09
Jan
12

officium: måndag, 1. vike i det allmenne året, frå pave Klemens 1s «Brev til Korintarane» (matutin)

Frå i dag tek vi til den «grøne» tida i kyrkjeåret, vi tek til det allmenne året – som held fram til fastetida og tek til att etter pinse. Klemensbrevet høyrer med i «Dei apostoliske fedrene», altså tekster frå den aller fyrste tida etter apostlane. Vi merkjer oss at Klemens, biskop i Roma, skriv eit hyrdebrev til kyrkja i Korint, den same kyrkja som apostelen Paulus skreiv sine «korintarbrev» til ikkje så lenge før. Les vi heile brevet, vil vi sjå at det gjeld dei same problema: mangel på audmjukskap og manglande vilje til lydnad og einskap, i den orden for kyrkja som er sett av Gud. Den korintiske sjølvhevdinga og åndelege «oppblåsinga» har tydelegvis ikkje vore lett å endre. Ein del av brevet er ei stor bøn…

«Du er den einaste velgjerar for åndene og Gud for alt kjøt, du skodar ned i djupet og overvaker det verk mennesket gjer. Du er ein hjelpar for dei som er i fåre, du er ein frelsar for dei som fortviler, du er alle ånders skapar og tilsynsmann».

Det stor trusperspektivet kvelvar seg over pave Klemens» bøn og undervising. Den éine Gud som  held verda i si hand, både den usynlege og den synlege, både englane og oss. Han er nær alle menneske og mennesket kallar på han i indre og ytre naud og fåre.  Her er det ikkje ein lokal stammegud vi møter, men Allherskaren, Panto-krator. Klemens er biskop i Roma, og altså pave; kyrkja er ennå ein minoritet i verda. Og likevel kjenner vi det universelle medvitet, den store høgtida i teksten. Her er det ikkje ein sekt-leiar som uttrykkjer seg, men ein hyrding med omsorg for heilskapen.

Gud  har med alle å gjere – og alle med han.


1 Response to “officium: måndag, 1. vike i det allmenne året, frå pave Klemens 1s «Brev til Korintarane» (matutin)”


  1. 1 Solveig
    januar 9, 2012 ved 8:51 pm

    Digresjon: Kvart år arrangerer Musikk og kulturskolen i Trondheim saman med Metodistkirka i byen Klemensdagene som er ei konsertserie som foregår i midten av november i Metodistkirka. Ikkje fordi metodistane er spesielt åndeleg knytta til den heilage Klemens, men fordi det eingong låg ei kirke vigd til Klemens der (sagt av presten sist eg var på konsert der). Det er det eg hittil har knytta namnet Klemens til, protestantisk oppseda som eg er & utan å ha studert kristendom/teologi. må innrømme at eg no måtte sjekke wikipedia for å finne ut meir om Klemens. Han kjente altså Peter! Så lett å gløyme at kirka som utvikla seg var den levande tradisjonen etter dei første apostlane, at lina så har bevega seg framover i tida utan avbrot, som ein bekk


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: