27
Jan
12

officium: 26. jan, den hl Eystein, erkebiskop av Nidaros (+1188), frå «Passio Olavi» (matutin)

«Medan eg tala, vaks kreftene, og heilt uventa heldt eg ei lang preike, som vanleg…»

Førestellinga om at katolske preiker alltid skal vere korte og lette, er ein seig myte. Biskop Eystein syner seg her som ein verkeleg biskop, ein medlem i den eigentlege ordo prædicatorum, episkopatet. Ein biskop er – som etterfylgjar av apostlane  – nettopp ein predikant. Eystein var også ein sterk representant for den kyrkjelege fornyingsrørsla på 1100-talet og framover, Libertas Ecclesiæ, gregorianismen.  Den norske katolske kyrkja fekk ein høg profil i og med oppretting av erkesetet i Nidaros.

Episoden det her er vist til, er biskopens fall frå eit byggestilas på domkyrkja, sjølve Olsokdagen. På den heilage Olav konges forbøn blei han lækt frå skadene; fyrst så pass at han kunne kreke seg med i prosesjonen og messa og halde si preike, og så gradvis bli betre til han blei heilt frisk.


0 Responses to “officium: 26. jan, den hl Eystein, erkebiskop av Nidaros (+1188), frå «Passio Olavi» (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: