dag..

«Ved den guddomlege nådens hjelp tok eg avgjerda om å gå inn ordenen, for eg vurderte det slik at eg hadde funne ein sikker veg til frelse»

Dominikanarordenen, eller «Preikebror-ordenen» som er det offisielle namnet, har forkynninga som sitt særleg kall og formål. Det kan lett bli forstått aktivistisk og som noko på sida av sjølve klosterkallet. Men visdomen i det dominikanske ordenslivet er at det knyter saman formidlinga av Ordet til andre og eins eige, personlege kall. Contemplare et aliis tradere contemplata, lev i kontemplasjon og gje det du har kontemplert vidare til andre, som det heiter i vårt motto.

Heile det dominikanske livet – liturgien, bøna, studiet, askesen, fellesskapen, studiet og forkynninga – er ein veg til Gud for kvar preikebror. Vårt kall er ikkje ein «jobb» ved sidan av livet, men ei retning for heile livet, ei investering av heile personen. Studiar og forkynning utan dei monastiske lovnadane (fatigdom, sølibat, lydnad) og eit liv som svarar til det, ville misse ein dimensjon: at eg peikar på en veg for andre som eg sjølv har valt å gå.

Utan at eg sjølv søkjer frelse, vil eg ikkje kunne formidle henne til andre.

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium: br Jordanus frå sachsen o.p. (+1237), frå hans «bok om opphavet til preikebrørne» (matutin)”


  1. 1 Solveig
    februar 13, 2012 ved 12:24 pm

    problemet for mange av oss andre er at det er altfor mange dimensjonar i livet og altfor mykje ytre interferens (sjølv av det gode slaget), med dei indre stridane det fører med seg og utmattinga med tanke på det å kunne samle seg om vegen (i eintal). Godt då å få møte det «vidarekontemplerte» her. Takk!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: