15
Jan
12

homiletica: 2. sundag i de allmenne året, st dominikus krk, joh 1,35-42

Kjære kristne!

Den fyrste tida i det allmenne liturgiske året som vi no har byrja, mediterer kyrkja på Jesu persons mysterium: Kven er han som vart fødd julenatt? Han som vismennene tilbad? Han som seinare blei døypt i Jordan? Han som gjorde vatn til vin i Kana i Galilea?

Det får vi, slik som hans fyrste vener, vite ved å bli hans disiplar, hans elevar, hans læresveinar. Johannes døypar opnar døra inn i dette store rommet når han seier: – Se, der er Guds lam! Det var ein messiastittel – og ein jøde visste at det stod om Messias i Jesaja-boka:

-Han let ikkje opp sin munn, som lammet dei fører bort til slakting og sauen som teier når han vert klypt, han lèt ikkje opp sin munn  (Jes 53,7).

Når Johannes sa: -Se der, Guds Lam, då visste dei at her er kanskje Herrens lidande tenar, Herrens lidande messias, han som skal gje sitt liv til løyspenge, til sonoffer for folket og for verda.  Nettopp det same skriftordet var det den etiopiske hoffmannen sat i vogna si og grunna på, like etter den fyrste pinsedagen i Jerusalem. Diakonen Filip steig opp i vogna til han, og utfrå dette skriftordet forkynte han evangeliet om Jesus for han (Acta 8,27ff). Brør og systre; vi ser korleis bodskapen om Jesus, om messias,  som Frelsaren, står ved inngangen til trua, ved inngangen til disippelskapen; vi ser kor viktig dette var for kyrkja heilt frå starten. Han er Lammet, han er Forløysaren. ”Han er Frelser min”, syng vi i julesongen.

Ved at denne bodskapen slår inn i Johannes-disiplane, dei to brørne, Simon og Andreas, startar deira disippelvandring med Jesus. Dei går frå ’forløparen’ til messias sjølv, frå ’brudgommens ven’ til brudgommen, frå ’røysta’ til Ordet. Dei blir Jesu disiplar, Jesu læresveinar. Dei blir ikkje ståande å gruble, å lure; ’kanskje vi skal vente til neste anledning?’  Nei, dei fylgde etter han med éin gong. Så skjer det fyrste møtet: Han snur seg, ser dei, og spør: –Hva søker dere?

Det er faktisk akkurat det spørsmålet kyrkja stiller til katekumenane, ja , også til foreldra som kjem med borna til dåp; likeeins til alle som skal gå inn i klosterlivet: –Hva søker dere? Det viser oss at å gå inn i kyrkja, handlar om disippelskap, om ettterfygjing. Å vere kristen, er å vere ein disippel, ein lærling. Det er å søkje Kristus, Messias! Å lære han å kjenne, skjer ikkje gjennom teori, forelesingar og bøker fyrst og fremst,  men gjennom handling, liv og fellesskap. Ein jødisk disippel levde saman med sin rabbi, sin lærar. Difor spør dei: –Rabbi, hvor bor du? For dei skal bu saman med han, leve med han, dele måltid med han, vere under same tak, lytte til hans ord, etterligne hans praksis, gjere som han. Difor seier han: -Kom og se. Og så står det: De kom da med og så hvor han bodde, og ble hos ham den dagen…

Kjære vener! Vegen til trua går ikkje berer gjennom tanken, men gjennom praksis og handling, gjennom kroppen, gjennom blikket, gjennom fellesskapen, gjennom oppbrotet, gjennom ”beredvilligheten”, gjennom det å halde seg klar og parat når Messias kjem gående forbi, som det stod. Vegen til trua går gjennom å lytte og lære. Ikkje lytte slik ein lyttar til ord som berre passerer sinnet, som surrar rundt oss. Nei, å høyre/å lytte i Bibelen, er å skjerpe seg, å fokusere, å innstille heile sitt liv på å motta bodskapen. Det er også grunnen til at katekumenane i oldkyrkja blei kalla ”høyrarar”. Dei som høyrer. Det er også djupt bibelske at det å lytte og det lyde er same ordet.

Det er nettopp det vi høyrde også i forteljinga om Samuel. Straks han høyrde orda: -Samuel, Samuel!, spratt han opp frå søvnen og svara: –Tal, Herre, din tjener hører! Denne grunnleggjande innstillinga, å vere open, parat og lyttande, var med han heile livet og gjorde han til profet, gav orda hans innhald; Herren var med han og lot ikke noen av hans ord falle maktesløse til jorden, høyrde vi.

Brør og systre!

Å finne trua, å bevare trua, å vekse i trua – det kan vi berre ved å bli og forbli disiplar. Ved at vi ikkje har tyngre bagasje i livet enn at vi er klare til rask omsnuing når Herren går forbi, at vi er klare når det lyder: Go gate! Boarding pågår! Ved at vi går dit der Kristus bur, der han dveler: I kyrkja; med messa, med tabernaklet.  Ved at vi lever i den kyrkjelege felleskapen, i Guds folk og familie. Ved at vi – i alt dette – er lydhøyre, lyttar til Ordet, i skriftlesing, undervising, studium og meditasjon; lyttar med heile oss. Slik at det formar vårt liv.  Denne konsentrasjonen på Gud – berre ved å ha den, vil menneske kunne bli Kristus-truande og kunne vedvare å vere det i dag. Jesu spørsmål utfordrar oss heile tida: –Hva søker dere? Kva vil du, eigentleg? Det krev den forfriskande og fornyande askesen som er ei forutsetning for kontemplasjonen, for den betraktande merksemda på Gud.

Slik Jesus sa til ein annan av sine disiplar, til Maria i Betania, der ho sat lyttande ved hans føter:

Eitt er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne! (Luk 10,42)

Alt anna kan du misse.


0 Responses to “homiletica: 2. sundag i de allmenne året, st dominikus krk, joh 1,35-42”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: