16
Jan
12

nota bene: ultralyd

For tida pågår det debatt om offentlig tilbod om ultralyd for alle gravide. Det er tankevekkjande og skræmande. Eg blei glad over å sjå at «Klassekampen» på leiarplass i dag avviser framlegget, nettopp fordi det fører oss endå lenger ut i sorteringssamfunnet. Dette er nye og viktige tonar på venstresida, og kanskje eit varsel om at politikken med uavgrensa fridom for det sjølrealiserande individet ikkje lenger er så sjølsagd «progressiv», men heller ei ekstremform av politisk og etisk liberalisme.

Leiaren av den etiske nemda i Legeforeninga, Trond Markestad, er ute med eit innlegg i Vårt Land der han, modig nok, seier at heile ultralydgreia har med påvising av Downs syndrom å gjere. – Og sjølsagt då med sjansen til å fjerne fosteret. Men det vågar han ikkje å setje ord på. Han skisserer berre dei vala samfunnet må ta, med tanke på å avvege mellom individuell sjølråderett og samfunnets ynskje om moralsk standard og rettferdig fordeling av «helsegoder». Sjøl tek han ikkje stilling. Noko som dessverre er altfor typisk for legestanden; dei ser seg primært som samfunnets lojale funksjonærar og toar sine hender.

Hos Markestad kan det sjå ut som om samfunnet står for etikken mot den individuelle valfridomen. Men: Samfunnet opptrer i desse sakene ikkje som ei konservativ, etisk bremse mot radikal individualisme.  Samfunnet sjøl fremjar aktivt den etiske liberalismen og dispenserer både seg sjøl og dei individuelle borgarane for etiske forpliktingar i høve til det menneskelege embryon (fosteret).  Markestad set rett nok ord på eit smerteleg faktum som det nesten ikkje har vore lov å snakke om: «I dag har fosteret ingen rettigheter bortsett fra at svangerskapsavbrudd etter 12. svangerskapsuke må godkjennes av en abortnemnd.» Konstaterer Legeforeninga.

Eit nytt  menneskesyn gjer seg gjeldande med stadig større kraft i samfunnet vårt, som ei fylgje av logikken i abortlova.  Legeforeninga registrerer dette. Men kva meiner ho eigentleg om det?  Den kyniske nøytraliteten ser ut til å vere leiestjerna der.

Ultrataust.


3 Responses to “nota bene: ultralyd”


  1. 1 solveig
    januar 16, 2012 ved 9:51 pm

    Det er ein underleg debatt. Det er vel slått fast at det knapt er noko medisinsk å hente ved tidleg ultralyd, og då er vel ønsket om det vakse fram i kvinnene sjølv. Las ein stad at kvinner som tek tidleg ultralyd er meir fornøgde i svangerskapet, og det har vel mykje med bandet som knyter seg (endå sterkare) mellom dei og fosteret når dei ser det for første gong. Før 16-18. veke kjenner ein jo ikkje fosterbevegelsane. Kunnskapen om at barnet er der er reint teoretisk. Med ultralyd ser ein individet der inne, ser at det beveger seg og er eit lite menneske. Som mor sjølv til to born som eg «såg» første gong ved ultralyden i 18. veke så har eg kjent på kroppen den sterke kjensla av ømhet mot det lille vesenet ein då føler, og som gjer at ein når ein så begynner å kjenne bevegelse, alt veit sanselig gjennom synet også at det er eit lite barn der. Vil tru at ultralyd også kan gjere det langt vanskelegare å foreta abort – avslutte eit liv. Altså at det kan virke abortforebyggande? men dette er rein synsing frå mi side. Det moralske problemet du tek opp, at nokre tek ultralyd for å utelukke funksjonhemma born er urovekkande, så også kjønnsseleksjonen og den kjønnsubalansen den fører til i land som Kina og India. Reproduksjon som produksjon er farlig, og det ville jo fungere mest effektivt om ein ikkje fekk lov til å sjå barnet. For når ein ser og kjenner fosteret er det blitt til eit barn for den som ber det i seg.

    • januar 17, 2012 ved 8:39 am

      Skjønar tanken – og kjensla – at barnet kjem nærarare, som eit barn, når ein har «sett» det, ved ultralyd. Men: Det er vel ei kjensle og ei røynsle som kan vere der, likevel? Kanskje kjende ein det utan vidare slik før, fordi det var så utenkjeleg at fosteret ikkje var eit menneske? Og: Dersom det er slik at mødre kjenner nærleiken til barnet sterkare ved ultralyd – korleis kan det då vere mogeleg at nokre vel å fjerne barnet? Det blir då ikkje barnets eigen, sjølsagde rett til liv som avgjer om det skal berast fram eller ikkje, men kva slags emosjonell verdi mora tillegg det. Eit nytt menneske kan ikkje vere underlagt vår emosjonelle «synsing», syns eg..

      Så eg meiner at nettopp nærleiken og intimiteten tidleg ultralyd gjev, gjer «vurderinga» av kor vidt fosteret skal berast fram eller avlivast, endå meir grotesk.

      • 3 Solveig
        januar 17, 2012 ved 9:40 am

        enig. Vurderinga blir grotesk i lys av innsikta i at det dreier seg om et lite vesen som alt er så utvikla at det beveger seg rundt, sansar, føler smerte.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: