…til Oslo. Dro frå Trondheim kl 1525, etter avslutta konferanse ved lunsjtid i dag. Sol, stille og kaldt i Trondheimen, også. I går ettermiddag vitja eg Theodor With (som eg vigde i ektskap for nokre år sidan); lang prat og fin tur bortover høgdene ovanfor Singsaker, ut mot fjorden. Deretter kveldsmesse i St Olav, saman med p Olav Müller – imponerande oppegåande i sin høge alder! Så kveldsarrangement på konferansen.
Kortversjonen av oppsummeringa er at eg personleg syns eg fekk (uventa) gjennomslag for kritikken av «folkekyrkje»-ideologien, både i smb med «22.juli» og generelt. Særleg dei yngre «teoLOgene» var opne og spørjande. Mitt inntrykk er at landskapet i Den norske kyrkja er ope – både på ein uheldig måte som ei teologisk, ordningsmessig, liturgisk og åndeleg identiteskrise, og samtidig slik at ein merkar ei søkjande haldning.
Eg meiner vi som katolsk kyrkje har eit ekumenisk bidrag å yte – på ein positiv og balansert måte. Og eg er ei røynsle rikare.
0 Responses to “carpe diem: på skinner…”