31
Jan
12

officium: tysdag, 4. vike i det allmenne året, frå boka «Mot vranglærarane», av den hl Ireneus av Lyon (matutin)

Ordet blei menneske, og ein son av menneske  blei Guds Son for at mennesket skulle kunna ta Ordet opp i seg og adopterast som Guds son».

Mennesket er kalla til å bli eitt med Gud, til å bli guddomleggjort og oppnå udøyelegdom, med kropp og sjel. Det er Ireneus» store tema, slik det er det for kyrkjefedrene i det heile. Ja, det er sjølve målet med heile frelsesverket.

Difor må Gud bli eitt med oss, slik han blir det i Ordets inkarnasjon og forløysingsgjerning. Han får det som er vårt, vi får det som er hans. Dette er Ireneus» evangeliske «logikk».  Menneskets vesen og mål  kan berre forståast og verkeleggjerast fullt ut i Gud.

Det blir meir og meir viktig å seie det så tydeleg.


1 Response to “officium: tysdag, 4. vike i det allmenne året, frå boka «Mot vranglærarane», av den hl Ireneus av Lyon (matutin)”


  1. 1 Solveig
    februar 1, 2012 ved 7:43 am

    «Ordet blei kjøt». Når mange intellektuelle ikkje ein gong godtek at vår eiga bevissthet (unnskyld bokmålsordet) og dermed våre eigne ord er kjøt, men oppfattar ho som eit epifenomen – som noko som eigentleg ikkje eksisterer men er ein illusjon, er den bodskapen desto vanskelegare – og viktigare – å formidle 😦 Ikkje berre Gud forsvinn for eit slikt blikk, men også vi sjølve. Reductio ad absurdum!
    Fint at du også fekk bra ver under opphaldet her i byen. Det er no vinteren er på sitt beste! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: