Arkiv for januar 2012



14
Jan
12

onsdag: 1. vike i det allmenne året, frå «Mot vranlærarane», av den hl Ireneus av Lyon (matutin)

«Det som er usynleg av Sonen, er Faderen, og det som  er synleg av Faderen, er Sonen».

Faderen og Sonen er eitt. Sonen, inkarnert i Jesus Kristus, gjer Gud synleg i verda. I Jesus frå Nasaret ser vi Den usynlege. Den hl Thomas apostel la fingrane i Kristi side og kjende på hans sår. Guds side. Guds sår. Difor braut han ut: «Min Herre og min Gud!».

Å vere kristen, er å tru dette. Grensa går her.

 

10
Jan
12

officium: tysdag, 1. vike i det allmenne året, frå den hl basilios» «Utførlege reglar for klosterlivet» (matutin)

Den hl Basilios (den store, 330-279), ein av dei tre kappadokiarane (den hl Gregor av Nyzza, den hl Gregor av Nazians), biskop av Cæsarea, men også munk. Klosterlivet i austkyrkja fylgjer hans regel…

«Kjærleiken til Gud let seg ikkje læra… Han let seg ikkje læra utanfrå, for samstundes med at det levande vesenet blir danna – mennesket, meiner eg – blir det lagt ned i oss ein kime som gjer at evna til å elska kjem frå oss sjølve».

Når Basilios seier at kjærleiksevna kjem frå oss sjølve, tenkjer han ikkje at ho ikkje kjem frå Gud. Det er vi som har vent oss til å skilje mennesket og Gud frå kvarandre. Alt godt som er i mennesket, ja, alt godt i det heile, kjem frå Gud, Skaparen. Mennesket er eit elskande vesen, pr definisjon. Dette forblir, trass synda og fallet; dei opphever ikkje menneskets vesen, sjølv om  det blir korrumpert og skada.

Kjærleiken til Gud – og menneske – er ikkje noko framandt. Han er det djupaste i oss.

09
Jan
12

officium: måndag, 1. vike i det allmenne året, frå pave Klemens 1s «Brev til Korintarane» (matutin)

Frå i dag tek vi til den «grøne» tida i kyrkjeåret, vi tek til det allmenne året – som held fram til fastetida og tek til att etter pinse. Klemensbrevet høyrer med i «Dei apostoliske fedrene», altså tekster frå den aller fyrste tida etter apostlane. Vi merkjer oss at Klemens, biskop i Roma, skriv eit hyrdebrev til kyrkja i Korint, den same kyrkja som apostelen Paulus skreiv sine «korintarbrev» til ikkje så lenge før. Les vi heile brevet, vil vi sjå at det gjeld dei same problema: mangel på audmjukskap og manglande vilje til lydnad og einskap, i den orden for kyrkja som er sett av Gud. Den korintiske sjølvhevdinga og åndelege «oppblåsinga» har tydelegvis ikkje vore lett å endre. Ein del av brevet er ei stor bøn…

«Du er den einaste velgjerar for åndene og Gud for alt kjøt, du skodar ned i djupet og overvaker det verk mennesket gjer. Du er ein hjelpar for dei som er i fåre, du er ein frelsar for dei som fortviler, du er alle ånders skapar og tilsynsmann».

Det stor trusperspektivet kvelvar seg over pave Klemens» bøn og undervising. Den éine Gud som  held verda i si hand, både den usynlege og den synlege, både englane og oss. Han er nær alle menneske og mennesket kallar på han i indre og ytre naud og fåre.  Her er det ikkje ein lokal stammegud vi møter, men Allherskaren, Panto-krator. Klemens er biskop i Roma, og altså pave; kyrkja er ennå ein minoritet i verda. Og likevel kjenner vi det universelle medvitet, den store høgtida i teksten. Her er det ikkje ein sekt-leiar som uttrykkjer seg, men ein hyrding med omsorg for heilskapen.

Gud  har med alle å gjere – og alle med han.

08
Jan
12

homiletica: Festen for Herrens dåp, St Dominikus krk, Mark 1, 7-11

Kjære kristne!

Vi feirar i dag ein lekk av det som var den opphavlege feiringa av inkarnasjonen, av at Gud blei menneske. Denne sundagen er ein del av Epifania-festen openberringa, tilsynekomsten, manifesteringa av Gud i Kristus. Her ligg ikkje vekta på idyllen i stallen, men på sjølve det teologiske innhaldet i jula: At barnet i krubba er Gud sjølv! Jul er epifani, jul er openberring, jul er forkynning og feiring av at Jesus er HERRE – slik det lyder i den fyrste kristne trusvedkjenninga; heile Credo i fortetta form.

Epifani – det er som eit flomlys over Jesu person, eit ljos som viser oss kven han er. Difor syng kyrkja i ei av sine tidebøner nettopp ved epifania:

-Idag er Brudgommen forenet med Kirken, for i Jordan har Kristus renset den for synd. Vismennene bringer med seg gaver til det kongelige bryllup. Av vann skapes vin til glede for gjestene. Alleluja. (antifon til Sakarjas lovsong)

Og i dag, altså, spesielt ei feiring av Jesu dåp. For det var nettopp ein ’epifani’, ei openberring, av kven Jesus er. Denne mannen frå Nasaret som hadde levd tretti år som ukjend snikkar i heimbyen, men som no kom til Judea og ned til Jordan der Johannes forkynte omvending for folket og døypte menneske som eit teikn på bot. Der Jesus ein dag også gjekk forbi saman med sine fyrste disiplar, og Johannes peika på han og sa: –Sjå, der Guds lam som ber verdsens synd! (Joh 1,29). Det kunne Johannes seie fordi han hadde sett og høyrt det vi feirar i dag:

I det samme [Jesus] stod opp av vannet, så han himlene åpne seg og Ånden senke seg ned over ham som en due, mens det lød en røst fra himmelen: -Du er min Sønn, som jeg har kjær, du har all min yndest!

Og straks etter, står det, dreiv Anden han ut i ørkenen  og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. han heldt til mellom dei ville dyra; englane tente han.

Brør og systre; det er nettopp dette forteljinga om Jesu dåp viser oss: At Jesus er Guds Son, Faderens yndling, dvs eitt med Faderen, ”av same vesen som Faderen”, som det heiter i Credo. Og at han er vår, ja, verda sin Frelsar. Han skulle ikkje berre konfronterast med dei ville dyra, men med sjølve fordervsmaktene: Synda, døden og djevelen. Han overvann dei, så han kunne seie: -Vik frå meg, Satan! For det står skrive: ’Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena’ (Matt 5,10).

Jesus let seg døype som ein syndar, som ein som trong omvending og bot. Ikkje rart at Johannes sa: -Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg? (Matt 3,14). Og Jesus svara: –Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd (v 15).

Med andre ord: Jesus tok på seg våre synder; han gorde til sitt det som ikkje var hans. Ja, apostelen seier, radikalt og nesten rått: –Han som ikkje visste av synd, har [Gud] gjort til synd for oss, så vi skulle verta rettferdige for Gud i han (2 Kor 5,21).

Det som skjedde då Jesus blei døypt, blei fullbyrda og fullført i hans pasjon, i Getsemane, på Golgata. Ja, alt ved  dåpen begynte hans lidingsveg, hans Via Dolorosa.. Jesu dåp – det er hans inniviing, hans ordinasjon, som prest, konge og profet. For oss. Han blei døypt til oss; vi blir døypte til han.

Kjære vener! Alt dette opnar seg for oss berre dersom ”himlane opnar seg” over oss og over livet vårt, slik dei opna seg over Jesus. Slik at vi ser livet vårt, ja, heile verda, i ljos av den usynlege verda, i  ljos av nåden. Er det ikkje det største bedraget av alle at nådens ljos er blitt avskjerma frå menneskelivet i dag? At himlen er blitt stengd over livet vårt? At det evige perspektivet er blitt borte? Då blir livet berre ein serie hendingar frå vogge til grav. Men menneskelivet har større dimensjonar enn som så. Det er eit drama av evig karakter. Det kan berre forståast som eit samspel med Guds nåde.

Difor feirar vi i dag ikkje berre Jesus, men mennesket. Ikkje berre Jesu epifani, men vår eigen. Ikkje berre Jesu dåp, men vår eigen. Å, måtte mennesket igjen kome til syne i sitt fulle alvor, i alle sine dimesjonar! Det kan vere mange grunnar til å fortvile over mennesket og over den menneskelege verda. Men Gud har teke alt på seg! Og det er det vi feirar i dag:

Han tar alt mitt – eg får alt hans. Slik at eg kan høyre Guds røyst, også til meg, om meg: -Du har all min yndest!

Brør og systre; er det noko menneske lengtar etter å høyre no, er det nettopp det!

08
Jan
12

nota bene: Krisa i krisene

Fyrst publisert i Signert, Klassekampen, laurdag 7/1-12…

Nyttårstid er krisetid, fordi ’krise’ tyder dom, og ved årsskiftet går vi gjerne i rette med oss sjølve, både personleg og samfunnsmessig.  Det er god grunn til særleg å merkje seg dei krisene vi ikkje minst må takle i året og tida som ventar; den finansielle krisa, økokrisa og den skeive fordelinga av godar og resursar i verda. Alt ihop slikt som også heng saman med  dei politiske krisene og omveltingane, som i Midtausten og den arabiske verda. Nært knytt til dette er også utfordringane med innvandring, med kulturelle motsetningar og spenningar.

Det er lett å misse motet når vi ser ein slik bratt vegg reise seg framfor oss.  Eg trur dette fører til eit indre samanbrot i sjølve trua på politisk arbeid og politiske løysingar. Dette er ein fåre det er lett å fortrengje med dess meir snakk og politisk retorikk.  Enn så lenge kan alt sigle  vidare som før i eit land som Noreg, fordi vi er ovanpå økonomisk og kan kjøpe oss frå problema, med stor  offentleg sektor og høgt privat forbruk. Men vi veit at det rumlar i undergrunnen og at heller ikkje Noreg kan forbli ei priviligert paradisøy for alltid. Verda vil innhente oss.

Den politiske impotensen kjem ikkje minst av at sambandet mellom  personleg og politisk praksis  er blitt svekka. Noko som er særleg lagnadsvangert for venstresida. Her har den samfunnsmessige idealismen stått sterkt,  og det er den som no er i krise. Når alt kjem til alt, er det ikkje sosialisme, enn seie kommunisme, som har sigra, men kapitalisme og liberalisme.   Dei politiske aktivistane og den intellektuelle baktroppen er alle bakte inn i den store norske pizzaen, med høge inntekter og stort forbruk. I den kapitalistiske leiken må alle henge med.

Her har venstresida blitt bytte for eige grep, fordi ein så lenge har insistert på at det er den politiske og ikkje den individuelle etikken som tel. Ein har gløymt at innsatsen for samfunnsmessig rettferd tidlegare har hatt ein basis i den daglege praksisen. Å kjempe for rettferd, forpliktar. Når avstanden mellom politiske idear og eigen livsførsel blir for stor, tærer det fyrst på sjøltillten og så på den generelle politiske tilliten. Utan denne tilliten blir politikken nettopp redusert til impotent prat.

I den grad venstresida har ein visjon for personleg praksis og livsstil i dag, er det dessverre langt på veg den motsette av det som trengs. Visjonen er einsidig informert av nedslitt kultradikalisme. Individuell frigjering og livsnyting står i fokus, med polemikk mot alt som smakar av forsaking og askese.  I ein samfunns- og kultursituasjon der dei fleste tabu er brotne, verkar det meir som stagnasjon enn som provokasjon.  Det artar seg mest som eit langdrygt ekko av Opplysingstida sin arrogante religionskritikk og freistnad på å fordrive eit kristent og religiøst etos med den heidenske antikkens hedonisme og libertinisme.

I ein kultur som vår er det difor nesten umogeleg å formulere eit positivt fattigdomsideal. Norsk protestantisk puritanisme kan gjere nytten eit stykke på veg, men når det kjem til stykket, er det rikdomsidealet som ligg under, der også.  Du skal vere nøysam – for å bli rik, for å lukkast.  Idealet om det enkle livet kan sjølsagt missbrukast som eit middel for å halde folk nede i uverdige livstilhøve

Den evangeliske fattigdomen, slik du finn han i Jesu Bergpreike,  er annleis. Han handlar om indre frigjering og om ikkje å sluke resursar som tilkjem andre, anten det gjeld menneske eller naturen og livet som omgjev oss.  Det er ikkje Kalvins, men Frans av Assisis veg, kunne vi seie.  Det gjeld å ikkje oppta større plass i verda enn du treng, å ha plass for andre. Du må lære deg den livsforenklinga som må til for å kunne utvikle større solidartitet og eit samfunn som har andre målestavar enn konstant økonomisk vekst og materielt forbruk.

Utan indre forankring og forpliktande  praksis, vil den politiske dynamikken døy ut.  På høgresida må ein ta den same utfordringa: Å bryte mammons makt. Ein fornyar ikkje poltikken med uhemma økonomisk liberalisme, berre kompensert med meir ”lov og orden”-regime når det røyner på.

Det grenselause mennesket. Det er krisa i krisene.

07
Jan
12

carpe diem: vilnius, good bye

På flyplassen. Greit gjennom kontrollen. Flight til Riga 1705, litt venting der, og så til Oslo. I dag var det berre roleg avslutning av Dacia-dagane. Etter Laudes og frukost skreiv eg preika til morgondagen i St Dominikus, om Jesu dåp.  Sol frå klår himmel, kjøleg og eit lite snølag då br Haavar og eg rusla ein tur i området. No skal tankane legge seg litt så vi får perspektiv på livet og tenesta vidare. Det blir kanskje omorganisering med mindre tilknyting til Frankrike, men meir internt i Skandinava og kanskje saman med dei baltiske landa.

Alt står og fell med om unge menneske vil gå inn i dette kallet. I dag er det å ta den franske kulturen og det franske språket fjernare og ein høgre terskel enn tidlegare.  Den skandinaviske kulturen er i dag meir enn før ein del av den anglo-amerikanske. Dette vil vi måtte ta omsyn til når det gjeld rekruttering og utdanning.

06
Jan
12

carpe diem: vilnius iii

I går var vi ute av huset (presteseminaret) her, på visitt i sjølve Vilnius. Det blei ei intererssant vandring gjennom det gamle bysenteret, som er fint restaurert og stasleg. Dette var jo hovudstad i eit stort rike eingong. Merka meg ikkje minst dei mange kyrkjene i byen, tett som i Roma, nesten. Vi var fyrst innom den (einaste) gotiske kyrkja til fransiskanarane (som her heiter «bernhardinarar», etter ein reformator, Bernhard av Sienna). Ho er blitt fornya og er mykje besøkt, av turistar, men også som eit åndeleg sentrum.

Lenger opp i gatene – og vi passerte russisk-ortodokse kyrkjer med gylne tårn og kuplar; og restaurantar, butikkar og kunstgalleri – var vi innom ei tidlegare dominikanarkyrkje ( i si tid hadde vi fleire kloster her i byen) med eit lite kapell som dannar ein portal over gata med eit svært Maria-ikon. Heile tida folk på kne i bøn, ein stille straum.  Vi kom til slutt til vårt eige kloster, med ei kyrkje  i barokk-stil , som dei fleste kyrkjene her. Kyrkja hadde under kommunismen, heilt til slutten av 1980-åra, vore brukt til alt anna enn gudshus. I fremste delen var det lokale for operaen, i den midtre var det lager for poteter, gulrøter og andre jordbruksprodukt, og bakarst dreiv ein oppaling av rådyr (!) som også brukte klosterhagen som beitemark. Dei tilstøytande klosterbygningane hadde vore hospital og var fullstendig forsarva og nedslitte. Det hadde òg kyrkja vore, sjølsagt, men brørne hadde greidd å rydde og gjenoppette henne ein god del så ho kunne nyttast igjen. Vi kom til dagens messe og konselebrerete saman med våre litauiske medbrør – og det var sikkert over hundre andre tilstades, midt på dag ein vanleg fredag i byen. Oppvarminga er null, så frostrøyken stod or munnen når vi song.

Etter messa var det middag; nydeleg, varm suppe, kålrulettar og salat. Kaffi i fellesroma i andre etasje etterpå. Brørne har også greidd å fikse opp deler av klosteret, så det var ei stilig, koseleg og unkarsleg bohemstemning over det heile, med bokhyller, datamaskinar, strykefjøler og diverse i dei lange gangane med vakkert bua kvelv. Gamal og ny tid i beste blanding!

Som i byen elles, var det også ei blanding på klosterområdet av nedslitne og forfalne bygningar – og nybygg og utbetring. Det går seg til, men mitt inntrykk av folk her er at dei ikkje er så pusha og urolege som nordmennene. Noko solid og forankra, noko både alvorleg og venleg… På ei av bruene over den breie elva gjennom byen står det enno att nokre stalinistiske statuar: idealiserte, sunne/kjekke/sterke/smilande menn, kvinner og soldatar. Som etterglans av ei slokna sol.

Skulle gjerne vore ein tur ut på landsbygda her. Neste gong, om Gud vil. Vi kjem truleg til å byggje ut fellesskapen og samarbeidet med dominikanarbrørne her borte.  Verda er større enn Vestfold…

03
Jan
12

carpe diem: Vilnius ii

Prestesemniaret her vi bur, er svært. Solide, moderne bygningar, litt kaserne, litt kloster, litt skule.  Det ligg, så vidt eg har funne ut, i ein nokså moderne bydel med små blokker og rekkehus. Firefeltsvegen som passerer her, er traffikert av ein heilt oppdatert bilpark. Alt tyder på at Litauen har vore i rask utvikling som eit normalt europeisk land dei siste åra.

I dag var det føredrag ved to av dei lokale dominikanarbrørne – om dei baltiske landa, særleg kyrkjelege tilhøve. Estland og Latvia har vore mest russifiserte, Litauen mest etnisk einskapleg. Litauen er også eit eintydig katolsk land, mens Estland er mest luthersk (nominelt) og Latvia fifty-fifty luthersk/katolsk. Med ein ganske stor prosent ortodokse, sjølsagt, i alle dei tre nasjonane.

Eg merka meg særleg det broren sa om generasjonsskilnadene her i Litauen:  Mellomgenerasjonen (40 -70 år ca) er den mest religiøst indifferente; den generasjonen som blei mest påverka av det harde ateistiske regimet. Det har sett sine spor. Dei eldre, som fekk si oppseding før kommunismen, har overlevert trua, ikkje minst bestemødrene! Og dei heilt unge syner ei stadig stigande interesse og opning for trua.  Trass alle ulikskapar, liknar det faktisk på situasjonen heime, og i dei fleste vestlege samfunna. Mellomgenerasjonen – the lost generation. Så eg spør meg stundom kvifor kyrkjene mange stader er så fikserte på å tekkjast den? Det er ein generasjon som lenge nok har sett dagsorden for alt og alle rundt seg.

La dei vere i fred, til dei opnar seg, seier eg…

02
Jan
12

carpe diem: vilnius i

No Vilnius. Litauen. Etter at eg i går sat heile dagen på ekspressbussen frå Stranda via Stryn, Grotli og Ottadalen til Oslo. Pause på Kvam, stopp i Lillehammer, og så fullstendig stopp pga endelaus kø frå Hamar nesten til Minnesund. Alle som skulle heim frå hytta på Hafjell til Nordstrand, Ullern og Bærum… Heldigvis løsna det etterkvart så dei siste mila susa vi inn til Oslo. Rett nok halvanna time forseinka og etter siste Tbane- avgang, så eg trakka meg gjennom nattstill by med sekken over skuldra og kom ikkje til køys før klokka to.

Nokre timars søvn , så pakke og kome seg avgarde til Gardermoen, saman med br Jon Atle og br Haavar. Dei andre var farne i førevegen. BrHaavar hadde gløymt passet og det blei litt panikk i leiren, men vi fiksa det og kom oss på flyet. Som tok berre vel ein time til Riga der det var transit til Vilnius, ein halvtimes flight unna.

Fyrste gong i Balticum for min del. Så fjernt, fordi det i heile min oppvekst var stengt inne i Sovjetunionen. Og likevel så nært!  Vêret her no om lag som heime, men med ein ekstra sur vind innover frå dei uendelege ukrainske sletttene. Vi er innlosjerte på det store nye presteseminaret i utkanten av byen; vårt eige kloster ligg i sentrum (med ei gamal barokk-kyrkje som var lager og hestestall under kommunismen!), men for lite til å hyse alle gjestene. Vi skal til sentrum og til klosteret på torsdag.

Det blir nok lite tid til den daglege «Officium»-medtasjonen denne vika. Men eg skal fortelje litt om ymse anna etterkvart, reknar eg med.

01
Jan
12

carpe diem: ad undas..

…ned gjennom Gudsbrandsdalen på retur til Oslo. Bussavgang frå Stranda kl 13, no pause på Sinclair-kroa, på Kvam. Greitt og framkommeleg vêr og føre over Strynefjellet.

I morgon er det rett vidare. Heile kommuniteten drar til eit fellesmøte for dominikanarar i Norden og Balticum. Vi skal vere i Vilnius, Litauen. Tilbake laurdag 7, God willing.




kategoriar