29
Jan
12

officium: 28. jan, festen for den hl Thomas Aquinas OP (+1274), frå ei førelesing over Apostolicum (matutin)

Den hl Thomas Aquinas var dominikanar/preikebror; tradisjonelt ansett som  kyrkja sin normalteolog….

«Kvifor var det naudsynt at Guds Son leid for oss? Det var særs naudsynt. og vi kan gje to årsaker til det: For det fyrste for å gje oss eit botemiddel mot synda, for det andre for å gje oss ein modell og handle etter».

Dei store tematikkane i kristentrua er utvikla gjennom historia og overleveringa frå apostolisk tid og fram gjennom oldkyrkja, inn i mellomalderen. Så òg med trua på Jesu død som ein soningsdød, «eit botemiddel mot synda».  Mange har lett for å tenkje at dette var noko som blei eit viktig tema fyrst ved Reformasjonen. Slik tenkjer ein på båe sider av konfesjonsgrensa, i land der den katolske kyrkja er minoritet.

Thomas er meir enn den intellektualistiske skolastikaren vi ofte forbind han med. Han var fyrst og fremst ein teolog og filosof som fører mange straumar saman i eitt, samla, løp. Inn i det katolske, det omfattande: Skrifta, nyplatonisme (Dionysios Areopagiten), Augustin, Aristoteles.

I sentrum står Kristus og hans frelsesverk.

 

 


0 Responses to “officium: 28. jan, festen for den hl Thomas Aquinas OP (+1274), frå ei førelesing over Apostolicum (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: