20
Jan
12

poetica: Vinter

VINTER

 

døyvd blå

er januardagen

når sola berre kviler

på kanten av horisontane

og smyg seg lågt

over åsane

 

nokon har rulla ut

ein kjøleg duk

over alle flater

 

gråe og gotiske

står alleane

og let prosesjonar

av « homo sapiens»

skride til sine

kalde messer

 

nakne er vi

i denne lange timen

mellom død og liv

 

bøye seg under frosthanda

halde ut

    (Oslo, i dag)

9 Responses to “poetica: Vinter”


  1. 1 ak
    januar 20, 2012 ved 7:13 pm

    Takk! En gave, diktet. Landskap åpnes for hver gang det leses. Å se pånytt for hver gang.

  2. 3 Herman
    januar 22, 2012 ved 8:21 am

    Kong Vinter. Guds vinter..

    Hilsen Herman

  3. 5 Randi
    januar 23, 2012 ved 2:05 pm

    Syns du er litt dyster….»halde ut»….eller lengter du etter våren? Akkurat nå er det jo friskt og deilig ute, syns jeg.Som ikke går på ski engang men koser meg inne med fyr i ovnen og litt vin.Håper du også har det bra.

    • januar 23, 2012 ved 3:04 pm

      Vinteren som metafor har mange dimensjonar; ikkje det dystre, men det strenge er hovudpoenget her. «Halde ut» kan vere både positivt og negativt. Vinteren har sin venleik – og sin leik, men alt i alt er han for meg ein overgang, og eg ser alltid fram til våren, ja! Definitivt.

      🙂

      • 7 Solveig
        januar 25, 2012 ved 11:16 am

        likte dette diktet fordi det trass i, eller kanskje på grunn av, bilda sine maktar å skildre vinteren slik han er. Og det gjer det lettare å halde ut, som også det å nyte kvart eitt minutt den eien dagen er lengre enn den andre. (Takk til versidene på nettet som gir opp tid for soloppgang og -nedgang, og slike sære opplysingar som «dagen er blitt xx minutt lengre sidan vintersolverv»)
        Synes også det strenge i vinteren kan vere vakkert, men det er kaldt og inorganisk.. skrinne vilkår for liv.

  4. januar 25, 2012 ved 1:35 pm

    Nettopp: «kald og inorganisk» . Eg har eit høfleg og korrekt forhold til vinteren; venleg ein sjeldan gong.

    • 9 Solveig
      januar 26, 2012 ved 12:36 pm

      høfleg og korrekt? Elles: kategoren kveldssalme fins, men ikkje vintersalme. Fins det i det heile fine tilgangar til vinteren i salmeform? Her i nord er det jo mange som har ei nærmast religiøs dragning mot arktiske isflater, der det ikkje berre dreier seg om ærefrykten & halde ut-innstillinga (strimen av håp er der) i møte med det eg kalla det inorganiske ved vinteren.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: