27
Jan
12

«Kva mennesket er, kva for adelskap som ligg i vår natur, kva kraft det levande menneske kan eige,har Paulus vist framfor alle».

Sjeldan tenkjer vi over for ein enorm innverknad apostelen Paulus har hatt på verda og historia. Menneskeleg tala, var det han som gjorde at kyrkja ikkje forblei ei sekt innan jødedomen, slik ho fyrst blei oppfatta. Han opna, teologisk og apostolisk, opp døra til det universelle ved Jesu messianske gjerning og i kyrkja sin misjon.

Det universelle er ikkje berre eit abstrakt prinsipp, slik ein har prøvd å hevde det i moderniteten etter Opplysingstida. Det er ein røyndom fordi alt og alle er skapt av den éine Gud og fordi Kristus har gjenløyst og forbrødra heile menneskeætta og gjeve oss den universelle/katolske fellsesskapen som er kyrkja.

Paulus blei omvend på sin Damuskus-veg – han blei eit nytt menneske, fekk ei ny retning, eit nytt oppdrag. Forfylgjaren blei apostel. Men Gud brukte nettopp dei gåvene og den personlegdomen han hadde hatt som Saulus: Hans  iver, hans intellektuelle og kulturelle skulering  – som jødisk teolog, som romersk verdsborgar, som kjend med den antikke filosofien. Han kunne opptre i synagogen, i keisarlege fora og på Atens Areopagos. Herrens «Mr Crossover»!

Han var også mystikar. Han blei slått til jorda og blenda av han som er Ljos av Ljos og Gud av Gud, og reist opp til ei fullstendig overgjeving til han. Han døydde og stod opp, han blei eitt med Kristus, så han kunne seie; –Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg; og: – For meg er livet Kristus, og døden ei vinning, og: -Eg er blitt alt for alle.

 


0 Responses to “”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: