12
Feb
12

carpe diem:romsa ii..

Her har det gått i eitt; lange møtedagar på karmelittklosteret Totus Tuus  (Heilt Din), så det har vore lite å hente på bloggen. Kjem sterkare tilbake! Vi (liturgikommisjonen) har jobba med nye ritualbøker for den katolske kyrkja i Noreg (omsetjing og tilrettelegging av latinsk original), Rituale Romanum. Dei viktigaste katolske liturgiske bøkene er jo Missale (messeboka), Tidebønene og altså Rituale (dåp, ferming, skriftemål, osv osv), samt salmeboka/hymnarium som er meir eit frittståande tillegg. Missalet og Tidebønene har vore i hamn  ei stund, no er det Rituale som står att i norsk versjon, som ein serie skikkelege bøker og ikkje berre som småhefte og lause ark, slik det har vore lenge. Det endelege resultatet skal godkjennast av Roma før det får offisiell status. Vi har alt  ei messebok til bruk for lefolket under liturgien, og ei bønebok til personleg bruk. Så no hjelper det etterkvart.

Det har vore mildt, men litt tungt vêr her, godt innever, sjølv om vi gjerne skulle hatt klårvêr på rundturen til Malangen og Balsfjord i går, men det var fint, likevel. Eg har vore her mange gonger før og kjenner landet.

Men nettopp difor, på den andre sida, hadde det vore gjevt å få sjå meir av dei storslegne omgjevnadene. For nettopp det store, det vide, det høge, frie og omfattande er det som er dette landskapets nådegåve. Arkitsk aristokratisk.  I dag tidleg letta det på sløret; når eg drog gardinene frå, var skyene borte og himlen klår, om enn med bankar av snøbyger som mørkna til innimellom.

Eg gjorde ferdig homilien/preika til høgmessa i Vår Frue (den katolske domkyrkja) og vandra innover til sentrum. Ned bakkane til torget høyrer eg eit skikkeleg rap av ein stormåse, ein svartbak – og eg kjende at eg er i ein havby, i noko av mitt eige. Ein annan lyd enn dei snille hettemåkane i Frognerparken! Salt sjølukt frå hamna høyrer med. Det er nettopp hamna og hamneområda, med bryggene, sjøhusa og kaiene, som gjer Tromsø. Og skikkelege båtar, fortøydde eller på slipp. Snurparar, linebåtar, trålarar, sjøsterke ferjer; «Harry Olsen», «Nordic Girl», og den slags namn.  🙂

Nei, no skal eg seie farvel til systrene her, før avreise til flyplassen. Skal leggje ut dagens preike og litt til snarast råd.  Ka du trur?


6 Responses to “carpe diem:romsa ii..”


  1. 1 Wenche
    februar 13, 2012 ved 8:21 am

    Eg trur at du kanskje meiner bokmål når du seier norsk. Kor mykje av det du nemner finst på nynorsk? Kva planar har de for å få ting på nynorsk?

    • februar 13, 2012 ved 8:28 am

      Tenkte ikkje spesielt på bokmål/nynorsk med «norskl» akkurat her, men i praksis kjem desse ritualbøkene no på bokmål. Men: Ei eiga nemd – der er òg er med – har nettopp gjort ferdig eit nynorsk missale (utdrag av det fullstendige) slik at messa kan feirast på nynorsk. Vi skal også arbeide ut nynorske rituale for dåp/konfirmasjon, vigsel og gravferd. Missalet /messeboka blir publisert så sanrt vi har fått godkjenning frå Roma. I nynorsknemda sit det ein sunnhordlending, ein valdris, ein gudbrandsdøl og ein sunnmøring, så det bør bli bra.

  2. 3 Wenche
    februar 13, 2012 ved 4:20 pm

    Ja, det bør bli bra! Hald dykk til -a-infinitiv! 🙂

    • februar 13, 2012 ved 5:00 pm

      Ja, det blir a-infinitiv, og grei nynorsk; ikkje Lomheim og ikke Aasen. Skal kunne brukast av nynorske skuleelevar – og samstundes ha ein liturgisk kvalitet. Trur vi har truffe det bra. Nokolunde som 1978-bibelen. Men truleg «me» istaden for «vi».

      • 5 Lars
        februar 15, 2012 ved 5:17 pm

        A-infinitv og «me». Høyrest lovande ut. Hadde de til og med fått med «so» i standen for «så», ville det vera framifrå i mine øyro 🙂

  3. februar 15, 2012 ved 6:20 pm

    «So» blir det nok neppe. So vidt eg skjønar…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: