22
Jan
12

carpe diem: dominica, herrens dag.

Sundagssola skin øvst på tårnet i klosterkyrkja, midt i mot vindauget i cella mi. Sundag morgon, den beste tida i vika. Slik har det alltid vore for meg. Dagen då «menneskeverda» må dra seg attende. Den heilage dagen set ei grense for krav og forventingar, for «problem», ’tiltak» og kloke trivialitetar, for inngrodd pessimisme og andpusten optimisme. Ingen kommitemøte eller brainstormar. Fred i dag.

Til overmål har himlen klårna etter snøfokk og lågt skydekke eit par dagar. Rein dag, med lett snø. Dei enorme, nakne asketrea i hagen står høgtidlege «på stedet hvil», vaktar mi borg.

Laudes (morgonbøna) sundag morgon -litt seinare og litt vaknare enn på kvardagane – er fylt av glede, av overskot. Laudes, særleg sundag, er å sameine  seg med Guds skaparverk, å fornye venskapen med alt som er, å overvinne den djupe framandgjeringa som fylgjer den menneskelege eksistensen, både i høve til naturen og til det sosiale livet. Som eit laug i friskt vatn, som eit bad av ljos, når eg syng i korstolen, saman med brørne:

Lov Herren, alt hans verk… alle hans englar, sol og måne, regn og dogg, eld og varme, doggfall og snøstorm, netter og dagar, de kjelder, alle slags villdyr og bufe, alle menneskeborn, de Herrens prestar, de heilage og audmjuke av hjarta, Ananja, Asarja og Misael – lovsyng og opphøg han i æva!» (utdrag frå Dei tre mennenes song (Dan 3,57ff).

Eller: Hans herlegdom omspenner jord og himmel. Ny kraft og styrke gjev han sitt folk, til ære for alle hans vener, for Israel, det folket som står han nær»(Sal 149).

Ved trua er vi óg Guds Israel. Og får stå han nær.

Stille timar no. Ein klausur i tida. Snart er det høgmessa. Ekklesia, Guds forsamling, med Den oppstadne i sin midte. Omgjevne av jubel.

Åndeleg fattigdom – det er å vere utan sundag.


0 Responses to “carpe diem: dominica, herrens dag.”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: