12
Feb
12

nota bene: snille og slemme

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekasmpen, laurdag 11/2-12…

 

Vi lever i eit samfunn som rosar seg av å vere ope og demokratisk. Dei store minnemarkeringane etter 22. juli var ei veritabel feiring av den norske suksseen, både på det offisielle og det meir uformelle planet. Eit kvart samfunn som sjølv definerer seg som ope og godt, står i fare for å ikkje leggje merke til sitt ekskluderande og aggressive potensiale. Vi er ”innanfor” på vilkår som ikkje alltid er eksplisitte og like lette å leggje merke til. I vårt samfunn  er det opplysingstida som har etablert den dominerande forteljinga” og sjølvforståinga.

Det gjeld også synet på kva religion er, både som saksinnhald og som samfunnsfenomen. I mellomalderen og langt framover var  ordet  ”religion” ukjent som eit generelt samleomgrep for tru og trusførestellingar. Det var ein konkret term for ordens- og klosterliv, og slik blir det stadig brukt i tradisjonelt katolske land, side om side med den moderne bruken. Det var den politiske og moralske filosofien utover i opplysingstida som gjorde ”religion” til ein abstrakt og universell definisjon på alt som ein meinte hadde med kult og trusførestellingar å gjere.  På denne måten kunne ”religionen” hevast opp frå den konkrete, praktisk-politiske sfæren, og i neste omgang setjast på sidelina som tankar, kjensler og devosjonar til fritt bruk i privatlivet. Dette samverkar med dynamikken i den protestantiske reformasjonen, som både gjer trua til ein reint indre affære og banar veg for den verdslege styremakta og borgarskapet sin dominans over kyrkja.

Ved å ta makt over terminologien, har det moderne regimet skaffa seg ein merkelapp som kan heftast på ”dei andre”. Det er dei som er overtruiske, bakstreverske, absoluttistiske og valdelege. ”Vi” er rasjonelle, universelle, tolerante, gode og fredlege. Dermed ser ein ikkje uynskte drag i si eiga framtoning. Ein ser ikkje religiøsiteten, kulten og ikonografien i sine eigne samfunnsformer; i kropps- og velverekulturen, i politiske ideologiar  – og ikkje minst i dyrkinga av det nasjonale og dei nasjonalstatlege verdiane. Om muslimar eller kristne skulle kjempe for si tru, er det fanatisme og ekstremisme; når nokon døyr for fedrelandet eller ”våre verdiar”, er det heroisk. At nasjonale statar har ståande enorme miltære styrkar med eit valdspotensiale utan sidestykke, er sjølsagt og påkrevd; kva slags religiøse institusjonar har noko som i det heile teke kan samanliknast? Når Winston Churchill bombar tyske byar i grus og grav etter at krigen er vunnen, er det for å statuere eit eksempel. Når ”dei andre” viser aggresjon, er det terror.

Religionen krev blind lydnad blir det sagt. Men den strengaste munkeorden blir slapp jamført med det som blir forventa av ein norsk eller amerikansk soldat under kommando. Den truande blir skulda for å godta kadaverdisiplin, medan den militære ofrar seg for Den gode saka.

Heile denne opplesne og vedtekne asymmetrien rettferdiggjer seg ved å ta for gitt at religion er uviktig og uverkeleg, nærast ein illusjon, medan sekulær makt, doktrinar og disiplinar representerer røyndomen. Sjølsagt også fordi den sekulære makta målmedvite og over lang tid har usurpert bit for bit av religiøse institusjonar og konkrete praksisar, som skular og universitet, sosialvesen og helsestell. Til og med Litteraturhuset i Oslo var opphavleg ein lærarskule, starta og driven av indremisjonen.

Gjennom paradar, flaggseremoniar og statshøgtider feirar samfunnet sine mytar og sine verdiar, og fastheld og fremjar dei for sine undersåttar og medlemer.  Slik kan ein oppretthalde biltetet av seg sjølv som positivt, harmonisk og fredsskapande til skilnad frå religionen som berre skaper strid og spetakkel.

I røynda er det i dag ikkje mykje som trugar freden og utviklinga i verda, politisk, sosialt og økologisk, så sterkt som uhemma nasjonalisme, oftast i pardans rundt gullkalven saman med  dei globale kapital- og marknadskreftene. Meir søkjeljos på denne ”verdsreligionen” hadde gjort seg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reklame

4 Svar to “nota bene: snille og slemme”


  1. 1 Bergtora
    februar 13, 2012 ved 10:28 am

    Dette er en veldig god analyse av tingenes tilstand.

  2. 2 andreas
    februar 21, 2012 ved 7:14 pm

    Men er ikke en liknende ekskluderingsmekanisme i gang innenfor kirken også? Det er ikke bare staten «utenfor» som ekskluderer og gjør religion og kirkesamfunn til ikke-eksistens, det skjer også innenfor kirkesammfunnet selv. Stats- og styringsideologien sitter så fast i menneskenes ( nordmenns i alle fall) mentale univers, at kirkens krav på lydighet og troens ubehagelig krav til vår svake natur, nesten intuitivt blir oppfattet som noe forbigått, «slik var det før» og de som hevder noe annet, fryktelig «konservative». Tilbake står en generasjonsbundet og noe gråhåret «kulturkatolisisme» igjen, sterilisert og uten arvtakere.

    • februar 21, 2012 ved 9:37 pm

      Eg trur at den katolske kyrkja har struktur og disiplin til å matche denne marginaliseringa og individualiseringa, viss ho vil. Men – mentaliteten snik seg lett inn, også blant katolikkar, i vår kulturkrins. Kyrkja som ein interessant «klubb» for dei særleg interesserte, og ikkje som ein forpliktande trusfellesskap, lokalt og universelt. Det gjeld både kyrkja som forpliktar ved si undervising og sin sjelesorg, men også den diakonale/sosiale dimensjonen, kjærleikens fellesskap, agape- fellesskapen. Vi har selt kvarandre ut til velferdsstaten og marknaden. Liturgi utan diakoni er etter mitt syn falsk, uasett kor «vakker» han er.

  3. 4 Solveig
    februar 26, 2012 ved 9:23 pm

    Digresjon, men likevel litt relevant: Har vore ute på reise, og på Gardermoen plukka eg opp Oslo Airport Magazine som til mi overrasking var eit temanummer om religion («The Holy Edition» var nummeret kalla). Mykje interessant å lese faktisk, ikkje minst artikkelen om flyplassbønerom rundt omkring i verda og den hjelp det er å få der om ein er i krise, også sjelesorg. Kuriøst faktum; flyet som til einkvar tid har pave Bnedikt ombord har kallesignalet Shephard 1! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: