31
Des
11

officium: 31. desember, frå ei julepreike av den hl Leo den store, pave (matutin)

«Når vi tilbed Frelsarens fødsel, feirar vi òg vårt eige opphav. Kristi fødel er nemleg det kristne folks opphav» .

Kyrkja er ikkje ein menneskeleg organisasjon, skipa for eit godt formål. Ho er Kristi kropp, Guds tempel, Guds folk og Guds familie, ho er Kristi brud, flokken av Kristi læresveinar, ein nasjon vald ut frå alle nasjonar. Kyrkja er nøye knytt til Jesu Kristi mysterium, til hans liv og gjerning, hans forkynning og hans undergjerningar, hans liding, død, oppstode og intronisasjon ved Faderens høgre hand.

Fordi kyrkja består av menneske, har ho ein menneskeleg dimensjon,  med dei synder og manglar som  hefter også ved dei truande her i verda. Men djupet i hennar vesen er hennar einskap med Kristus. Difor kan ho kallast «heilag». Hans liv er hennar liv – i Ordet, i sakramenta, i nådegåvene, i liturgien, i tenester og embete, i diakoni og martyrium. Gjennom- og i alt dette verkar han sjølv.

Stadig spår ein hennar nedgang og undergang  – men ho overlever alle, for Kristi lovnad står ved lag: «Dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne» (Matt 16),og: «Sjå. eg er med dykk alle dagar så lenge  verda står» (Matt 28).

Difor seier eg ved årsskiftet:

Mens verdensriker stiger og de synker/går kirken mot fullkommenhetens vår (Ronald  Fangen).

Reklame

2 Svar to “officium: 31. desember, frå ei julepreike av den hl Leo den store, pave (matutin)”


  1. desember 31, 2011 ved 8:52 pm

    Takk for mange & innholdsrike
    litterære sælebotsgåver på bloggen
    din gjennom 2011

    Håper deg et riktig både nyttig & «nytigt»
    2012 i denne din bloggs forkynnende &
    innsiktsfulle adferd

    GODT NYTT ÅR TIL ARNFINN !!

    NB!
    ( ..venter forøvrig spent på nyttårsdiktet nå fra deg – som har
    vært tradisjon her på bloggen siden den startet.. )


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: