18
Jan
12

officium: tysdag, 2. vike i det allmenne året, frå «Antonius» liv» av den hl Athanasios

«Sambygdingane hans og dei lærde mennene i hans omgangskrins, så korleis han levde og kalla han «Guds ven». Dei fyrste helsa han som «son», dei andre som «bror».

Den hl Antonius einebuar, alle munkars far, selde den 800 mål store jordeigedomen han ervde frå foreldra samt ting og tang elles, og gav pengane til dei fattige. I kyrkja, dit han gjekk ofte, hadde han ein dag høyrt lesinga i liturgien frå evangeliet: «Vil du  vera  fullkomen, så gå og  sel det du eig og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!» (Matt 19,21) .

Han levde fyrst som eremitt ikkje langt frå huset til foreldra, så landsbyfolket og grannane visste om han og møtte han. Legg merke til at hans livsform vekte respekt og forståing. Han levde i ein kultur som verdsette det asketiske livet. Den radikale, evangeliske livsforma, særleg det eigedomslause og sølibatære einebuarlivet, hadde sin plass i heilskapen. Munken blei ikkje sett som ein livsfjern raring og samfunnsfiende. Slik det ofte har vore i vår kultur etter Reformasjonen og Opplysingstida med si vekt på det borgarlege livet og den materielle samfunnsnytten.

Til stort tap nettopp for samfunnet.


0 Responses to “officium: tysdag, 2. vike i det allmenne året, frå «Antonius» liv» av den hl Athanasios”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: