31
Des
11

poetica: nyfødt år

Eit år til

født ut or natta

 

som eit mørkt morsliv

har ho bore det i seg

avla det  det med uvisse

 

vil det leve eller døy?

hate, tvile eller elske?

tru eller forkaste?

 

vende seg mot andre andlet

eller svartne

i sin eigen skugge?

 

alt er mogeleg

for dette året

som eg no lyfter

og  held

 

undrande

bivrande

i mine veike armar

(Stranda, nyttårsnatt 2011/-12)

Reklame

9 Svar to “poetica: nyfødt år”


  1. 1 solveig
    januar 1, 2012 ved 12:18 am

    Takk! i dei lange mørke timane no begynner noko nytt, det er ein god tanke. Året som eit barn, og på himmelen fyrverkerirosene..

    • 2 solveig
      januar 1, 2012 ved 9:06 pm

      ps: leste fleire av dikta dine. Likar spesielt godt dei frå mørke timar og årstider (som November). Og kattekjær som eg er beit eg meg sjølsagt merke i det litt humoristiske diktet der du skriv om det å vere forelska i verda og alt i ho, bortsett frå kattane og kleshengarane frå Frogner. Å få kome nær ein katt kan vere (som) å få ein medfilosoferande ven. Trur til og med desse dyra kan ane «aion» 🙂

  2. januar 1, 2012 ved 12:51 am

    Dette er hittil det mest gripende, rørende &
    gjennomtrengende av de. – Den ydmyke satsen
    i det iblandet undringen for det – kapsler det hele som
    et helstøpt stykke «framifrå» tekstmaterie !

    fortsatt GOD NYTTÅRSNATT på Stranda !

  3. 4 Herman
    januar 1, 2012 ved 1:51 pm

    Godt nytt år, og en fin Mariahøytid i dag!

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: